Lars Kinsarvik skreiv eit minneord om Odin Edvart Johansen, og her tek vi med heile teksten, slik det stod i Søndmøre Avis  den 15.1.1909:

   
 

Or Minneboki mi

Treskjerar Odin Johansen i Ørsta  er vandra burt, høyrer eg.

Det vart ei lang og saar sjukeseng, dette;  Livsvoni tottest arbeida seg fram so att imillom.

Men so gjekk det tebakers att. Seig var han fulla. Men so udpint var all livskraft no, at paa slutt laut livet gjeva upp. 

Der stend me. Verdi gjeng sin skjeive gong som ikkje noko var hendt. Men der stend eit tomrom att etter han Odin. Fyrst i foreldreheimen, der han var ein god son i huset, den ljose von fyr foreldri som tek te eldest. Alt dette kjennst so saart! Men der er eit tomrom til: - i det samfunde me alle lever i. Eg reknar burtgangen hans Odin fyr eit samfundstap. – Fyrr det er slike ungmenne som er samfundet sine jamne gode bygningsmenn. Og me trøng kvar einaste ein. Aa mista slike, kjennst og so saart. 

Han Odin Johansen var ein stiltfarande gut, snakka lite men tenkte so mykje meir. Han var flink arbeidskar, snikkar og treskjerar. Eg hadde han paa verkstaden min i arbeid i fleire maanar, og kjende meg jamt so trygg i alt som han Odin fekk med aa gjera; det var jamt so greidt og paalitande fraaseggjort. Der var noko so stødt og akkurat med han, baade i arbeid og elles totte eg. 

Um kveldane kunde ein av og til høyre fløyta hans; ho kunde laata so fint i slike kveldstunder; ein fekk kjensla av sol og sumar i vente; ljose dagar paa stølsvangen, og gjetlegut-liv i skoglidarne. Men fløyta ho tagna; i dei siste 8-9 maanane vart alt so stilt. Vert ljose lyste paa skjukeromet hans.

Farvel Odin Johansen! Gjev at samfundet vaart maa eiga mange slike trurøkne ungdomar som du! Og ikkje mista dei. 

Det var ikkje so laga at du skulde faa ofra krafti di til dette livet her. Ja kvifyrr det? – Skulde du hentast  til venare heimar, til jolehelg med høgre og ljosare himmel?

Me veit ikkje um dette me, som gjeng att her. Men me tru, tru paa eit ævelegt liv.

Og me veit at du var millom oss, og at me no saknar deg.

   
   
  ->Tilbake til første side