Handsaming
av linskjorter |
▫
Bruk aldri klorin på ei
linskjorte |
|
▫
Vask aldri skjorta i
vaskemaskin og bruk aldri tørketrommel |
|
▫
Det er viktig å skylle
godt etter vask |
|
▫
Unngå sentrifugering og
soltørking |
Vasking og reingjering
Skjorta
bør helst vaskast snarast etter ho har vore i bruk. Vask skjorta for hand og
bruk eit nøytralt finvaskemiddel. Vatnet bør ikkje vere varmare enn 60 - 70
gr.C. Skyll i mange vatn, gjerne 5 gonger. Dersom ein slurvar med
skylling, kan skjorta lett gulne. Du må ikkje vri skjorta, men heng henne opp
til drypptørking på ein luftig og skyggefull stad.
Du kan ev. tørke skjorta ved å rulle henne inn i eit
frottehandkle, før du heng henne opp.
For
å behalde kvitfargen på ei skjorte av 18
tr. eller 14 tr. bleika linstoff, kan ein t.d. vaske med OMO eller BLENDA
ved 60-70 gr.C. (Ørstaskjorta er
laga av 18 tr. bleika lin)
For
å halde på den opphavlege fargen på ei skjorte av 12
tr. lin (ikkje så sterkt bleika), må ein ikkje
bruke vaskemiddel som inneheld optiske kvitemiddel eller perborat
(kvitvaskemiddel).
Gni
gjerne skjortekragen inn med litt Sunlight eller Zalo, og vask for hand med
eit finvaskemiddel. Hugs å strekke skjorta etter vask, og gjerne også før
ho skal strykast - skjorta blir då
lettare å stryke.
Bleiking
av skjorte
Fyll
ei
10 liters
bøtte med varmt vatn frå springen (ca. 70-80 gr C.) og tøm i eit målebeger
Biotex Hvitt. Rør godt ut pulveret og legg i skjorta . Lat ho ligge i 4-5
timer. Rør om medan vatnet er varmt, slik at det ikkje blir skjolder. Skyll på
vanleg måte.
For
påteikna skjorte
Slik
fjernar du eventuelle restar av påteikninga:
Legg
skjorta i kaldt vatn (utan såpe) over natta. Ta opp skjorta og la vatnet
renne av, smør litt Zalo på restane av påteikning og la det virke i omlag 1
time.
Vask deretter skjorta som anvist ovanfor. NB! Bruk ikkje syre på linstoff !
Oppbevaring
La
skjorta ligge utan å stryke ho, til neste gang du skal bruke henne. Ho skal
oppbevarast i kvit stoffpose eller handkle, slik at lyset ikkje kjem til.
NB! Ikkje
i plastpose!
Stryking
Dynk
skjorta med kaldt vatn og legg ho i ein rein plastpose i kjøleskapet. Lat ho
ligge slik over ei natt før du stryk ho. Bruk ikkje for varmt strykejarn
(still på bomull), og stryk helst på vranga. Bruk eit mjukt underlag,
for at broderiet ikkje skal strykast flatt.
.
|