Stoff:2 skjørt-stykker, påteikna bord med 9 skjørtroser
Langs
jar-kanten på det eine stykket er påteikna
dei to rosene
til beltet.
Stoffbreidd er
ca. 150cm, sidd etter bestilling.
Livstykke,
vanlegvis 60 cm.
Påteikna roser for
liv- og ryggstykke, lomme og lue.
Kep,
vanlegvis 200 cm stoff.
Av det skal
nyttast ca. 35 cm til bér-stykket.
Raude kanteband
(ull) til liv og kep.
Raudt bomullsstoff
til lommefór.
Baskerlin,
ca 60 cm, til fór i livstykket (ferdig krympa).
Kvite perler.
Skjortelin,
tilklipte stykker med påteikna skulder-roser.
Bordérgarn
i ull og moulinégarn. Sjå fargekart til høgre.
Rettleiing for brodering
og montering.
-
Mønster-rissa på
livstykket er gjort med krit, og er meint berre som ei rettleiing for
plassering av broderiet. Ved montering av bunaden, må mønsteret
tilpassast måla til den som skal ha bunaden.
Rissa bør
tråklast over, då kritstreka blir borte ved handsaming av stoffet.
Stoffet i bunaden er i
100% ull og kan vere i svart eller mørk blå farge. Ullstoff bør dampast
minst mulig, og helst berre på baksida. Bruk ikkje våt, men ein lett
fuktig klut, og stryk forsiktig til kluten er tørr. Vanleg
dampetemperatur for ullstoff er 160 grader C.
Feil som er gjort
under brodering (som oftast stramt broderi) kan ikkje rettast på med
damping!
-
Linstoffet som er
nytta til Ørstaskjorta bør ikkje kokevaskast.
Gjer vel å kontrollere før
brodering vert byrja, at stofftilfanget du har fått utlevert høver
etter måla til den som skal ha bunaden. Vi kan ikkje byte påbyrja
tilfang.