Egil Skallagrimsson og Ljot den Bleike – side 2

 

 

 

Kan det tenkast andre tolkingar?

I boka Beskrivelse over Fogderiet Søndmør  (trykt i 1766) viste presten Hans Strøm til eit folkeminne her frå regionen, om kjempa Liftur eller Liøtr Bleike, som skal ha blitt gravlagt på Raudøya.  Han hadde òg funne i ein versjon av  Eigil Skallagrims Krønike  der namnet på garden var tyda til Alfheim. Og ikkje nok med det, han hadde fått høyre at på Alme er det Beboernes meget rimelige Meening  at det var der lendmannen Fridgeir hadde budd.

 

 

Ein reknar med at det finst tre «redaksjonar» eller utgåver av dei originale, norrøne handskriftene om Egilssoga. Den viktigast er rekna for å vere A-redaksjonen, som blir kalla Möðruvallabók (sjå biletet til høgre). Heilt frå byrjinga av 1900-talet har det vore drøftingar omkring tolkinga  av viktige detaljar i soga, og det har vist seg at det slett ikkje er så sikkert at gardsnamnet Blindheim er ei rett tyding.  Ein stad blir det gissa på at det like gjerne kunne tydast til «Linheim».

 


Möðruvallabók er eit handskrive manuskript frå 1300-talet,

 som inneheld teksten til 11 islendingesoger.  Manuskriptet er òg kjend

 som AM 132 fol., som er katalognummeret

 i Den arnamagnæanske samlinga.

 

 

Alme eller Almund

Hans Strøm peikte òg på at Alme er nemnt i dei norrøne sogene i ein annan samanheng: i soga om jomsvikingane. I ei  nyare omsetjing av Flatøyboka (A-utgåva) finn ein fjellnamnet Almehammaren (norrønt: à almunnd hamrum),  som truleg var avleitt av gardsnamnet Alme. Dette samsvarer òg med Hans Strøm si tolking, når han foreslår at garden heitte Almund. 

 

Ute på øyane, t.d. Godøya, kalla dei før i tida Liadalsnipa for Solmundnosa eller Salmundnosa, og i Norsk Landboeblad (sjå bilete), er det trykt eit kart og ei teikning av fjellet, der Sivert Aarflot har brukt namnet  Saalmunds-Nasa. Det er dermed nærliggande å tru at Liadalsnipa hadde namn etter Alme-garden, og folk ute på kysten av Sunnmøre, verkeleg kalla fjellet  Almundhammaren!

 

 


Teikning av "Saalmunds-Nasa" - "De Gamles Birkjin"

frå Landboeblad nr 26, i 1810, av Sivert Aarflot.

 

 

 

Med dette byrjar ein å få eit litt anna inntrykk av garden Alme; kanskje var han i eldre tider eit hovdingsete sidan han gav namn både til fjordstranda og til fjellet på den andre sida av fjorden, det mest særmerkte landemerket i regionen? Vi har ofte vandt for å sjå for oss kva som var dei viktigaste og mest sentrale gardane og  områda ved fjordane våre i tidleg mellomalder; krava til ein god gard var nok annleis, då enn no.  I ein artikkel i Møre-Nytt (26.8.2004) blir det vist at Steinnes, og dermed området rundt ytste luten av Ørstafjorden, truleg var eit sentrum i Ørsta, lenge før Vik.  Ein artikkel i «Mi gamle grend», skrift nr 21 2012 (Hovdbygda soge- og velferdslag) peikar på det same og viser at til dømes Steinnes må ha vore ein hovudgard, kanskje til og med ein tingstad.

 

I bygdeboka for Ulstein og Hareid finn vi ingen opplysningar om Alme for tida før 1600-talet, og fornminne er ikkje registrert. Garden ligg i terreng som hallar ned mot fjorden og han var dermed sjølvdrenerande, noko som viktig for ein gard i eldre tider. Han ligg òg solvend og i ly for nordavinden, og kan ha hatt karakter av ein hovudgard og eit lendmannssete.   Hans Strøm karakteriserte garden som ein god gard. 

 

 


Biletet: Frå Raudøya ytst i Ørstafjorden, mot nord, over Rjåneset,

 ser ein her Alme på den andre sida av Vartdalsfjorden.

 

 

 

Folkeminne

Hans Strøm skreiv at han hadde opplysningane sine frå folkeminne i regionen. I ein kommentar  understreka han at det var «Indbyggeres almindelige  Meening» at holmgangen mellom Ljotr og Egil skjedde på Raudøya. Folkeminne må alltid nyttast med stor varsemd, då det som oftast er om lag umogeleg å kunne vite når minna oppstod, og kvar dei skriv seg frå. Vi har registrert at det i regionen finst andre folkeminne om denne holmgangen.

 

På Sætre på Vartdal står «Dysa» - ein om lag 2,35 m høg bautastein på Dysåkeren, på den høge terrassen opp for sjøen. På Vartdal er det tradisjon for at Ljot Bleike budde på Sætre og er gravlagt der.  Alv P. Sætre skreiv i Møre-Nytt i 1984: 

«som liten gut, når me slo rundt bauten sør for Dysa, hugsar eg at far og bestefar tala om at under bauten låg ei kjempe, som Egil Skallagrim tok livet av». 

 

Ein kan ikkje fri seg frå mistanken om at eit slikt minne kan ha sitt opphav frå Hans Strøm si skildring, som gjennom åra vart lese og munnleg ført vidare. Forteljinga vart ikkje gløymd, men kanskje hugsa ein ikkje lenger alle detaljane og korleis ho kom til. Når Hans Strøm derimot viser til innbyggarane si meining så tidleg som i 1760-åra, må ein tru at det heile stiller seg litt annleis.  Det er mindre truleg at folk på den tida var påverka av skriftlege kjelder, og minnet kunne meir pålitande ha blitt overført frå generasjon til generasjon, ikkje minst fordi det var knytt til eit fysisk objekt: gravstaden og stein-kista.  Vi kan ikkje sjå bort frå at folkeminnet som Hans Strøm viser til, inneheld ein kjerne  av sanninga.

 

 

 forrige side

Neste side