Egil Skallagrimsson var ein høvding og skald som levde i vikingtida. Han var fødd på Borg på Island om lag år 910, og døydde om lag år 990. Han er rekna som den fremste av dei norrøne diktarane,  og dei mest kjende kvada av han, er Adalsteinsdråpa, Arinbjørnkvida,  Hovudlausn og Sonatorrek, tillegg til ei mengd andre kvad og mindre dikt (lauseviser). Sjå oversikt på Skaldic Project. 

 

Livet hans er skildra i den islandske ættesoga «Egilssoga», som i nyare tid er prenta i mange versjonar, til dømes sjå  h e r.

 

 

 

Soga (note 1)

Soga om Egil Skallagrimsson, òg kalla Egilssoga, ei av dei mest kjende av alle dei islandske ættesogene, er både spanande og velskriva. Forteljinga som vi her vil sjå nærare på, finn vi i avsnittet:

Egil feller Ljot den Bleike i holmgang. 

 

Der blir det fortalt at Egil var på reise etter å ha vore på vitjing i Trondheim hos kong Håkon Adalsteinsfostre. I Romsdalen  fekk dei seg båtskyss og fór sidan søretter til Møre, og … dei kom til ei øy som heiter Hòd, og fór til gjestings på den garden, som heiter Blindheim. Der budde lendmannen (note 2) Fridgeir  og Gyda, mor hans. Ho var syster til Arinbjørn Toresson, ein stormann og herse i Firdafylke. Egil var ein god ven av Arinbjørn, og truleg kjende han både Fridgeir og Gyda frå før.

 

Då Egil etter nokre dagar, skulle halde fram med ferda sørover, fekk han fortalt om ein holmgangsmann som hadde fridd til syster til Fridgeir. Då han vart avvist, hadde han bode ut Fridgeir til holmgang. Friaren var Ljot Bleike, han var av svensk ætt og hadde kome til landet og vunne seg mykje gods på holmgang. Han skal ha vore ein overlag stor og kraftig kar. Det vart til at Egil var med i fylgjet, då dei morgonen etter drog dit holmgangen skulle haldast, og dei kom då til ei øy som vart kalla Vorl.  Som vi veit, enda det heile med at Egil gjekk til holmgangen, i staden for Fridgeir. Det var Ljot som utfordra Egil; han tykte vel at han hadde større heider av å vinne over Egil, enn den unge og lite stridsvande Fridgeir. Egil gjorde dikt om hendinga, og der nemner han både namet på Fridgeir (Friðgeiri) og Ljot (Ljóti) .

 

 

 

 

 

Det gjekk då slik under holmgangen, at Egil drap Ljot den Bleike, og han nemnde dette i eit av dikta han gjorde:

 

Krigaren som har

gjort seg skuldig

i alt det verste, fall.

Skalden hogg foten av Ljot,

(han) har skaffa Fridgeir fred.

 

På norrønt:

Fell sás flest et illa,

fót hjó skald af Ljóti,

ulfgrennir hefr unnit,

eir veittak Friðgeiri;

 


 

Verken i sogeteksten eller i skalde-kvadet er det sagt noko om kvar helst øya Vorl låg, og heller ikkje kvar helst Ljot vart gravlagt. Det einaste som er nemnt om staden, er at det hende på Møre (á Mœri).

 

Etter som dette hende i styringstida til Håkon Adalsteinsfostre, må holm-gangen ha funne stad ein gong mellom åra 933 til 961, altså for godt over  tusen år sidan. Men vår kjelde til soga vart ikkje nedskriva før omlag 200 år seinare, og mangt kan ha blitt mistolka og hugsa feil. Rett nok støttar soga seg på skaldeversa av Egil Skallagrimsson, noko som gjer soga noko meir pålitande, men detaljar og ordskifte i skildringa er sjølvsagt for det meste tillaga av sogeforfattaren.

 

(I bygdeboka for Borgund og Giske (1957), side 187/188, er det sett fram ein litt annan teori om bakgrunnen for holmgangen.)

 

 

 

Hod og Blindheim

Hod er eit gamalt namn på Hareid, dvs Hareidlandet, men der var ingen gard som heitte Blindheim. På Vigra derimot, fanst truleg ein gard med det namnet; hovudsetet for Blindheimsætta (note 3). Lendmannen Fridgeir var utan tvil av ei stormannsætt, og i den norske omsetjinga av soga, har ein då teke det  for gitt at det var på Vigra han budde. Forklaringa blir då at Egil berre reiste forbi  øya Hod og drog vidare til Vigra.

 

Ein som er litt lokalkjend  på Sunnmøre, vil med ein gong stusse litt over ei slik reiserute;  dei  måtte altså først ha segla rett forbi  Vigra, og då dei kom sør til Hod, måtte dei ha vendt om og segla attende! Men kanskje var sogeskrivaren ukjend med geografien på Sunnmøre, og kort og godt tolka namna feil? 

 

Holmgangsøya  Vorl

Det finst inga øy på Sunnmøre som heiter Vorl. Etter sogeteksten måtte øya ligge nokså nær heimegarden til Fridgeir og ut ifrå ein viss namnelikskap, har det blitt etablert som mest truverdig at Vorl må ha vore eit gamalt namn på Valderøya (vorl liknar på valdr) . I den norrøne ordboka er denne tydinga adoptert fullt ut, og der kan ein lese:  «Vorl er eit øynamn, jfr Valderhaug».

 

Konklusjonen måtte då bli at dei, eller den som først forska på dei gamle kjeldeskriftene og omsette Egilssoga til norsk, gjorde det valet at Blindheim på Vigra var det rette utgangspunktet for ei fullgod forståing av soga.  Ein lendmann og nær slektning av firdahersen Arinbjørn kunne då umogeleg halde til på ein liten, ukjend fjordgard, som til dømes Alme ved Vartdalsfjorden?

 

 

 

 

TIL SIDE 2 Til side 2