Amerikaferda

 

Rasmus Digernes

Ørsta 1886-1972

 

   

Innhaldsliste:

 

Innleiining

 

Utferd 1911

 

St John 

 

Dakota 1911

 

Dakota 1912

 

Moose Jaw

 

Montana 1913

 

Montana 1915

 

Heimferd 1917

 

Div. bilete

 

 

 

  

   

(8)   Montana 1915

 

         Febr 3. 1915

Ja no er det snart 1 aar sidan eg kom her. Hev havt baade medgang og motgang.

I det store og heile kan eg vera takksam for god lukke, og god forteneste. Den 13de april fekk eg fingrane mine i hyvlemaskina, laag av for 2 vikor, etter det arbeidde eg som labor[1] for 3 vikor. So arbeidde eg daa til den 16de Aug, daa dei skua meg av den høge brui, og fekk venstre skuldra mi utav led og forderva-sleia. Var i Hospitalet 3 vikor. Og slong i byen 3 til før eg gjekk til arbeids att. Det var berre ei Guds lukke at eg slap fraa det med livet. Fek 150 $ av komp. i skadebot.[2] So eg tapte ikkje so svært mykje pengar paa det.

Idag snøvar det so det hev god mune. Hadde brev fraa farbror. Han grammar seg for daarleg lukke som vanlegt. Han hev myst 3 av hestarne sine, og vaslaus er han. Eg tykkjer aatvere for han, men det er inga raad med det.

Hadde brev fraa Magna for ei stund sidan. Med bod um at bestefar ikkje er meir. Saart aa tenkja paa at eg aldri meir skal sjaa den kjære skikkelsen att. Det vert laakt aa koma heim no. Mor er burte og no bestefar og.

Um lukka er god, dette aaret, so kjem eg til aa vera heime til næste aar. Det er mi von. Fær leva i voni. Dette livet "sutar" meg ikkje.

 

   

 

 

(utdrag av brev datert 23.3.1915)

Eg er som du ser framdeles her paa same stad. Arbeider baade helg og yrke, men endaa gjeng det seint med aa tena pengar tykkjer eg. Mykje vil hava meir, som ordtøkje segjer. Ja det er eit sant ord. Hev no insides arbeid, som er gildt. For um vaaren so er her jamnast ein grand regn og slaps. Ikkje so som det var heime daa. Her er fint veir i Montana. I vinter hev eg arbeidt til kvar dag, og ikkje brukt anna paa hendene en fingervottar av bomull, som me brukar til kvar dag heile aaret rundt. Du ser folk brukar vottar her i landet naar dei skal gjera nokon ting. Her hev vore solskin heile vinteren, so ein kan segja det er solskin baade sumar og vinter. Det er svært faa dagar i aaret ein ikkje ser soli her. I juli og august er her berre litegrand for varmt, det er det einaste som er aat.

 

Me er no 3-4000 mann som arbeider her, so her er ikkje langsomt, i ein maate, men ein vert leid av dette barakkelivet og turen, støtt og stødigt og. Det meste me tækst um no, er kor denne krigen vil ende. Ein og einkvar hev si meining, og ingen veit noko sikkert. Du kan tru ein høyrer menge heite ordskifte her, millom dei som held med den eine eller andre parten. Posten kjem her til kvar dag, so me hev høve til aa fylja vel med. Her er mange som arbeider her, som hev brør og slekt-ninger i krigen. Fleire er her som hev fenge bod um at dei hev myst ein bror og. Kan tenkja meg dei fyl vel med heime og.

 

Ja den krigen det er noko forgale. Du maa helsa Ivar med at han maa skriva meg eit brev at, for det var likt til han fylde vel med um krigen og hadde sine eigne meiningar og. Eg fær vist slutte for i kveld for eg vert sømnig. Rotar gjer eg so og, at du hev vel vondt for aa forstaa, men du fær orsaka, for eg hev slegje spikar i heile dag, og det vert ein noko tunghendt og skjelven av. Gamal vert eg og, snart drengakal.

 

 Ja det er forgale kor tidi gjeng. Hev snart vore her i landet i 4 aar, synest eg er nyst komen her.

 

 

 

(utdrag av brev datert 8.5.1915)

Er framdeles her paa same stad. Hev arbeidt stødigt til denne tid; arbeider no paa insida i kraftstationen, so me slepp aa myssa noko tid for regnvær. Helsa er god, so eg hev all grunn til aa vera takksam.

 

Me er snart ferdig her no. Dei fleste av snikkarane vert nok avlagd denne maanen. Eg er no vel nøgd med kva eg hev fenge av denne "job". Her vert nok arbeid og faa ein kvan staden, voner eg. Det verste er dei betalar so lite i sumar. Lønerne hev gjenge ned svært sidan eg kom her til Mont. Du ser her hev vore streikar og fanteskap bestandigt i det siste. Krigen gjer no sit og.

Hev lose i bladi i kveld, at Lusitania vart sprengd i lufti og, skulde vel helst vera i vatnet.[3] Ja dei tyskarne, ser det ut for, vil ikkje stoppa for nokon ting. Det er fælt aa tenkja paa, at noko slikt kan gaa for seg i vor tid.

Det vert nok so at U.S. vert med i krigen og, til slutt. No ser det so ut, at Kjina og Japan og skal til aa takast. Daa fær dette landet krig paa 3 sider; so det vert nok hardt aa halda seg nautral. Var det ikkje for president Vilson, so hadde me nok havt krig for lenge sidan. Det vert harde tider skal det verta krig. Alt større arbeid vert nok stoppa, men me skal vona det beste til me ser det verste.

 

Kan eg ikkje faa noko aa gjera her, naar eg vert ferdig med dette, so hev eg havt tanke um aa taka ein tur til Seatle. Kan hende eg kan finna tante Anna[4] . Hev ingenting haurt fraa henne paa eit aar. Men ho hev nok same adrs, so ho kan finnast voner eg. Fær eg daa ingenting aa gjera med trearbeid, so kan eg fara til N.Dak i harvest og trusking. Der kan ein altid tena maten, og litt til. Hadde tenkt aa senda heim ein grand pengar snart, men alle ting er so uvist, so eg veit ikkje kva eg kjem til aa gjera. Voner du fekk dei eg sist sende.

 

   

 

 

 

(utdrag av brev datert 27.8.1915)

Eg er her paa same stad, og arbeider, søndag som mandag, utan stopp. Me er snart ferdig no daa. Eg arbeider no med aa vøla paa husi rundt her, som dei skal liva i, som skal vera her, og stella med dette me hev bygt paa so lenge. Dei sender ut kraft no; Elektrisitet, mange hundrede mil.

Eg hev havt brev fraa A. Hovde, sidan eg fekk adrs. hans heimanfraa. Han er her i Montana og. Liver berre vel. Tenkjer me finst snart. Her hev vore fælande heit i det siste, up til 105 grader[5] i skuggen; so du kan tru eg er solturka. Brun som ein indianer. Her er mange av deim rundt her. Hadde nyleg brev fraa Ivar, han er vorten ein heil "skribent"[6]. Fraa farbror hadde eg brev nyleg. Han liver berre vel, er ute paa trusking. Her er krunaar her i landet i aar, som trengst, naar dei skal føda halve verdi.

Eg fær vist slutte for denne gong, for eg hev ingenting meir aa skriva um. Du fær orsaka skrifti og det turre inhaldet. Voner aa faa eit lang(t) svar snart, med mykje nytt, fraa tjukkebygdi. Hels kjenningar.

   

 

         Great Falls 8. febr. 1916
Ja no hev me 1916 og eg er endaa i U.S. Vert vel og heile aaret. Lig her aa venta paa aa faa fara ned paa Holter Dam. Vart ferdig med Big Falls den 1te Desr 1915. Sidan det hev eg flakka vide. Var til Hotsprings, saman med J. Robbeck og Ola Forde. Var nede ved Korwen og Chico[7], Sud av Livingston. Fraa der til Great Falls att, og so til Seattle, for aa treffa kjende og slektningar. Trefte deim "allraith". Men det synest aa vera for det meste fategfolk der ute. Seattle vilde vera gild aa leva i um ein hadde mykje peng. Utan det er ein best faren ved aa halda seg der ifraa.


Trefte tante[8] og alle hennar. Tykjer synd i henne, ho hev for mykje aa takast med. Laurits Hovde[9] og A.Ryste[10] er akkurat dei same som daa dei for. Trefte Paul Bakke[11]. Det var noko eg ikkje tenkte paa.
For med Great Norther ut, og M.S.R. tilbake via Spokane og Butte. Stoppa i Butte ei nat og ein dag. Det er fælt til dump[12]. Ja, no hev eg daa sett meg um ein grand. (Vorte lite rokjen). Det er ingenting i denne reisinga. Berre pengeutlegg. Denne turen kostar meg yver $300,00. Kunde likso godt gaa til gamlelandet, for deim. Det er kva eg skal gjera neste vinter um eg hev til aa legga av.

Fjelli og naturen er ikkje stort aa sjaa for den som er vand til dei Norske fjelli. For fjelli i Rokkimaunten er som sengabud i forhold til stova heime. Berre haugar. Skogen og ser elendig ut. I Vash. er svært fint farmland daa.      Voner eg snart kjem meg herfraa. For eg er lenge sidan leid av dette. Her er ingenting aa fordriva tidi med. Hev vore up aa rent meg paa skjesaa eit par gonger. Men der er ikkje rom nok.
 

   

 

 

[1] labor = labourer; brukt her i tyding: ufaglært arbeidskraft.

[2] Ein dagbok-notat om utbetaling av 25$ i advokathonorar tyder på at han måtte ta seg advokat for å få skadebota.

[3] Amerikabåten "Lusitania" på 31000 reg.tonn vart senka utanfor Irland den 7. mai 1915 av ein tysk ubåt og

     1198 personar omkom. Då var det nok mange som tenkte som Rasmus, at USA no ville gå med i krigen,

      men det skjedde likevel ikkje før 2 år seinare.

 [4] Syster til faren, Anna Petrine Rasmusdtr., f. 1865, utvandra den 11/8 1887. Ho gifte seg med ein nordmann som

      kalla seg Freeman, og dei hadde 5 born, to jenter og tre gutar.

 [5] 105 grader Fahrenheit = 40,5 grader Celsius.

 [6] Rasmus tok ikkje munnen for full her, broren Ivar Digernes tok etter kvart høgare utdanning i språk og vart

      can.mag. Han var seinare kjend både som journalist og omsetjar av russisk litteratur.

      (Sjå "Meddelelser" nr 44/1985: "Ivar Digernes - en kulturformidler mellom Sovjetunionen og Norge" av Martin Nag)

 [7] Dette måtte vere i Yellowstone Nasjonalpark; Corwin Springs og Chico Hot Springs.

[8] Anna Freeman.

[9] Truleg Laurits O. Hovde, Ytre Hovde, utvandra 19/4 1906.

[10] Truleg Andreas O. M. Ryste, Rystebakken, utvandra 1909.

[11] Paul Bjørdalsbakke, f. 1887, frå Bjørdalsbakke i Ørsta. Han utvandra 12.3.1910 til Washington, og kom heim

       saman med Rasmus i 1917.

[12] Her var det rike kopar-gruver. Butte har blitt kalla: "richest hill on earth".

 

  

 
 
 
Redigert av Martin Furseth, mars 2012