Lars Kinsarvik skreiv eit minneord om Odin Edvart Johansen, og her tek
vi med heile
teksten,
slik det stod i Søndmøre Avis
den 15.1.1909: |
|
Or Minneboki mi Treskjerar Odin Johansen i Ørsta er vandra burt, høyrer eg. Det vart ei lang og saar sjukeseng, dette; Livsvoni tottest arbeida seg fram so att imillom.
Men
so gjekk det tebakers att. Seig var han fulla. Men so udpint var all
livskraft no, at paa slutt laut livet gjeva upp.
Der
stend me. Verdi gjeng sin skjeive gong som ikkje noko var hendt. Men der
stend eit tomrom att etter han Odin. Fyrst i foreldreheimen, der han var
ein god son i huset, den ljose von fyr foreldri som tek te eldest. Alt
dette kjennst so saart! Men der er eit tomrom til: - i det samfunde me
alle lever i. Eg reknar burtgangen hans Odin fyr eit samfundstap. – Fyrr
det er slike ungmenne som er samfundet sine jamne gode bygningsmenn. Og
me trøng kvar einaste ein. Aa mista slike, kjennst og so saart.
Han
Odin Johansen var ein stiltfarande gut, snakka lite men tenkte so mykje
meir. Han var flink arbeidskar, snikkar og treskjerar. Eg hadde han paa
verkstaden min i arbeid i fleire maanar, og kjende meg jamt so trygg i
alt som han Odin fekk med aa gjera; det var jamt so greidt og paalitande
fraaseggjort. Der var noko so stødt og akkurat med han, baade i arbeid
og elles totte eg. Um kveldane kunde ein av og til høyre fløyta hans; ho kunde laata so fint i slike kveldstunder; ein fekk kjensla av sol og sumar i vente; ljose dagar paa stølsvangen, og gjetlegut-liv i skoglidarne. Men fløyta ho tagna; i dei siste 8-9 maanane vart alt so stilt. Vert ljose lyste paa skjukeromet hans.
Farvel Odin Johansen! Gjev at samfundet vaart maa eiga mange slike
trurøkne ungdomar som du! Og ikkje mista dei. Det var ikkje so laga at du skulde faa ofra krafti di til dette livet her. Ja kvifyrr det? – Skulde du hentast til venare heimar, til jolehelg med høgre og ljosare himmel? Me veit ikkje um dette me, som gjeng att her. Men me tru, tru paa eit ævelegt liv.
Og me
veit at du var millom oss, og at me no saknar deg. |
|
->Tilbake til første side | |
![]() |