Hans Petter Brekke (1859-1911)

Hans Petter Brekke var ein norsk journalist, oversetjar og litterat. Han vart fødd 31. desember 1859 på Brekke i Ørsta, og foreldra hans var gardbrukar Hans Henriksen Brekke og Nille Karine Paulsdatter. Han vart konfirmert i Ørsta kyrkje 27. september 1874, og i kyrkjeboka er han ført opp som nr 2, med karakteren "Meget god".
 

To bilete av Hans Petter Brekke.

Det eine er truleg frå konfirmasjonstida. På det andre er han omkring 40 år gammal, truleg datert til ca år 1900.

 

Bileta er henta frå boka «Studenterne fra 1878», utgitt 1902 i Kristiania.



Han fekk si første videregåande utdanning ved «Privat forberedelsesskole for Artianere»  hos sokneprest Erik Olsen i Kvinnherad, der både diktarpresten Anders Hovden og biskop Bernt Støylen var elevar seinare. I 1877 reiste han til Kristiania, der han året etter tok eksamen artium som elev ved Maribogadens Latin- og Realskole (starta i 1857 av Peter Qvam). I 1879 tok han ”andeneksamen” ved universitetet og han studerte seinare språklege og naturvetskapelege fag. Han følgde òg professor Jens Liebleins sine forelesningar i egyptologi. Han titulerte seg seinare som cand. phil. eller kand. filos. Medan han studerte, hadde han truleg særs dårleg økonomi, og i åra 1878 og 1879 var han ofte på besøk i Teatergaten 6, hos sambygdingen Ivar Aasen, der han ved fleire høve fekk låne mindre pengebeløp.

Journalist og skribent Sivert Digernes (om han: sjå eigen artikkel på denne nettstaden) frå Ørsta, kom til Kristiania i 1883. Han og Hans Brekke var syskenborn, og de hadde jamt kontakt med kvarandre, til Sivert døydde i 1900. 

Sumaren 1879 vart han tilsett som medarbeider i redaksjonen for det første norske konversasjonsleksikonet, Norsk Haandlexikon, som kom ut i 1881. Frå hausten 1881 arbeidde han som journalist, først i Dagbladet, seinare i andre aviser, og lengst i Verdens Gang (1868–1923). I perioden 1890-1892 var han korrespondent for Aftonbladet i Stockholm. Han var òg medarbeider i Nordens første billigbokserie: Bibliothek for de tusen Hjem, der han under signaturen «Hans Brekke» omsette mange bøker til norsk, både fra engelsk og fransk, av fleire kjende forfattarar som Herbert Spencer, Guy de Maupassant, Daniel Defoe, Charles Dickens, Émile Zola og andre.

Han var sjølv forfattar av boka "Fuldmagts- og Valgkjendelser af Storthingene 1814-85", som kom ut i 1886 på forlaget Huseby i Kristiania. I 1903 var han redaktør av "Alle", norsk kalender utgitt av Kristiania Journalistklubb.

Hans Brekke var kjend for å vere ein dugande og etterspurt journalist, politisk skribent og referent, men han tok òg del i ymse organisasjonsarbeid i Kristiania. I 1891 vart han vald inn som styremedlem i "Tjenestepigernes særlag". I 1898 var han medlem av direksjonen i "Journalisternes Pensions- og Hjælpeforening". I perioden 1900 til 1902 var han formann i Kristiania Journalistklub, og sumaren 1900 var han på studietur til Paris med stipendium frå journalistklubben.

I 1886 vart Hans Brekke gift med Laura Johanne Nagel (f. 25.6.1860) fra Vestre Aker i Kristiania. Dei hadde ingen barn. Han døydde i Kristiania 10. juni 1911 og vart bisett ved krematoriet på Vestre gravlund. I ein nekrolog som stod i Dagens Nyt (Morgenposten) 12. juni 1911, fekk han mellom anna denne omtalen: ... som Referent hørte Brekke til de første, den norske Presse har havt.

Biografi: sjå "Studenterne fra 1878"


  Bibliografi / nekrolog