Amerikaferda

 

Rasmus Digernes

Ørsta 1886-1972

 

   

Innhaldsliste:

 

Innleiining

 

Utferd 1911

 

St John 

 

Dakota 1911

 

Dakota 1912

 

Moose Jaw

 

Montana 1913

 

Montana 1915

 

Heimferd 1917

 

Div. bilete

 

 

 

 

 

(6)  Moose Jaw 1913

 

Etter omlag 20 mnd i Nord Dakota la Rasmus ut på ny ferd. Med jernbane tok han vegen nordover til Canada, og den 2. januar 1913 kom han til byen Moose Jaw i staten Saskatchewan.

 

I dette landet ser ein berre flatt prærieland på alle kantar, så langt auga rekk. Det einaste som bryt horisontlina er kornsiloane som ragar opp med jamne mellomrom utover slettelandet. Moose Jaw (av: elg - kjevebein) var grunnlagt i 1882 som ein stasjon på Canadian Pacific jernbana. Byen hadde 13000 innbyggjarar og var i sterk vokster i tida omkring 1913; mange industriverksemder var under oppbygging. Dette hadde ikkje minst samanheng med at byen var distribusjonssenter for kveitedyrkinga i området. Rasmus tykte det var ein fin by, med sporvogner, elektrisk ljos og "alt anna grumt".

 

Klimaet i dette området kunne by på særs store temperaturskilnader, frå 50 minusgrader om vinteren til over 40  varmergrader om sumaren. 

  

 

(utdrag av brev datert 19.1.1913)

Eg for fraa N.Dak. andre nyaarsdag, so eg fer byrja det nye aaret i eit nytt land. Foresten er Canada og U.S. omtrent lik, kva folket og skikkarne anjeng, for dei snakkar engelsk her som der. Den einaste forsjel er at, her er meir engelsmenn og japanarar og kjinesarar, som hev vaskehus og restorantar. Og so svarte skopussarar. Folket er meir blanda her enn dei er i N.Dak. Eg trur mest ein kan finna alle nationar i denne byen.

Ja det er mangt rart ein fær sjaa aa høyra kan de tru. Her er ei masse skandinavar, mest Norske og dei hev her ei Norsk ungdoms-foreining og. Dei seigjer dei skal byggja Norsk kyrkje og til sumaren, men det er no vel uvist um det vert. Her er svært til fart aa liv i alle ting. Folk kjøper og sel, fær aa kjøm. Bygg og riv ned, alt gjeng med liv og lyst. Det ser ut for her er mykje pengar millom folk, og dei sparer ikkje paa deim heller. Dei betalar svært god løn her, framfor kva eg er vand, 50 cent timen for trearbeid no midt paa vinteren. Um sumaren gjeng det upp i 60 70 for ein god mann. Og um sumaren er her omtrent altid mangel for folk, som dei segjer, og det kan ein sjaa av det som skal gjerast, og alt ein frettar um. Her bygg dei tusunder av mil med jarnveg kvart aar, og daa kan ein tenkja seg alt som er aa gjera. For det vil segja 100 av smaa byar, dei brukar aa hava ein stasjon for kvar 7-8 mil, og det vert altid snart ein liten by med krambuder og elevatorar til aa taka kornet. Endaa so ligg her paa 100.000 vis av bussel, som rotnar upp berre av di dei ikkje kan bygga jarnvegar nokk etter kvart som landet vert bebygt. Og so er det ikkje so dei er fornøgde med dei fyrste husi dei set upp, dei vert nedrivne snart, og det vert uppsett stein og sementhus paa ei 8-10 høgder, so er det i denne byen. Ja her ei masse fine hus av baade stein og tred.

 

Denne byen ligg ei 70-80 mil vest av Regina, hovud-staden i Sasketsjoven (Canada er delt i provinsar eller amt kva ein vil kalle det) 13000 innbyggarar. Han Anders er omtrent 60-70 mil rett nord av Regina, so det er ikkje so langt imillom oss no. Eg hev endaa ikkje høyrt noko fraa honom sidan eg kom her. Hadde brev fraa honom strakst før eg reiste. Daa skreiv han at han hadde mest tenkt aa taka ein tripp til Dakota i vinter. So det kan henda han er der no, og besøkjer farbror, og venta aa finna meg der.Eg hev ikkje høyrt noko fraa farbror heller sidan eg for, men eg tenkjer han er aalreit.

 

Eg var her mest i 2 vikor før eg fekk meg noko trearbeid, eg kjøyrde noko is, som eg tente ein grand med, men det er lite betalt, og so er det kaldt aa sitja aa kjøyra no. No hev eg havt trearbeid i 2 dagar, for eit stort kompani, som bygg over heile Canada. Her i byen hev dei mange hus som er uferdige. So naar eg fyrst er komen inn, so tenkjer eg nokk eg skal verta verande. Det er mange sortar trearbeidarar her kan de tru, mange som knapt hev tekje i ei sag eller hammar, so det vert mange sortar bygging og, men dei er ikkje so noga paa det heller her. Hovudsaki er dei fær det gjort. Dei pussar det upp utvendes so det ser fint ut likevel. Dei fleste som er trearbeidarar (carpenters) her, er slike som hev kjøpt seg ein hammar og ei sag og gjeve seg ut for aa vera det. For alle vil gjerne hava 50 cent timen ser de. Me er ei 40 trearbeidarar paa det huset me arbeidar paa no. De kan tru det er ei gild maurtuva. Me held paa aa set upp formi for andre høgdi. Dei brukar svært mykje sement hus her. Dei støyper baade golv og veggjer, men det er eit kaldt arbeid no, midt paa vinteren. Det maa klæda alt inne, so det ikkje skal frysa, og so hev dei ein stor brising i kjellaren, men det frys likevel.

 

De hugsar vel eg hev skrive um ein som heitte Edstrøm. Honom eg arbeidde for fyrste 4 maanarne eg var her. Han er saman med meg. Me hev eit rom i saman, som me betalar 15 dollars mnden for. Og maten er det 5 dol. vika for kvar. So de ser det kostar flesk aa live her. Klede og sko er mykje dyrare enn i U.S. Men naar ein hev noko aa gjera so gjeng det nokk ann aa vera her for ein arbeidar likevel. Ja eg tenkjer eg fær slutta for det vert myrkt, kl er 5. De ser her vert tidleg myrkt her og.

   

 

 

(utdrag av brev datert 27.3.1913)

Trur ikkje eg hev svara paa brevet, som eg hev fenge for lenge sidan. Du var ferdig aa fara i fiskja daa. No er ho vel snart slutt. Voner det gjekk berre godt. Norøyingarne er nok harde aa driva dei ? Kor mange tusund hadde de paa baaten ? Kor gjekk det med dei baatarne som var innfrosne ? Kom dei seg i fiskja ? Skulde likt aa vera der naar de hadde sjøis.

Foresten ein kan faa olyste seg med skjeisserenning her og. Dei hev skøytebane her i byen, ser du. Og no spelar dei hokki. Det er noko dei ikkje kjenner i Norge trur eg. Det er svært morosamt aa sjaa paa.

 

Andreas kjem ned her i neste mnd. Eg hadde brev fraa han i gaar. Det vert ikkje so langsamt daa.

Hev vore utan arbeid no i 3 dagar, men eg tenkjer eg dumper fram i eit kvart snart. Naar telen gjeng or jordi vert det nok ikkje farleg for arbeid. I dag er her varm vind og sol, so vatnet renn i gatorne. Det tæk ei god stund før telen gjeng her, for han er 5-6 fot. Og før han gjeng kan dei ikkje grava kjellarar.

Sume hev alt teke til aa grava. Dei brukar dynamitt, men det kostar peng aa grava paa den maaten. Skulde helsa fraa farbror. Eg hadde brev fraa han for ei vike sidan. Daa var han berre vel.

 

 

 

(utdrag av brev datert 20.4.1913)

Eg hev arbeidt ei vike no, for eit nytt komp. Det er eit komp. fraa U.S. som skal byrja med ein automobil fabrik her. Dei skal setja upp 4 store hus til fabrikk. Før eg fekk arbeid der, var eg arbeidslaus over 3 vikor. So det hev vore smaatt med fortenesta sidan eg kom til Canada. Men ein skal vona det vert betre, naar ein vert betre kjend. Her er hardt aa faa arbeid no, for det er ikkje so mykje bygging som gaar for seg endaa. Hadde dei fenge pengar so hadde her vore plenti aa gjera, men her er ei pengekrise, som dei kallar det. Bankarne vil ikkje laana ut pengar for nokon pris. Og alt her er bygt paa kredit.

Dei segjer det er presidentvalget i U.S.[1] som gjer det, og so krigen i Europa.[2] Men det er nok helst fraa U.S. det kjem, for dei fleste pengarne kjem fraa der.

 

Det er daarlege tider over heile Amerika, for det same. Kan hende det var best aa gjeva seg til paa ein farm. Der kan ein gjera ein grand pengar, men so lærer ein ingenting, og so fær ein gaa som ein hund fraa 4 um morgenen til 10 um kvelden.Det er so her i landet anten er det for mykje av arbeid aa pengar eller so er det ingenting. Her er bra naar ein hev ein stødig job, men skal ein gaa arbeids-laus, so gjeng pengarne fortare en ein kan tena deim. Den som er heime hev mange tankarne um kor ein kan tena pengar her. Men ein fær sjaa noko anna naar ein kjem her. Ein kan faa meir for ei krone heime en ein fær her for ein dollar.

 

Hev tenkt paa aa taka meg land, men her er ingen ting aa faa, utan ein jagar ein som ikkje uppfyl homstedlovi, aa det kostar pengar. Fær sjaa til hausten, kan henda eg gjeng til Alberta, der er plenti land endaa.

   

 

 

 

(utdrag av brev datert 25.5.1913)

Den 17. hadde me ein dundrande fest her, med taler song og musik. Kaffi mat og frugt, ikkje aa forgløyma, leik dans tilslut. Salen var pynta med norske flag og fargar, og snakka berre norsk, so de var som aa vera heime i Norig. Det var den nye losjen her i byen, av Sønner av Norge som fekk det i stand. Eg er medlem[3] der. Det er meininga me skal hava ei tilstelling den 7de juni og.

Og so hadde me den 19. stor "modtagelse" af R. Amundsen. Alle norske her i byen møtte fram paa stasjonen, og tok imot honom. Me hadde byens orkester til aa spela. Og so song me: Ja vi elsker. Og gjekk i tog rundt byen. So det tok seg svært grumt ut.[4] Her er fleire hundrede norske her i byen. Mange av deim er grumme karar og.

 

Poletimeisteren og den øverste Ingeniør for byen her, er norske. Ein finn norskar i alle slags stillingar her. So det er grumt aa vera norske her. Særleg den dagen. Alle me som høyrer til Sønner av Norge var pynta med losje "ordenerne", og dei andre bar norske sløyfer.

Um kvelden daa han heldt foredrag med ljosbilete, fylde me han fraa hotellet til kyrkja i tog, med musik. I kyrkja var fullt hus. So han tente gode pengar paa aa koma hit. Ja me hadde ei gild stund.

Foredraget var mykje fagna. Undrast kor de hadde det den 17de. Eg tenkjer meg der er fint heime no. Her er varmt nok sume dagaer kan du tru, men so kan her vera kaldt og sume dagar.

 

Eg arbeider paa nokre hus, som gjeng up tet ut for byen her. Me skal bygge 6 av deim, so eg voner det varer ei stund. Me er 5 norske i saman, eg bur saman med 2 av deim. Ein av deim er fraa Mossjøen. Han kjenner Hole Jo og henne Berg Ingeborg. Du veit dei var uppe der. Namnet hans er Jakob Nilson.

 

Andreas er og her i byen endaa. Han arbeidar paa ei stor bru som dei bygg her. Voner de alle er friske heime. Eg er frisk som ein fisk som eg alltid hev vore.

   

 

 

            Moose Jaw 24 juni 1913

Hev no vore her i Moose Jaw snart 6 mndr. Og det hev gaat baade up og ned, men i det heile kan eg ikkje klaga. Hev meka mi living[5], og havt helsa. Her er framleides trongt for arbeid. Igaar hadde eg brev fraa mor. Det siste[6]. ---- Herre min gud, det er laakt, at eg ikkje skal faa sjaa henne igjen. Det er ingenting som kan fylle mor sin plas i mit hjarte. Ho var Idealet av ei kvinna. Difor veit eg ho byter dette livet med eit betre. No er eg utan arbeid men eg vonar eg vil finna ein Jåb snart, so eg kan koma meg heimat.

            Den 20. august 1913

Er i dag i Lethbrigde. Paa veg til Great Fools[7] Mont. Fær prøva kor det gjeng der. I Moose Jaw kunde ein ikkje faa eit dagsarbeid meir. Sende heim i gaar 150 dollars som er omtrent alt eg har tent i netto på dei 7 1/2 mndrn. eg hev vore der. Men so hev eg lært ein liten grand. Hev omtrent $ 61,00 i dag, eg hev bilett til Coutts paa lina. Voner det gjeng berre vel.

 

Trefte her paa st. 2 sunnmøringer. 1 fra Hareide og ein fraa Ulfsteinvik. Eg hev ikkje treft ein sunnmøring på 2 1/2 aar no anna Andreas. Det er rart kor ein kan møtast sume tider.

 

   

 


[1] W. Taft var president då Rasmus kom til Amerika. I 1913 vart Woodrow Wilson vald til president og han fungerte til 1921.

[2] Han siktar her til Balkan-krigen 1912-13. I dei to åra var det mykje ufred, der særleg Bulgaria, Serbia, Hellas og Montenegro førte krig mot Tyrkia. Desse krigane tok slutt med freden i Bucuresti august 1913.

[3] Den 8. mai 1913 vart Rasmus medlem nr 32 i "Nybrot", losje nr 144 i Sons of Norway.

[4] Roald Amundsen hadde etter heimkoma i 1912 frå sydpolferda byrja førebuingane til ferda gjennom Nordaustpassasjen, og han la då ut på foredragsreiser, først i Europa og sidan i Amerika og Canada. I januar 1913 kom han til New York og starta der ein "flyvende turne" gjennom det nordamerikanske kontinentet. Turen varte eit halvt år og han heldt omlag 160 foredrag. I sjølvbiografien sin har Amundsen skildra korleis han opplevde all oppstuss og feiring som vart stelt i stand for hans skuld; det var nok ikkje alltid at han hadde like stor glede av hyllinga, som dei som tok mot han.

[5] ”made my living” - dvs: tent til levebrødet.

[6] I brevet må mor hans ha fortalt om sjukdomen sin og at ho truleg ikkje kom til å leve mykje lenger. Berte Paulsdotter Digernes døydde den 23.9.1913, berre 50 år gamal.

[7] Great Falls, Montana. (great fools tyder: store toskar)

 

  

 
 
 
Redigert av Martin Furseth, mars 2012