Etter at det var blitt skrive mange brev, halde fleire synfaringer og komité-møter osb., vart alle saksdokumenta sende til fylkesadministrasjonen for å få vurdert om sakshandsaminga i kommunen har vore "rett". Rådmannen kunne deretter "tiumferande" melde til kommunestyret at sakshandsaminga hadde vore korrekt.

(Det kom vel neppe som noka stor overrasking at den eine byråkraten gav full støtte til den andre!).

Rådmannen var dermed særs nøgd over at kommunen si tvilsame lovtolking vart "godkjendt",  og at den sørvisvennlege administrasjonen hadde vunne over den nasevise og plagsame gruveeigaren ute på neset. Tenk, at nokon kunne tru at ein, slik utan vidare, kunne fylle att eit hól i jorda, utan  s ø k n a d  og utan  d i s p e n s a s j o n !

-

Nei, nei, dette var ikkje ei historie frå Molboland - men fra Ørsta kommune .....

 

Dokument: artikkel_MN.htm