Til forrige side Til startside Til neste side
     Jomsvikingslaget - side 1 
 
Ei utgreiing -  og ein ny teori om det store Jomsvikingslaget    
 

Teksten nedanfor, og på dei neste sidene, er utdrag frå boka Jomsvikingslaget av Martin Furseth (august 1992).

I sjølve boka er nemnt nokre fleire moment i samband med lokaliseringa av slaget, og der vil du og finne noko meir informasjon om Håkon Jarl, om vikingskipa og ymse anna. 

-

Informasjon som er kome til etter at boka vart gitt ut:

Om Raudøya I

Om Raudøya II

Om Almundhammaren

Litt om god eller dårleg latin

Om tyding av namnet "Ørsta"

Kulturminneatlasen - om bautasteinane på Steinnes

Nær juletider i år 985 kom ein dansk flåtestyrke på seksti store vikingskip,  inn under norskekysten.  Soga fortel at dei kom først til Jæren,  og dei byrja straks å rane og herje.  Men dette var ikkje noko vanleg røvartokt;  Snorre fortel at flåten var 40 skip frå Vendland og 20 skip frå Skåne;  det var jomsvikingane som var komne til Noreg for å finne og drepe Håkon Jarl.

-
Slaget stod på Søre Sunnmøre  
Jomsvikingane for nordetter kysten og herja og drap overalt.  Frå sogene veit vi at dei kom nordom Stad og deretter inn til Herøy på Sunnmøre.  Derifrå for dei inn til øya Hod (Hareidlandet),  nordom og innom øya,  til ein våg som vart kalla Hjorungavågen,  der fann dei Håkon Jarl og den norske leidangflåten.  Dei to sjøhærane la då mot kvarandre i eit stort slag som enda med at danane leid nederlag.  Gjennom denne sigeren var Håkon Jarl med på å trygge grunnen for eit norsk rike,  og danekongen måtte gi opp freistnadene på å vinne herredøme over Noreg denne gongen. 

Slaget er omtala i fleire norsk/islandske soger og skaldedikt.  I disse verka finn vi detaljrike skildringar av opptakta til slaget og av sjølve slaget. Vi får kjennskap til namna åt mange av mennene som var med i striden og korleis hærane var stilte opp mot kvarandre.  I nokre av sogene er slaget skildra med mange einskildepisodar,  om Håkon Jarl som ofra sonen sin til Torgerd Horgabrud,  om haglelingen som kom nordmennene til hjelp då det røynde på som verst.  Og vi kan lese om korleis det heile enda,  om dei slagne hovdingane som vart bundne på stokken for å bøte med livet. 
Sogene gjev óg fleire konkrete skildringar og stadnamn til lokalisering av sjølve slagstaden,  sogeskrivarane gir i det heile svært grundig informasjon for å vise kvar helst slaget stod.  Men likevel veit vi i dag ikkje med visse kvar helst Jomsvikingslaget stod,  og ingen stader på Søre Sunnmøre ser ut til å høve heilt ut med opplysningane i sogene! 
 

Eit stort slag som vart vide kjent  
Dersom ein skal gå ut i frå opplysningane i Heimskringla og dei andre sogene som omtalar slaget i Hjorungavågen,  var dette eit stort slag etter tilhøva på den tida.  Særs mange skip var samla på slagplassen og det var store hærstyrkar som sloss mot kvarandre i ein kvass og blodig strid. 

Jomsvikingane hadde seksti store skip,  og den norske leidangflåten er nemnt til å vere mellom 150 og 300 skip,  som var skeidar,  knarrar,  snekker og handelsskip. 
 

Om vi nøkternt reknar med at jomsvikingane jamt over hadde skip på litt over medels storleik (20-25 rom),  talde hæren i det minste 5000 mann!   Storleiken på leidangstyrken er noko meir usikker,  men etter ei liknande vurdering må den norske hærstyrken reknast til meir enn 8000 mann.  

Dersom vi set den samla mengda av skip til ca 250,  ville dei fylle  eit areal på omlag 200 x 200 m !   Det var i den tida vanleg at dei under sjøslag "slost frå stamnane" dvs at skipa var bundne saman skipssida mot skipssida,  og slagrekkene vart deretter rodde mot kvarandre med framstamnane mot fiendehæren.  Dersom vi reknar med at dei store skipa var omlag 6 m breie,  ville jomsvikingflåten strekkje seg i nær 400 m. lengde! 
 

Manglar éin teori om slagstaden ? 
No er det naturleg nok mange som meiner å vite kvar helst slaget stod,   men når sant skal seiast er dei fleste teoriane mest ynskjetenking og kan ikkje grunngjevast ut i frå kjeldeskriftene.  I mange nyare historiske verk som omtalar Jomsvikingslaget,  finn ein ofte tvilsam og direkte feil informasjon. 

Eit døme kan nemnast frå verket Norges Historie bind 2 (Cappelen - 1976): Her får vi fyrst vite at skipa møttest og la til slag inne i Hjørundfjorden og seinare i same kapittel vert slagstaden omtala som Hjørungavåg!  Ein lesar som er litt kjend med geografien på Sunnmøre vil ikkje få dette til å rime;  Hjørungavågen er i dag namnet på ein våg (Liavågen) nær Hareid.  Om namnet er historisk rett,  er ei anna sak. 
Der verkar óg noko lettvint når Norrøn ordbok gjev tydinga av ordet Primsignd til å vere eit gamalt namn på øya Sula på Sunnmøre. 
 
No kan sjølvsagt dei gamle sogene innehalde både små og store feil,  og i fleire høve har ein sett at geografiske opplysningar er feil eller mistydande i andre av dei nordiske kongs- og ættesogene.  Men dersom vi ikkje med skikkeleg grunngjeving kan vise at opplysningar i jomsvikingsogene er feil,  kan vi heller ikkje vilkårleg endre detaljer som ikkje høver med "vår teori". 

Utgangspunktet må såleis vere å granske sogene,  så nær den originale teksten som mogeleg,  med krav om at det som stend der ikkje kan endrast utan grunngjeving,  så lenge dei ulike sogene innbyrdes ikkje gir ulik informasjon.  Når ein så tek for seg Jomsvikingsogene,  Fagrskinna,  Heimskringla og dei andre kjeldeskriftene,  då vil ein finne at det er svært lite som støttar dei tidlegare teoriane om slagstaden,  medan ein annan stad,  ytste delen av Ørsta-fjorden på Søre Sunnmøre,  høver i nær sagt alle detaljer.  Spørsmålet melder seg med stor tyngde: 

Stod Jomsvikingslaget for omlag 1000 år sidan i vågen mellom Lianeset og Steinneset i Ørsta-fjorden?  
 
































.. Til forrige side  Til neste side