|
Ørsta
Kommune
Teknisk
sektor
Rådhuset
6150 Ørsta
Digernes,
23. august -06
Vedr.
deponering av overskotsmasse i gruvesjakt. Gnr/bnr 59/2
Dykkar ref.
PLN/WANGEN
Eg viser til
Dykkar brev av 16.8.06 der De held fast på kravet om at eg skal sende søknad om
tiltaket, og betale handsamingsgebyr.
Først nokre
kommentarar til tidlegare brev:
Eg sende
melding om tiltaket den 25. juni og fekk svar 24.juli. Etter det eg forstår
tilseier reglane at svarfristen for slike saker er 3 veker, og det var såleis
gjort ein saksbehandlingsfeil frå Dykkar side.
I brevet
viser De til kommuneplan, sone C og sone D. Eg er ikkje orientert om at det fins
ein godkjent kommuneplan som plassere min eigedom i slike ”soner”, og eg ber om
forklaring på kva som ligg i desse begrepa, og kva som er gjeldande kommuneplan
for dette området.
Vidare
hevdar De at ”tiltaket er avhengig av dispensasjon”, og at ”tiltaket er
søknadspliktig”. Eg ber om å få nærare grunngjeving for desse utsegnene, med
henvisning til dei reglane som er blitt nytta.
De nemner
også at nabovarsel må sendast i ”naudsynt omfang”. Eg har sendt varsel til Magne
Krøvel som har eigedom som grensar opp til gruvesjakta. Eg ber om å få oppklart
kven andre som må varslast.
Så til
Dykkar siste brev av 16. august:
De skriv der
at De har drøfta saka med Kolbjørn Megård i Areal- og miljøavdelinga i Møre og
Romsdal Fylke, og at han vurderer det slik at saka ikkje treng handsaming i
fylket. Seinare skriv De så at saka må sendast på høyring m.a. til Møre og
Romsdal fylke. Kva skal fylkesadministrasjonen gjere vurdering på? Det melde
tiltaket kan vel umogeleg ha fylkespolitiske konsekvensar?
I brevet
skriv De at De ønskjer ”nærare opplysningar i høve dei tilhøva som var omtala i
brev av 24.juli. Eg meiner at eg har gitt grundige opplysningar om tiltaket i
mine to brev, og ber om å få spesifisert kva som er sikta til.
Eg må elles
stille meg uforståande til at De held fast på vedtaket om ”søknadsplikt”, og eg
er særs skuffa over å oppleve at Ørsta kommune v/Teknisk Sektor praktiserer ei,
etter mi meining, særs byråkratisk og stivbeint tolking av reglane.
Eg finn
grunn til å minne om at dette tiltaket, frå mi side ikkje er tenkt gjennomført
grunna økonomiske tilhøve, men eine og åleine for å løyse eit miljømessig
problem som berører både meg og andre som måtte ferdast i området. Samstundes
får firma K.A. Aurstad høve til å bli kvitt overskotsmasse på ein miljømessig
god måte, i staden for å måtte legge opp store, åpne deponi som både tek opp
verdfullt areal og vil bli skjemmande i naturen.
Det er óg
underleg, tykkjer eg, at Teknisk Sektor i Ørsta kommune finn grunn til å bruke
tid og resursar på ei slik sak; eg trudde at administrasjonen hadde lang
viktigare saker å stelle, og eg tillet meg å setje eit spørsmålsteikn ved
arbeidsmåten og prioriteringane til Teknisk Sektor.
Med helsing
Rigmor
Digernes Furseth
|