Odin Edvart Johansen (1885 - 1908)

Han vaks opp i Ørsta, og foreldra hans var skomakar Odin Adolf Johansen (1854-1930) og Elen Severine Pedersdotter Velle (1858 – 1949). Dei fekk borna Sigvart Johan (f. 1883), Odin Edvard (f. 1885, Sofie Kristine (f. 1887), Signy (f. 1894 og Peder Johan (f. 1898). Sigvart Johan døydde i 1892, berre 9 år gamal.

  Den eldste som levde opp av syskena i Johansenfamilien i Ørsta, var Odin Edvart. Det ser ut til at han byrja tidleg som skomakarlærling hos faren, og meininga var truleg at han med tida skulle ta over skomakarverkstaden. Men Odin Edvart hadde interesser og evner litt utanom det vanlege. Han var ein dugande fløytespelar, og han var aktiv i sport og idrott i Ørsta. Særleg i turn, lengdehopp og høgdehopp skilde han seg ut, og Alfred J. Velle fortalde i ein artikkel i Møre-Nytt (31.3.1977) at Odin la opp lista jamhøgt med øvste panna si og der spratt han over «som ein panter». Velle la til at Odin var høgvaksen for den tid å vere.

Det synte seg tidleg at han hadde gode anlegg for teikning, forming og treskjering. I 1903 tok han til på «Snikkar- og treskjerarskulen» som Johannes Bjørdal starta i Ørsta det året. Kurset gjekk over 7 månader og dei heldt til i 2. etasje i det huset som vart kalla «Fyrhuset» eller «Fabrikken», som låg tett ovanfor den gamle bruksbutikken. Det var 15 elevar i det første kullet og dei fekk opplæring i snekring, dreiing, treskjering og teikning. Året etter vart Odin tilsett som assistentlærar (svend) på skulen.

Lars Kinsarvik frå Kinsarvik i Hardanger kom til Ørsta i 1905 der han dreiv ein treskjerarverkstad i 3 år, før han i 1908 flytta til Volda og etablerte ein treskjerarskule der. Då Kinsarvik etablerte skulen i Volda hadde han alt fått årleg statsstipend i nokre år, og departementet ville ikkje gi tilskot til meir enn ein slik skule i Ørsta/Volda. Johannes Bjørdal makta då ikkje å drive skulen sin på berre privat basis med skulepengar. Likevel fekk han etter kvart stats-støtte, men vilkåret var at han måtte flytte til eit anna distrikt. I 1916/17 flytta han frå Ørsta og etablerte skulen i Bolsøy kommune (i dag en del av Molde).

Odin Edvart kom i lære hos Kinsarvik og arbeidde på verkstaden hans medan han var i Ørsta. Seinare reiste Odin Edvart til Øystese i Hardanger, der han gjekk på treskjerarskulen til Johannes Lofthus (1868 - 1943). Lofthus hadde tidlegare vore elev hos Kinsarvik.

  Odin Edvart som 15-åring.
(omkring 1900) 
  Odin Edvart som 22-åring.
(omkring 1907) 


I 1906 fekk Odin Edvart diplom og sølvmedalje frå Romsdals Amts Landhusholdningsselskap for arbeid han sende inn til Amtudstillingen i Molde det året. Det same året søkte han om reisestipend frå staten og han fekk attestar og anbefaling både frå ordførar Rebbestad i Ørsta og treskjerar Johs. Lofthus i Øystese. Året etter fekk han, etter «Kongl. Resolution av 13 mars», eit reisestipend på kr 150,- (tilsv. om lag kr 10.000,- i dag) og det nytta han til eit opphald i Kristiania (Oslo).

Det er ein tradisjon i familien at han gjekk i lære hjå Gustav Vigeland, men dette kan ikkje dokumenterast. Eit anbefalingsbrev av 3. mai 1907 frå Johs. Lofthus tyder på at han var i kontakt med bilethoggaren Johannes Tvedt som då dreiv gipsmakar-verkstad og modellørforretning i Oslo. Det kan tenkast at han gjekk på treskjerarskulen som Kunstindustrimuseet i Oslo arrangerte på denne tida. Eit moment som talar for dette, er at Lars Kinsarvik hadde vore ein viktig medspelar då denne skulen vart etablert i 1886.

Det kan sjå ut til at Odin Edvart framleis var i Oslo i byrjinga av 1908, men så fekk han den lagnadstunge sjukdomen tuberkulose. Truleg om sumaren 1908 kom han heim til Ørsta. Han hadde nok då forsont seg med lagnaden sin og 20. august skreiv han testamente. Berre 23 år gamal døydde han, den 27. desember 1908.

Mange av gjenstandane han hadde laga, er tekne vare på, og det er ikkje vanskeleg å sjå at han var ein særs dugande treskjerar. Om han hadde fått leve, ville han utan tvil ha gjort seg gjeldande langt utanom heimbygda som kunstnar innan treskjering og formgiving.

  ->Minneord i Ørsta Avis, av Lars Kinsarvik
->Diverse bilete