|
Egil Skallagrimsson og Ljot den Bleike – side 3. |
|
|
Biletet
er frå Möðruvallabók (AM132) blad 88v. Her ser ein at linje 3 skal
lesast slik på norrønt: .. siðan
ok koma i eyna Vors. Ϸar var fagr vollr skamtr
….. (Omsett:
..sidan kom (dei) til øya Vors. Der var ein fager voll nær …) Siste
bokstav i øynamnet = s som er lik med første bokstav i siste ordet
= skamt. Ordet «vollr» inneheld to bokstav «L». Konklusjon: øynamnet må her lesast som: VORS. |
|
|
Øynamnet: Vorl eller Vors Om vi tek for
oss dei norrøne kjeldene til Egilssoga, finn vi at namnet på holmgansøya er
skrive både som Vorl, Vors eller Vòrs (norrønt: ey ϸa er Vors
heitir). Kanskje er det til og med rettare å hevde at øya hadde namnet Vors
(sjå ill. ovanfor) Grunntydinga av
ordet er ikkje direkte definert i ordboka, og det næraste ein kjem er
at det truleg har å gjere med ordet
vor, som vi kjenner att i
nemninga naust-vor. Øya med ein vor!
Dette gir sjølvsagt ikkje noko eintydig namn, men tydinga «Valderøya» fell då
bort! Ei øy med namn Vors (eller Vorl for den saks skuld ) finst ikkje i dag
på Søre Sunnmøre, og holmgangsøya må ha fått eit nytt namn ein gong i tida,
like gjerne Raudøya som noko anna. NB! I ein
islandsk versjon av Egilssoga, Egils Saga Skallagrimssonar, av Vald.
Ásmundarson (Reykjavik 1892 Kapittel 64), er øynamnet skrive side 197 i forma
«Vors»! Vi må tru på
Hans Strøm sin observasjon om at det på hans tid fanst ei gravrøys på
Raudøya, der ein kunne sjå fem steinheller som låg forma som ei lik-kiste.
Arkeolog Per Fett gjorde i 1950 registrering av røysene på Raudøya. Han fann
ikkje spor etter steinkista, men skreiv at røysa visseleg hadde vore høgare,
og søraustre halvparten var blitt køyrt på sjøen. |
|