Kyrkjegata 33-35

Digerneshuset i Ørsta - Kyrkjegata 33/35
Oppført 1929/1930 av Rasmus Digernes

  Startside

  Historie

  Forretning: Samleriet

  Forretning: Signy Digernes



Flyfoto, omkring 1934 (Foto: Kornberg)

Digerneshuset og Johansenhuset,
fotografert omkring 1950.

...



Historie - korleis huset vart til


Tidleg på 1900-talet gjekk det ein veg frå hovudbruket på Svendsengarden (Mellegarden), på skrå nedover til sjøen og den kaia som vart kalla "Plagå". Vegen var ein viktig veg for garden, tidlegare omtala som "kaivegen" eller "sjøvegen", men seinare kom han til å bli kalla "Dogata".

I juni 1929 var det registrert eit skøyte til Signy Digernes på ei hustomt ved den denne gata, ein parsell av tomta til Odin Johansen, far til Signy. Eigedomen fekk tildelt bruksnr 44 av gard nr 14. Den same hausten vart Digerneshuset bygt, og Rasmus Digernes stod sjølv for både idé og oppføring. Huset vart bygt av ståande tømmerstavar med utvendig liggjande vestlands-kledning. Ørsta Avis skreiv i august 1929 at bygninga «ser ut til å pynte godt upp i lanskapet». Huset vart, og er framleis, eit av dei mest særmerkte i Ørsta, med både tårn og karnapp, og det er ikkje tvil om at Rasmus hadde henta ideane til huset frå tida (1911-1917) då han arbeidde som snekkar og husbyggjar i Amerika.

Huset stend i dag om lag slik som då det vart bygt. Den einaste vesentlege endringa som er blitt gjort, er oppføring i 1976 av eit vindfang ved inngangsdøra på nordsida (privatinngangen). I 2018 vart det innvendig bygt ny, tidsmessig trapp frå andre til tredje høgda. Huset inneheld forretningslokale i 1. etasje og leilighet i 2. og 3. etasje med stove, kjøkken, 2 soverom og bad.

Rasmus førte byggjerekneskap, og det ser ut til at huset kosta nær på kr 16.000 medrekna eigeninnsats og byggekostnadar for åra 1929 og 1930.

I byggjeperioden kom det til ein tvist mellom Rasmus Digernes og næraste grannen som meinte at høgda på huset var ulovleg. Saka vart sendt til fylkesmannen og vidare til departementet, og Rasmus fekk påbod om å stanse arbeidet. Rasmus heldt likevel fram med byggjinga, men endra takhallinga på nordsida slik at rafta vart senka omlag ein halv meter, og difor er huset i dag «skeivt». Det må nemnast at klaga frå grannen ikkje førde fram.

Etter kvart som huset vart ferdig, tok grannane til å lure på korleis Rasmus skulle ordne seg når han skulle på eit "nødvendig ærend". Ved "Dogata" nedanfor huset hadde dei andre utedoa sine, og Rasmus Digernes hadde gløymt å byggje utedo på si tomt! Men det kom snart for ein dag at Rasmus, som ein av dei første i Ørsta, hadde installert nymotens vassklosett i kjellaren på huset sitt! 

 

 
Originalteikningar av Digerneshuset, datert før 1929:
Originalteikning
Fasade mot
søraust.

Fasade mot
Kyrkjegata

 

Rasmus Digernes var fødd i Pålgarden på Digernes i Ørsta. I åra 1911-1917 var han i Amerika der han for det meste arbeidde som «carpenter» dvs snikkar og husbyggjar. Etter at han kom heim i 1917, arbeidde han mykje som husbyggjar i Ørsta og Volda, til han i 1939 starta Kilda Marmorbort på heimegarden på Digernes. I 1921 vart han gift med Signy Johansen, dotter til skomakar Odin Johansen i Ørsta. Ho dreiv si eiga forretning «Signy Digernes». I mange år var ho mykje med i styre og stell i bygda, mellom anna sat ho i tida 1956-1959, som første kvinne i formannskapet for Ørsta.

Amerikaferda til Rasmus Digernes 1911-1917

Biografi om Signy Digernes: sjå Ørstaminne for åra 2015 og 2016.



< Tilbake