
Boktittel......:
Dina Sletten
Undertittel..:
Den lange reisa til Cordoba.
Boktype......: Biografi (153 sider)
Skriftspråk..: Nynorsk
© Martin Furseth
-
ISBN
978-82-692-853-5-2
Innbinding:
Limfrest, hefta
Boka er gitt
ut med støtte frå Sykkylven sogenemnd.
Dina Sletten (1883 – 1960) Ho vaks opp i Nordhordland,
hennar store interesse var norsk kultur, historie og språk. Ho song folkeviser
og dansa folkedans, var skodespelar og engasjerte seg i barnearbeid i IOGT. I
fleire år var ho aktiv i Bondeungdomslaget i Kristiania, både som dansar og
rettleiar for folkevisedans, ofte i samarbeid med Hulda Garborg. Ho var
gardbrukar i Sykkylven og dreiv kaffistover i Bergen, Stavanger og Kristiania.
I 1941, i ein alder av 57 år, melde ho seg inn i NS, og utan tvil var
hovudgrunnen at ho dermed fekk høve til å bli styrar for eit akademi/høgskule
som skulle gi opplæring i norskdomsfag, særleg med vekt på norsk bondekultur
og folkeviseleik. Eit val som for alltid stempla henne som nazist og som etter
krigen resulterte i ei urimeleg hard straff som landssvikar. I 1947 tok ho det
valet at ho, saman med sin ektefelle Ole Anton Stave og andre i familien,
reiste ut av landet, først til Chile og Brasil, seinare til Argentina. Til
sist budde dei i Cordoba der Dina fekk si einsame grav.
Boka er til salgs hos bokhandlarane (Norli)
og på nettbokhandelen
akademika.no
(tidlegare haugenbok.no)
Prisen er sett til kr 300,-.
|