|
||||||
Kapittel: Den stutte soga
Tidleg på 900-talet var Austlandet (Vika) i hovudsak eit dansk område.
Resten av det sørlege Noreg var oppdelt i mindre regionar, oftast styrt
av småkongar. Håløygejarlane rådde over Hålogaland, Trøndelag og Nordmøre, og nokså
sikkert over deler av Opplanda. Det er truleg at dei arbeidde for å
utvide riket sørover på Vestlandet.
Harald Luva (Hårfagre) (ca
850-931) var i utgangspunktet ein småkonge i Sogn. Han arbeidde for å
utvide riket sitt, og for ei kortare tid hadde han makt over Rogaland og
Hordaland og kanskje resten av Vestlandet sør for Stadt. Det er særs
tvilsamt at han nokon gong hadde som mål å samle heile Noreg til eitt
rike, og etter at han døydde gjekk det ikkje lenge før «riket» hans fall
saman.
Håkon den Gode (ca 918-961) greidde, i samarbeid med
Sigurd Ladejarl, å få styringa med stort sett det riket Harald Luva
hadde erobra, i tida 931-961. Han la kanskje det som kunne ha vore
grunnlaget for eit varig kongerike på Vestlandet, men han døydde utan
nokon arvtakar og verket hans smuldra bort etter at Gunnhildsønene tok
over styringa.
Håkon Sigurdson Ladejarl (ca
935-995) var den første som verkeleg kan seiast å ha styrt over heile
det landet som opphavleg vart kalla Noreg – kystlandet som Ottar frå
Hålogaland òg kalla Nordvegen eller Nordmanna land i si
forteljing til kong Alfred den store i England. Sogene fortel at Håkon
jarl, frå om lag år 960, rådde over heile kystlandet, frå Agder og
nordover, og han hadde herredømet over skattlanda i vest, Orknøyane og
Færøyane.
Vikingkongen og eventyraren Olav Tryggvason (f.
ca.968 d.999/1000) var konge i ein kort periode, frå våren år 995 til
september år 999 eller 1000. I norsk tradisjon blir han merkeleg nok
rekna for å vere ein av dei viktigaste personane i historia om Noreg.
Men det meste av det som er fortalt om han i kongesogene, må reknast som
lite truverdig og gir ikkje grunnlag for å bedømme Olav som person og
kva han reelt sett betydde for Noreg i dei 4-5 åra han var konge.
Nøkternt sett var han ein nokså brutal viking som ei kort stund lukkast
med å hærta Noreg, og som miste livet under ein freistnad på å erobre
Danmark.
Ladejarlane Eirik jarl og
Svein fekk att styringa over Håkon jarl sitt rike i år 999 eller
1000, og med hjelp av klok styring, venskap og gode ekteskapsalliansar
med kongane i Sverige og Danmark, la dei grunnlaget for eit utvida og
samla Noreg, slik vi kjenner det i dag. Myten om at dei hadde deler av
Noreg i len frå den danske og svenske kongen, er særs tvilsam.
Svein jarl måtte sjå seg overvunnen av Olav Digre i slaget ved Nesjar (1016) og
døydde kort tid etterpå.
Eirik jarl var rekna som den mest sigerrike hovdingen i norderlanda i vikingtida
og var den første som herska over eit samla Noreg. Han spela ei viktig
rolle då morbror hans, kong Knut den store erobra England i 1015/1016.
Han fekk Northumbria i len og var ein av dei fremste hovdingane til kong
Knut. Eirik jarl døydde i England, truleg i 1023 eller 1024. Han fekk
det ettermælet at han var ein mektig krigar, men samstundes ein fredsæl,
rettvis og kristen fyrste.
|
Olav Digre (den heilage) (f.ca 995
d. 1030) var ein vikingkonge som erobra Noreg med hærmakt, og var konge
i Noreg reelt sett frå våren 1016 og til våren 1026. Han styrte over det
same riket som ladejarlane hadde rådd over, før han. Kristninga av Noreg
blir i første rekke tillagt han; oftast var det tale om tvangskristning
med vald og drap. Han mislukkast med å erobre Danmark ved eit hærtokt i
1026 og i røynda hadde han ikkje kongsmakt over Noreg etter den tid. Dei
fleste historikarar reknar med at hans viktigaste rolle i norsk
middelalderhistore var ikkje sjølve kongsgjerninga, men hans
helgenstatus etter at han døydde.
Håkon Eirikson ladejarl (f.ca 998 d.1029) var
systerson av kong Knut den store og ein av jarlane hans i England og han
var ein røynd hærmann og administrator då han tok over som herskar over
Noreg i 1028. Han hadde då herredømet over eit rike som i utstrekning
var stort sett som dagens Noreg, med tillegg av Båhuslen og Herjedalen.
Han fekk berre vel eit år og døydde på havet, vinteren 1029/1030.
Dødsfallet hans er omtala i dei Anglo-Saksiske krønikene, noko som
tilseier at han var ein kjend og respektert person i samtida.
Svein Kuntson (Alfivason) (f. ca
1016 d.1035), syskenbarn til Håkon Eirikson jarl, var konge over Noreg i
ein kort periode i tida 1030-1035. Han var ung og usjølvstendig, kanskje
veikhelsa, og kongsgjerninga hans vart øydelagd av ei uklok og maktgrisk
mor.
Magnus Olavson (den Gode) (f.1024 d.
25.10.1047) var ungguten som var konge i tida 1035 til han døydde i
1047, berre 23 år gamal. Det meste av styringstida var han oppteken med
krigføring utanfor landet og han døydde, kanskje myrda av farbror sin,
under eit krigstog i Danmark.
Harald Hardråde (f. 1015 d. 25.9.1066) var samkonge
med Magnus Olavson i tida 1046-1047. Etter den tida styrte han som
einekonge til han døydde i 1066 under ein freistnad på å erobre England.
Han var ein hensynslaus krigar, både før og etter han vart konge. Han
fekk tilnamnet «den vonde» og styringstida hans var truleg den mest
brutale epoka i norsk middelalder.
Håkon Ivarson jarl,
han hadde ætteband til Håkon jarl den mektige og
arbeidde truleg i tida 1050 til 1065 for å gjere slutt på herredømet til
Harald Hardråde, og kanskje for å vinne herredømet over Noreg som konge,
eller som ein ny Ladejarl. Som krigsherre og strateg kunne han ikkje
måle seg med Harald Hardråde.
Kong Sven
Tjugeskjegg (f.ca 960 d.3.2.1014) var dansk konge
i tida 986/987 – 1014 og ei tid engelsk konge. Han var uekte son til
Harald Gormson (Blåtann) og kom tidleg i opposisjon til faren. Det ser
ut til at han heile livet var sterkt oppteken av å erobre England. Det
greidde han òg; i 1013 vart han erklært som konge over England men
døydde berre vel ein månad seinare.
Kong Knut
den store (f.ca 995 d. 12.11.1035) var dansk konge i tida 1018-1035 og konge i
England i tida 1016-1035. Han var son til Sven Tjugeskjegg, og etter at
faren døydde i 1014 heldt fram med hans store prosjekt for å erobre
England. I 1016 vart han teken til konge over heile England og han
regjerte fram til han døydde i 1035. Han vart kalla
Cnut (Canute) the great og
fekk det ettermælet at han var ein klok og rettferdig konge. En kan seie
at han vart overhovud i eit
Nordsjø-dynasti som omfatta England, Skottland, Orknøyane, Noreg og
Danmark.
|
|||||
|