Sivert Digernes

Fødd i Ørsta 1866

død i Kristiania 1899.

 

Journalist og skribent i Kristiania 1883 - 1900

 

Innleiing........

Oppvekst.......

Ætta.............

Kristiania 1.....

Lofoten ........

Kristiania 2 ....

Liv og lagnad .

Tida..............

Et Udskud......

En Stril..........

Juleøllet ........

Konkurence....

Illustrasjoner..

Bibliografi....

  6  

Attende i Kristiania

Etter avisartiklane å døme, var han i Lofoten i mars og april og reiste attende til Oslo ein gong tidleg i mai. I eit brev av 28. september 1890 skreiv han  ... min Stilling i ”V.G” atter er blitt noget løsere ... og han vurderte å reise attende til Bergen att for å få seg ein post i Bergens Tidende. Han nemnde og at han kunne kome til å reise ut til Amerika eller et andet Sted. Vi veit lite om korleis han levde dei neste åra og vi ser av brev som systrene skreiv, at dei høyrde lite eller ingen ting frå han på ei stund. Det ser ut til at han hadde det vanskeleg i nokre år, og det var i denne tida at han fekk mindre pengesummar av Ivar Aasen. Men det ser ut til at han vart verande i Kristiania og arbeidde truleg ”på det lause” for ulike aviser.

 

Mot slutten av 1890-talet vart Sivert knytt til avisa Den 17de Mai der Rasmus Steinsvik frå Dalsfjorden i Volda var redaktør. I nekrologen som avisa skreiv om Sivert, fekk han dette ettermælet:

 … Namnet hans er ikkje vide kjent; men det han hev skrive hev vorte lese av mange. …. Det var han som i fjor skreiv slike gode stubbar »Fraa Torget«. Han var ikkje uplærd i landsmaal, men lenge var det ikkje fyrr han skreiv det baade godt og naturlegt…. 

 

I Den 17de Mai for året 1899 finn vi jamnleg små artiklar om torgprisar og opplysningar om tilbod og kvalitet av dei ymse torgvarene i Kristiania. Men inn imellom finn vi og små, stemingsfulle og velforma prosastykker, som ”Torgprat”, ”Torgtankar” og fleire, der torgplassane i Kristiania på den tida er skildra. Vi må kunne våge å tru at det var Sivert som skreiv desse, og vi har teke med nokre av dei nedanfor.

 

Det ser ut til at Sivert ville noko meir enn å vere berre journalist, og frå nekrologane om han, ser vi at han vart rekna som ein særs lovande skribent med lysande utsikter.

Han gjorde nokre freistnader på å skrive prosa, og han fekk i det minste prenta to noveller i Verdens Gang. I juli 1886, berre eit halvt år etter etter at han kom attende til Kristiania, kom  Et Udskud på prent i nr 80 og 83, og eit stykke som han kalla Juleøllet hans Anders Moen kom i julenummeret i 1890. I vekebladet Ny illustreret Tidende nr 15 i 1886 fekk han prenta ei forteljing som han kalla En Stril. I tillegg har vi funne to udaterte, handskrivne manuskript, det eine kalla han ”Konkurence og Kjærlighet – skisse fra gamle dager”, det andre handlar om bondeguten Alf som sjølv ville ut for å studere medan foreldra ville at han skulle ta over farsgarden. Begge desse to siste manuskripta ber preg av å vere skisser og uferdige arbeid.

 

At Sivert var ein dugande skribent ser vi ikkje minst frå dei 15 breva vi har etter han. Alle er til systera Anna Mork, og mykje er sjølvsagt av særs personleg karakter. Han filosoferer både om religion og kjærleik og gjev inntrykk av å vere både innsiktsfull og djuptenkjande, og mange av breva er særs velskrivne.

 

I 1898 fekk han i oppdrag frå eit boktrykkeri om å omsette ein roman, og i eit brev skreiv han at han hadde kome et stykke på veg med dette arbeidet. 

 

 
 
Redigert av Martin Furseth, mars 2012