Amerikaferda

 

Rasmus Digernes

Ørsta 1886-1972

 

   

Innhaldsliste:

 

Innleiining

 

Utferd 1911

 

St John 

 

Dakota 1911

 

Dakota 1912

 

Moose Jaw

 

Montana 1913

 

Montana 1915

 

Heimferd 1917

 

Div. bilete

 

 

 

  

(9)  Heimferda

 

I juni 1917 la Rasmus ut på heimreis. Det kunne vel vere mange grunnar til at han no ville heim til Noreg; heimlengten var nok sterk, men truleg var utviklinga i verdskrigen ein sterkt medverkande årsak. USA hadde gitt opp sin nøytralitetspolitikk og erklært Tyskland krig i april 1917, og landet kom dermed aktivt med i krigshandlingane. Sjølv om Noreg heldt fast ved sin nøytralitets-politikk, var det no aukande fare for at landet kunne kome med i krigen.

 

Det var ei særs usikker og farefull ferd Rasmus la ut på då han gjekk ombord i S/S Kristianiafjord i juli 1917. Tyskland hadde i februar dette året sett i verk att ein nådelaus ubåtkrig mot all skipsfart, og i den første tida vart opp mot ein million tonn senka kvar månad. Den nøytrale skipsfarta vart og sterkt råka, og under den første verdskrigen miste Noreg nær halvparten av handelsflåten på grunn av krigsforlis.

 

 

          Den 21 juli 1917
Skriv dette midt millom Cap Race og Halifax. Skodde og sudvest. Ser ingenting. Redd for Ubaatar er me, og so gjeng dei med myst[1] skip. Det er liten hugnad med aa fara til gamlelandet paa denne maaten.
Gjekk fraa Holter den 16de Juni i fint solskin og med gode voner um ein hugnasam tur. For fra Great Falls den 18de. Stopte 6 timar i Havre. Kom til St. John den 21de um kvelden. Farbror var paa stationen og tok mot meg. Han ser ut stødt som daa eg for til Canada.
Var ein tur til Fisk Lake og vitja Edstrøm. Ein hyggeleg plass aa koma til ei kvar tid. Berre skade at fisken i vatnet skulde dauda ut. Farbror og eg var til Gordon Lake og fiska, fekk 50 porch[2] paa ein time og ein halv.
For fraa St.John den 26de. Kom til Minneapolis kl 7 neste dag. Fann Paul[3] før han var uppe. Kjøpte billetten og gjorde meg ferdig fyrste dagen. So no hev eg ei heil vike aa taka inn byen. Ein fin by Min. og St Paul. Mange fine parkar og vatn in i millom. Og so alle dei gilde sjaaarne. Det var det meste me fordreiv tidi med. Den fjerde juli var me ute saman med andre norskar og feira dagen (on the State Fair Grannds). Norske talar og song.
Um kvelden kl 7 for me fraa Minneapolis, ei heil vogn full av os. Stoppa i Chicago ein times tid. Fraa der hadde me extratog.
Me kom til Washington kl 7 a.m. Skal gaa att kl 11. Var rundt byen. Ein fin fredeleg by, parkar og monument alt yver. Var up i Washingtonmonumentet. Det er 560 fot høgt. Ein hev eit gildt utsyn yver byen fraa der. I den botaniske hagen var og mykje gildt aa skjaa. Kvitehuset er ei svær bygning.
Millom Washington og New York gjekk det fort. Kjøyrde igjennom byar, fabrikkar er det alt yver. Kom til Broklyn kl 5 p.m. So no var eg i verdenstaden og. Her var trafikk og jarnvegar paa gata yver hovudet, og kor mange det er under veit eg ikkje. Tok ferja yver til New York og stopte der um natti.
Tok mest heile dagen med aa koma seg umbord.
For fraa New York kl 4 p.m. Fint veir var det.
Musikken spela og skipi helsa. So snart me kom utanfor vart det skodde. Hev det bra umbord. Rom 360.
Den 9de kl 12, kom me til Halifax. Hamni hev dei stengd her som i New York. Svært alle dei baatar som ligg her, aa ventar paa aa verta slepte ut. Mest Norske. Engelske offiserar og sjøfolk kom umbord og gjeng yver alt dei finn. Vart liggjande her 4 døgn.
Fredag den 13de for me kl 6 etter m.
Skodda er tjukk som graut.
Laurdag. Skodde og surveir.
 

Sundags morgon kl 1/2 5 vakna eg 2 minnuttar før baaten støytte. Ei underleg kjensle ein hev naar baaten støyter paa ein ting, og ein trur ein er langt til havs. Eg trudde sikkert det var eit isfjell eller eit anna farty me hadde rent paa.
Vart glad naar eg kom paa dek i buksa og livbeltet rundt meg, eg saag fjellveggen rett paa sida.
Gjekk nedatt og kledde paa meg, og pakka tyet mitt. Saag det var ingen faare. Mange vart mest som galne. Dei sprang i livbaatane halvnakne. Gjelpte til aa fira mange kvinnor og barn yver rekka i livbaaten. Ja det var eit undarleg skue den sundagsmorgon paa strandi av New Faunland, 7 mil vestanfor Cap Race.

 

  

 

S/S "Kristianiafjord" var på 10625 brutto tonn og 530 fot lang, bygd i 1912-13 hos Cammel, Laird & Co. Ltd. i England. Skipet kunne ta 130 passasjerar på 1.klasse og 1600 på 2. og 3. klasse. Skipinga av Den norske Amerika-linje var sett på som ei stor nasjonal sak, og "Kristianiafjord" var det første skipet til reiarlaget.

Etter 4 års drift, kl. 04.37 om morgonen den 15. juli, gjekk "Kristianiafjord" på grunn ved Fresh Water Point, nær Cape Race, New Foundland. Det var då 868 passasjerar ombord og alle vart sett i land i god behald. Dei første meldingane til Noreg gav gode voner om at skipet kunne bli berga, og så seint som den 24. juli melde avisene at utsiktene til berging var dei beste. Men den 29. juli telegraferte kaptein Hjortdahl til Noreg at sterk vind og høg sjø hadde gjort så stor skade på skipet at vidare bergingsarbeid var fåfengt. Ein del av lasta vart ført i land, men mykje gjekk tapt (mellom anna reisekista til Rasmus Digernes).

 

Aftenposten skreiv 31. juli om forliset: " ... som betegner et nyt smertelig tab for vor handelstonage, og det er med vemod mange vil tænke paa, at man aldrig mere skal se det statelige skib paa havnen her, et skib, der som Amerikalinjens første var noget av et nationalt symbol, da det for 4 aar siden laa her flagsmykket for at gaa sin første tur over Atlanter-havet".

 

 

Vandra rundt der i skodda til kl 2 paa ettermiddagen daa me tok paa vegen til Portugal Cove, næraste jarnvegstation. For derfraa kl 11. Kom til St John's kl 12 neste dagen. Saar var eg i enden daa. Og svolten som ein skrubb. Dei marserte alle kararne uptil the Prinses rink (?), der me sov paa golvet i fire næter. Og dei gav os te, boner og brød og umvent. 3 gonger um dagen. Folket der fekk eg eit godt inntryk av. Snilde og liketil.

Endeleg den 20 kom her ein engelsk jelpekryssar og skal taka os til Halifax. Svenskarne og Finnarne gjorde fælt til kjeft naar dei skulde umbord i eit Engelsk skip. Kl 12 m. for me fraa St.John's. Hadde skodde heile tidi. Med myst skip gjeng me og. Mest halvparten søv paa dekket og i livbaatarne. Eg sov nede i botnen av baaten. Det var ikkje nettup nokon hyggeleg tur.

 

Mandag 23 kl 8 a.m. kom me in fyrste. "Stocholm" laag med kaia og venta paa os. Etter mange trengsler kom me endeleg umbord, so me fekk kveldsmat. God og svolten var eg og.

Neste dagen den 24 kl 1 for me fraa Halifax at. Voner det er siste gongen eg ser denne stad. Tjukk skodde hev me no og.

Den 26 fekk me sjaa soli litegrand. Sidan var det skodde til um morgenen den 1te august. Daa me for forbi Færøyane.

 

No eg skriv dette er me paalag midveg paa Nordsjøen. Aldeles stilt er det og havet er grønt. Nise og kval ser me mange, og maasen fyk rundt baaten. Eit fredelegt billete, mest so eg vil ikkje tru at det er krig i Europa. Fekk høyra i dag at me skal gaa til Gøteborg og før me kan gaa av. Det er harmelegt, men me fær nok gaa med til dei stoppar.

 

Ventar snart aa sjaa dei Norske fjelli. Mange stend fram paa bakken no og stirer.

 

   

 

 

Digernes !

Til Hovdebygd og heimegrend du fer,

og traar kje hit igjen.

Men vel kann henda at du hev

um vetter-tidi her eit svir.

Og gjer du det

so er eg med,

og sigler av

i minne-kav,

I alt er lagt ei solskinsmagt,

og minni vere vern og vakt.

 

Diktaren Olav Sigmundsson Nygard skreiv dette vesle diktet

i minneboka til Rasmus,  på Møre Folkehøgskule 10.4 1908.

(tidlegare prenta i "Vestmannen")


 

[1] myst = mørklagt.

[2] porch = abbor.

[3] Paul Bjørdalsbakke.

 

  

 
 
 
Redigert av Martin Furseth, mars 2012