|
Ørsta Kommune
Teknisk Etat
Rådhuset
6150 Ørsta
Ørsta, 25. juni 2006
Melding vedr. eigedom, gnr 59
bnr 2, Digernes i Ørsta
Eg viser til den åpne
grubesjakta på min eigendom, som skriv seg frå uttak av marmor av selskapet
Kilda Marmorbrot som vart nedlagt på slutten av 1960-åra.
Eg vil med dette melde om at
eg har gjort avtale med K.A.Aurstad AS om at sjakta kan nyttast til deponering
av overskotsmasse av ikkje nyttbar sand og stein frå verksemda hans.
For å kome til sjakta med
lastebiler, vil det bli anlagt ein veg frå fylkesvegen, som vist på vedlagte
kart.
Første del av vegen vil bli
lagt til traséen som Magne Krøvel har fått godkjendt for tilkomst til sin
eigedom, gnr 59 bmr 25, og i tillegg vil det bli bygt ein midlertidig veg fram
til sjakt-kanten. Når grube-sjakta er fyllt opp, eller deponeringa av andre
grunnar tek slutt, vil den midlertidige vegen bli fjerna og arealet planert,
til slik det var før.
Deponeringa vil kunne starte
opp i byrjinga av hausten i år.
Med vennlig helsing
Rigmor Digernes Furseth
Kopi av brevet m/vedlegg er
sendt til:
Magne Krøvel, Forhjellen 27,
6411 Molde
|