Minne frå krigstida 1940-1945

fortalt av Rigmor Digernes Furseth

(Denne artikkelen stod på trykk i "Ørstaminne", årsskrift 2017 for  Ørsta Sogelag.  Red. Martin Furseth)


Eksplosjonen

Den 20. april 1944, klokka ni minutt over halv ni om morgonen, eksploderte det nederlandske ammunisjonsskipet «Voorbode» der det låg ved festningskaia på Vågen i Bergen. Skipet hadde 120 tonn med ammunisjon om bord og eksplosjonen var den største  av sitt slag som hende under okkupasjonen av Noreg i krigsåra 1940-1945. Omkring 160 menneske, mellom dei nær hundre sivile, vart drepne og om lag 4800 personar vart så sterkt skadde at dei måtte til behandling hos lækjar. 131 hus vart rett og slett blåst bort av trykkbølgja, 117 andre hus vart så sterkt skadde at dei seinare måtte rivast og om lag 3500 hus fekk større eller mindre skader. Ein del av ankeret til «Voorbode» vart funne att ved Sandviksfjellet, 400 m over havet, om lag 3 km frå eksplosjonsstaden (ei minneplate ved «Ankerhytten» markerer i dag staden). Eksplosjonen sende flodbølgjer rundt om i heile Vågen og mange båtar vart slengt opp på land. Lufttrykket feia over byen som den verste orkan, store mengder takstein vart blåst ned i gatene og tusenvis av vindaugsruter vart knuste.

På ein augneblink vart hamna og store område av Bergen gjort om til eit inferno. Biletet ovanfor viser korleis det såg ut ved Festningskaien og kaiområdet Bradbenken, etter eksplosjonen. (fotograf: ukjend)

Eksplosjonen skjedde på Hitler sin 55-års fødselsdag og tyskarane trudde difor i førstninga at det var ein sabotasjeaksjon. Seinare granskingar slo fast at eksplosjonen skuldast ei ulukke og at tyske styresmakter sjølv måtte bere hovudansvaret for at skipet i det heile teke hadde fått løyve til å gå inn på hamna i Bergen.

 

Sydnesgaten

Denne torsdagsmorgonen stod ei lita jente ved det opne kjøkkenvindaugo i andre etasje i Sydnesgaten 23. Det var Rigmor som var på vitjing oppe hos den eldre dama som budde der saman med mannen sin. Ho har fått vite seinare at dei heitte Magnus, og at det var dei som eigde huset. Rigmor og familien hennar budde i første etasje av huset, men ho minnest at ho var ofte oppe hos denne dama, der ho alltid vart teken vel imot.

Rigmor har ikkje konkrete minne om sjølve eksplosjonen, men hugsar berre at eit kvart, ein stein eller ein metallgjenstand, fauk inn gjennom det opne vindauget og small i veggen bak henne. Ho trur kanskje at ho nett då hadde bøygd seg ned, eller flytta litt på seg,  i alle høve må det ha vore nære på at ho kunne ha mist livet, der og då. Huset i Sydnesgaten 23 vart ikkje øydelagt, det står der framleis, og truleg var det ingen som vart alvorleg skadde der i nærleiken, men eksplosjonen vart den direkte årsaka til den store endringa som skjedde i livet til Rigmor den sumaren.

Krigsåra i Bergen

Dei første tre åra av livet budde ho saman med familien sin i loftsetasjen i eit hus i Fløenbakken 2 i Bergen (huset er borte i dag). Far hennar var Ragnvald Wisnes (1911-1996) og han hadde arbeid som sjåfør. Mor hennar heitte Bergliot (1911-1997), oftast kalla berre Bella, og Rigmor hadde to eldre sysken, Alma som var fødd i 1936 og Arne som var fødd i 1938. Yngstesyster hennar, Eva, vart fødd i oktober 1942. På grunn av dei vanskelege og usikre tidene i Bergen i 1940, heilt i byrjinga av krigen, reiste Bergliot til barndomsheimen sin på Austrheim då ho vart gravid med Rigmor. Austrheim er ei lita kommune som ligg 6-7 mil nord for Bergen. I juni 1940, midt under kyrkjetida på jonsok-dagen, kom Rigmor til verda. Den 20. august vart ho døypt i Austrheim kyrkje og fekk namnet Rigmor Berit Wisnes. 

 Då Rigmor var vel tre år, seint på sumaren 1943,  flytta familien hennar til Sydnesgaten 23. Huset låg, den gongen som no, midt i eit triveleg bergensmiljø på Sydneset, med mange små trehus og tronge gater og smau. Rett ovanfor huset, på den andre sida av Sydnesgaten, låg Dragefjellet skole (i dag: Det juridiske fakultet ), og litt lenger oppe låg den raudbrune Johanneskirken med det høge, karakteristiske spiret. Sjølv om ho var berre i 3-års alderen på den tida då ho og familien hennar budde i Sydnesgaten, hugsar ho enno litt frå dette miljøet, om det som hende der og om kjensler og tankar ho hadde. Nede i Sydneskleiven låg ein matvarebutikk der dei gjekk for å handle, og i ei gate ovanfor huset der dei budde, låg ein mjølkebutikk der ho kan minnest at ho vart sett til å stå i mjølkekø med ei lita spann i handa.

 

Fotografi frå 1962: Rigmor på gamle tomter; framfor huset i Sydnesgaten 23.

 

Men krigen var særs nær, og dei levde alle med uro og angst for kva som kunne skje.  Det var for lite av alt, ikkje minst var det knapt om mat, og mangelfullt og feil kosthald i denne tida gjorde nok sitt til at ho fekk helseproblem som ho har måtte stri med seinare i livet.

I det store skulehuset, Dragefjellet skole,  var det forlegning av tyske soldatar; Rigmor såg dei ofte og ho kan framleis minnest lyden av taktfast gange når soldatar marsjerte i gatene. Dei hadde og fengsel  der, mange av fangane skal ha vore russiske, og verst var lyden av angstrop om netene, frå fortvilte fangar som vart forhøyrt og torturert av tyskarane.  Sjølv så lita som ho var, skjøna ho at noko fælsleg hende der på hi sida av gata, og det gjorde vondt og sette varige spor i eit lite barnesinn.  Det gjekk ofte flyalarm, og då måtte dei springe i bomberommet som låg litt lenger borte, i Øysteinsgaten. Ein gong hende det òg at tyske soldatar kome ubedd inn i heimen midt på natta og lyste med lykter ned i sengene. Dei var truleg på jakt etter ein fange som hadde rømt.

Både Rigmor og broren Arne hadde brune augo, og særleg Rigmor hadde ein utsjånad som ikkje var typisk norsk, og det kunne nok hende at tyskarane hadde mistankar om at Ragnvald ikkje var far deira. Nokon reell vanske med dette fekk Rigmor likevel aldri.

 (Mistanken var sjølvsagt at dei to borna, kanskje særleg Rigmor, kunne vere av jødisk avstamming, og dette var òg noko som Rigmor fekk høyre, etter at ho vart buande i Ørsta. Forklaringa var at Bergliot, mor til Rigmor, kom frå Ruus-slekta i Bergen som kan føre anene sine attende til  ein Hans Hansen som kom til Noreg i middelalderen, truleg frå Tyskland eller Holland. Omkring 1577 var han slottsskrivar på Bergenhus. Farmor til Rigmor, Anna Karine Wisnes (1878-1920), hadde òg mørkt hår og brune augo, og ein trur at ho hadde spansk blod i årane. )

 Eit av Rigmor sine tidlegaste barndomsminne har ho frå tida rett etter at dei hadde flytta til Sydnesgaten. Ho lengta nok attende til det meir kjende miljøet i Fløenbakken, og leikekameratane sine der, og berre vel tre år gamal bestemte ho seg for å gå «heim att». Rigmor fortel sjølv: «Heilt åleine traska eg av garde, og eg hadde ei klar formeining om kvar helst eg skulle ta vegen. Først gjekk eg ned  til Torvalmenningen og til Torget i sentrum av byen, deretter tok eg vegen opp gjennom bygatene, mot Nygårdsparken, vidare over brua til sørsida av Store Lungegårdsvann. Derifrå gjekk eg forbi ein kyrkjegard, det må har vore gravplassen ved Møllendal kapell ved Møllendalsveien, og vidare tok eg vegen langs med vatnet opp til Fløenbakken. Eg veit no at turen var omlag på 4 km, ei lang reise for ein liten tre-åring, men eg var aldri i tvil om kva retningar eg skulle ta. Det var vel ikkje særs stor trafikk på den tida, men eg minnest at eg heile tida var på vakt. Eg heldt mest mogeleg avstand til andre, og om eg var usikker, vart eg ståande musestille til eg kjende at det var trygt å gå vidare. I huset i Fløenbakken 2 var der sjølvsagt ingen som eg kjende lenger, men ei dame i den vesle butikken som låg tett ved, nedst i Fløenbakken, fekk augo på meg og hugsa kven eg var.»

I krysset der Fløenbakken endar ned mot Møllendalsveien, står det framleis eit hus, men der er ingen butikk lenger. Ho som var butikkdame der den gongen, skjøna etter kvart at Rigmor hadde «rømt» heimanfrå og tok kontakt med politiet, og slik kom ho heim att. Foreldra til Rigmor hadde sjølvsagt vore redde for henne. Dei òg hadde teke kontakt med politiet og det hadde vore leita både høgt og lavt etter henne, og ein kan lett forstå at gleda var stor då ho kom til rette.

 I barneboka «Onkel Arthurs skumringsfortellinger» som kom ut i 1946, er der ei lita forteljing som har fått tittelen «Da Rigmor løp hjemmenfra», og det er nokså truleg at forfattaren skreiv forteljinga etter å ha fått høyre om Rigmor si «røming»; i alle høve liknar det som blir skildra der, nokså mykje på det som hende henne.

 Den eldre dama som budde i andre etasje i Sydnesgaten 23, hadde truleg eit særs godt auge til Rigmor, og ein gong fekk Rigmor ei lita dokke av henne, som ho hadde laga. Rigmor fortel at ho tykte det var stor stas og leika seg mykje med denne dokka.

  «Eg hugsar at eg bar med meg denne dokka, over alt der eg fór», fortel Rigmor.  «Ein gong hende det at eg gjekk åleine heilt opp til Nygårdsparken, i dag veit eg at det er nære på ein kilometer å gå, og dokka bar eg med meg. Der møtte eg på nokre gutar som ikkje var særs snille; dei treiv dokka frå meg og heiv ho ut i dammen som ligg rett innanfor inngangsporten til parken. Eg minnest at eg vart reint fortvila og gjekk ned til vasskanten for å freiste å berge dokka i land, men då gjekk det ikkje betre til, enn at eg fall ut i vatnet. Eg kunne sjølvsagt ikkje å symje, dammen var djup og eg gjekk under. Eg plaska meg opp att på eit vis, men så gjekk eg under på nytt, og hadde eg ikkje fått hjelp, hadde eg truleg drukna der. Men så var det at ein ung, tysk soldat fekk auga på meg der eg låg og strevde, og han bykste ut i dammen og berga meg i siste liten. Etter det eg kan hugse, plukka han òg opp dokka som låg og flaut. Så bar han meg og dokka heile vegen heim til huset vårt i Sydnesgaten, gjennomblaute som vi var alle tre.  Der banka han på og leverte meg til mor mi, som sjølvsagt vart nokså forstøkt då ho skjøna kva som hadde hendt.»

 Det var ikkje vanleg at folk i byen ville ha noko å gjere med tyske soldatar, men Bergliot bad han likevel inn i stova for å takke han for at han hadde redda dotter hennar. Ho fekk likevel høyre seinare, at folk mislikte at ho hadde teke ein soldat inn i heimen sin. Rigmor fortel meir om hendinga:

 «Eg tenkjer ofte med takksemd på den unge tyske soldaten, men eg fekk aldri vite noko meir om han og ikkje veit eg kva han heitte, eller korleis det gjekk med  han seinare. Og så hugsar eg framleis den vonde lukta av kamferatum som vart smurt på bringa mi, for at eg ikkje skulle bli forkjølt etter «badet» i Nygårdsparken.»

  

Evakuering

Etter eksplosjonen på Vågen våren 1944, vart stoda for folk i Bergen mykje vanskelegare, særleg for dei som var dårlegast stilt og hadde mange born. Krigen kom endå nærare, og byen vart ofte utsett for bombeåtak frå allierte fly. Sydneset var eit dei utsette områda, noko som skulle vise seg med full tyngde natta til den 29. oktober 1944, då bydelen Nøstet vart bomba.  Bombeangrepet skjedde på grunn av ein feil; målet var i røynda ubåtbunkeren i Laksevåg, men alle vindaugo i huset i Sydnesgaten 23 vart knust, og det blir fortalt at stein fauk heilt inn i senga til foreldra.

 

Etter den store eksplosjonen vart det over heile landet sett i verk innsamlingar av naudhjelp og pengar for å hjelpe folket i Bergen, og i byen vart eit stort hjelpeapparat sett i sving. Alt i mars 1944 hadde ein byrja med å evakuere born til privatpersonar og feriekoloniar i ulike deler av Sør-Noreg («Barnehjelpen»), og etter eksplosjonen vart arbeidet intensivert. Ein reknar med at i 1944 og 1945 vart mellom 7000 og 8000 born sende ut av byen til sumaropphald på landet, mellom dei om lag 400 born som vart sende heilt til Gøteborg i Sverige.

 

Alt den 21. april 1944 skreiv Møre-Nytt om eksplosjonen i Bergen, og Ørsta hjelpekorps og Ørsta sanitetslag sette straks i verk arbeidet med å samle inn varer og pengar. Ein innsamlingsstasjon vart etablert på folkehøgskulen, og folk vart oppmoda om å gi kjøkkenutstyr, barneklede og bleier, sengeustyr, klede og matvarer. Ørsta hornmusikk spela ved fontena og samla inn pengar, «og det var ikkje lite» skreiv Møre-Nytt. I avisa den 24. april er det nemnt at alle bygdene her ikring heldt innsamling. Alt vart nokså snøgt sendt til Bergen med båt, der Røde Kors stod for utdeling til dei som trong hjelp. Berre få dagar etter eksplosjonen gjekk den første sendinga frå Ørsta, via Nordfjordeid til Bergen, og avisa fekk opplyst at dette var den første sendinga som kom fram til Røde Kors i Bergen.

 

Den 28. april kom det oppmoding i avisa om å ta imot born som trong å kome bort frå den bombeherja byen. Det var blitt skipa ei nemnd som skulle ta seg av arbeidet med å finne rom åt dei her i Ørsta. I nemnda var fru Martha Johansen, fru Albertsen, fru Agnes Ose og Peter Kjeldseth Moe. Mellom dei mange ørstingane som melde seg på for å ta imot born, var Signy og Rasmus Digernes.

Lysing i Møre-Nytt, fredag 28. april 1944

 

Familien Wisnes i Bergen fekk tilbod om å sende to av borna ut av byen. Alma vart send til ein familie i Sogn og Rigmor skulle få kome til Ørsta, medan Arne og Eva vart verande att heime i Bergen. Ragnvald var sterkt i tvil om han kunne orke å sende frå seg Rigmor, berre knapt fire år gamal, men det enda med at han tok henne med seg ned til hamna der ho, saman med ei mengd andre born, vart teken om bord på  dampskipet «Mørejarl» for å ta fatt på sjøferda til Sunnmøre. Det blir fortalt at han angra seg på vegen opp gjennom bygatene, og han sprang attende til kaia for å hente henne heim att. Men då var det for seint og båten hadde lagt frå land.

 

«Eg hadde fått forklart kvifor eg måtte reise, og etter det eg hugsar var eg ikkje redd for å fare. Eit par minne frå turen, sit framleis i hugen på meg. Ein liten gut var nokså fortvila, og eg hugsa at han i sinne og frustrasjon kasta maten sin bort etter dekket, eg trur det var ei vafle. Eg tykte at det var reint forkasteleg at nokon kunne hive mat, og eg skjente han huda full. På ferda vart det litt sjøgang, og for meg var det sjølvsagt nytt og uvant å kjenne eit voggande skipsdekk under føtene. Eg hugsar at eg stod ved eit vindauge og såg på bårene som brøytte mot skipssida. Kanskje var eg litt redd, og eg minnest at eg lutte meg skiftevis motsett av den voggande rørsla, slik at båten ikkje skulle rulle rundt.

 

 

«DS Mørejarl I» gjekk i rute mellom Bergen og Trondheim i åra 1925-1951.

 

 

Søndag 7. mai 1944 kom dei første «bergensborna» til Ørsta. Dagen etter stod det i Møre-Nytt at 38 born kom med buss, truleg frå Festøya, og dei stogga ved Folkehøgskulen, der folk hadde samla seg for å ta imot. I avisa vart det sagt at «dei såg ut til ha humøret i orden, trass i ein strabasiøs tur, og dei fleste såg ut til å vere under 10 år». Dei vart deretter plassert hjå sine respektive «sommar-foreldre», og slik kom Rigmor til Signy og Rasmus Digernes. Signy var ein ihuga fotograf, og det første biletet ho tok av Rigmor, var i «Dogata», der ho sit på kofferten sin, med merkelapp rundt halsen, litt undrande på kven dei var, det framande paret som tok imot henne og kva for lagnad som no var ventande.

 

7. mai 1944: Dei 38 bergensborna vart møtt av sine respektive «sommar-foreldre» ved folkehøgskulen i Ørsta. (Teikninga er henta frå heftet «Ørsta røde kors hjelpekorps 50 år» – utgitt 1992 v/red. Magne Ivar Sætre)

 

 

 Rigmor i Dogata, mai 1944

(fotograf: Signy Digernes).

 

 

Mange hadde møtt opp på plassen nedanfor folkehøgskulen for å ta imot bergensborna. Huset i bakgrunnen er folkehøgskulen sin gymnastikksal og det kvite huset til høgre er Foldal-huset. (foto: Signy Digernes)

 

 

Rigmor blir Ørstajente

Det var sjølvsagt ein stor overgang frå det krigsherja bymiljøet i Bergen og til fredlege Ørsta. Signy og Rasmus var velmeinande og hjelpsame, og Rigmor tilpassa seg nokså snøgt det nye livet. Den nye heimen hennar vart Digerneshuset ved Kyrkjegata. Nokre hendingar frå den første tida gjorde sterkt inntrykk på både Rigmor og dei to vaksne. På ein tur ut om Morkabrua, kom Rigmor midt ut i ei eng med grønt gras og fargerike blomar, eit syn som den vesle byjenta knapt nok hadde sett før. Då stemde ho i med songen  «Perleporten åpner seg» som ho hadde lært på sundagsskulen i Salem i Bergen, og ho tykte visst at det var nett slik det måtte sjå ut i Guds himmel.

 

«Eg plukka ein bukett med dei fine blomane», fortel ho, «og etter ei stund møtte vi ei ørstadame som Signy og Rasmus kjende, og eg gav henne buketten. Ho takka pent, men då ho gjekk vidare, såg eg at ho kasta buketten frå seg. Eg minnest at eg tykte det var reint uforståande at ho kunne berre kaste frå seg ein slik kostesam blomebukett. For henne var buketten sjølvsagt berre nokre vanlege markblomar, for meg var han som skiraste gullet.»

 

Då Rigmor skulle gå til sengs den første kvelden, ville ho legge seg med kleda på. Det var ho van med frå Bergen, sa ho, for om flyalarmen gjekk og dei måtte springe til bomberommet, vart det ikkje tid til å kle på seg. Signy kunne då trøyste henne med at ho trygt kunne legge seg i nattdrakta, for nokon flyalarm var ikkje vanleg i Ørsta. Det tykte Rigmor var fint å høyre, og kommentaren hennar var: «Å gu kor deilig!».

 

«Senga mi var plassert tett ved eit vindauge», fortel Rigmor, «slik at eg kunne ligge å sjå opp på stjernehimmelen. Men der var det mange lys, fleire enn eg hadde sett før, tykte eg, og med ein gong vart eg mint om det eg hadde opplevd i Bergen,  og eg fekk ein angst i meg for at lysa kanskje kom frå farlege fly der oppe, som kunne kome til å sleppe ned bomber.»

 

Det var mange i vennekretsen til Signy og Rasmus som tykte det var rørande å få oppleve reaksjonane til den vesle «bergensjenta», og Henrik Straumsheim skreiv diktet «Stjernerap» etter inspirasjon av det han fekk høyre om opplevingane til Rigmor. Den første utgåva av diktet vart trykt i «Ungdomsvon» nr 20 (1950) under tittelen «Barn av si tid». Seinare skreiv han det om, og i ny versjon kom det med i diktsamlinga «Morgonlandet» som kom ut i 1963.

 

Signy og Rasmus hadde ikkje born sjølve, og mellom dei og Rigmor vart det nokså fort knytt sterke band som gjorde det vanskeleg å skiljast. Om hausten reiste Signy og Rasmus saman med Rigmor til Bergen, for å sjå henne vel attende til foreldra. Etter mykje om og men, vart det då til at Rigmor kunne få kome attende til Ørsta for å vere der enno ei tid, og til sist gjekk det slik at då krigen slutta, vart ho verande i heimen til Signy og Rasmus. Det tok sjølvsagt ei tid før ho heilt ut tilpassa seg det nye livet og Signy fortalde at ho i byrjinga var som ein liten villkatt, alltid på vakt for det som hende omkring henne.

 

I den første tida fekk Rigmor lære å kjenne dei nye slektningane sine, og ho hadde mest kontakt med dei vaksne i den næraste familien til Signy. Rigmor fortel at ho treivst godt med det, ho vart godt motteken av dei og kjende seg snart trygg i deira selskap. Etter kvart vart ho kjend med andre born i grannelaget, særleg ei jente som ho seinare har hatt som nær veninne i alle år. Rigmor tala sjølvsagt bergensdialekt og skarra på r’en, då ho kom, men ho bestemte seg sjølv for at ho ville tale «ørsting», og ho fortel at ho gjekk lenge og øvde seg målmedveten på rulle-r’en. I god tid før ho byrja på barneskulen var ho blitt fullt ut ørsting, både i talespråk og tenkesett.

  

 

Digerneshuset ved Kyrkjegata vart den nye barndomsheimen til Rigmor.

Fotografiet er truleg teke ein gong på slutten av 1940-åra.

 

Sjølv om ho fekk nye foreldre og ein ny heim i Ørsta, var ho ofte på vitjing i Bergen, og i alle år seinare hadde ho alltid eit godt og nært tilhøve til foreldra og dei tre syskena i Bergen. Vinteren 1958/1959 gjekk Rigmor på Ant. Johannesens  Handelsskole i Bergen og då budde ho heime hjå fordeldra, som på den tida hadde flytta frå Sydnesgaten og hadde fått seg leilegheit i eit rekkehus i Løvstakklien.

 

 .


.

Litt bakgrunnsstoff:

 

Diktet «Stjernerap» er henta frå diktsamlinga «Morgonlandet» av Henrik Straumsheim.  (Noregs boklag, Oslo 1963). ( http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2007050200012 )

 

«Onkel Arthurs skumringsfortellinger. Ser. 7», av Maxwell, Arthur S, Norsk bokforlag, Oslo 1946. ( http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2014011708059 )

 «Byen brenner! En kjuagutts erindringer om krig og evakuering» av Arne Fuglum og Arve Fuglum (Cappelen Damm – 2008)

 «20. april : en dag i 1944 : eksplosjonsulykken i Bergen» av Odd Strand (Bergen,  Nordanger, 1970). ( http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2007072400053 )

 Evakuering av barn (Bergen byarkiv).  (http://www.bergenbyarkiv.no/oppslagsverket/2008/02/19/evakuering-av-barn/)

 Hjelpearbeidet (Bergen byarkiv) (https://www.bergen.kommune.no/omkommunen/avdelinger/bergen-byarkiv/9688/9478/article-23913)