Forrige side   
     
Jomsvikingslaget - tillegg 2005/2006 
 

Nye opplysninger    
(Frå ein artikkel i Møre-Nytt - des. 1998)


-

Om namnet "Ørsta"
.....  Det er freistande, når eg no først har nemnt Jomsvikingslaget, å ta med litt om namna Ørsta og Ørstafjorden. Eg har skrive om dette tidlegare ved eit par høve, og nokon vil kanskje hugse at eg sette fram ein teori om at namnet kjem frå det gammalnorske ordet orrusta som tyder slag, strid, og dermed skulle Ørstafjorden (orrustafjörðinn) tyde: slagfjorden eller fjorden der slaget stod. Ordet orrusta har bøyings-formene orrastr og orrustunnar (jfr. ”ørstinne”).

islandsk nyttar ein orda orrustuskip (slagskip) og orrustuþota (jagerfly).

 

Den eldste skriftlege kjelda til namnet (OErstr), finst i Diplomatarium Norvegicum, saml. 3: brev av 3. mai 1385 (side 347)

Namnegranskarane har gitt nokre tydingar av Ørsta-namnet, rett nok med stor uvisse, men dei fremste trur at namnet er særs gamalt, meir enn 2000 år, og truleg må skrive seg frå særeigne naturtilhøve på staden. (t.d. den vindharde, bårute, snøgge). Det verkar forresten noko meiningslaust når ein namnegranskar fører som grunngjeving at ”ein gamal Ørsting fortalde at dette høvde godt”. Han måtte ha vore styggeleg gamal, den karen ! 

Det er ei kjend sak at Færøyingane talar, og skriv, eit språk som framleis ligg nær opp til gamalnorsk, det målet som vart tala i Noreg i vikingtida. Dei nyttar framleis ordet orrusta, og uttalen av o’en er nær vår ø-lyd: ørrusta. Om du såleis nemner namnet Ørsta til ein Færøying kan du gjerne få eit spørsmål attende: Kva for eit slag stod på den staden, då? Eller om du fortel ein Færøying at du er frå Ørsta, der det store Jomsvikingslaget stod, kan det hende at han svarer: Åja, difor namnet!

No er det slik at dei fleste namnegranskarane avviser ei slik tyding som ”folkeleg etymologi”og vil heller gå til gamalgermanske og urnordiske språkleivningar for å finne namnetydinga. Det er ”god teologi” å hevde at slike stadnamn og fjordnamn aldri skriv seg frå hendingar, men oftast frå personnamn eller naturtilhøve på staden. 
Likevel finn eg rett utanfor mi eiga stovedør eit gamalt namn: slags-ækrane som etter det folk her i grenda veit skriv seg frå eit lite ”slag” som stod der på bøen i gamle dagar. Og for å nemne Færøyane att: der skal finnast fleire slike stadnamn, mellom anna eit: Mannafallsdali – som skriv seg får eit slag med særs stor mannefall, og som stod i den dalen ein gong i tida, truleg før svartedauden. 

Ein kan óg nemne byen Battle i East Sussex i England, som har fått namnet sitt etter det store slaget som oftast blir omtala som "slaget ved Hastings". Det var der William Erobraren i år 1066 vann over den anglosaksiske kongen Harold Godwinson og fekk herredømet over England.


Digernes, 6. desember 1998
Martin Furseth

I ettertid har eg oppdaga at eg ikkje er den første som har tolka Ørsta-namnet på denne måten:

I "Norsk Landboeblad" som kom ut i Volda i tida 1810-1816, gjorde Sivert Aarflot ymse historiske funderingar, og ein stad tolkar han Ørsta som ei avleiing av det gamalnorske substantivet orrosta, og trudde at namnet kunne ha kome av at eit slag hadde stått i fjorden. Han meinte då at det kunne vere tale om slaget ved Rastarkalv som han då ville plassere på Raudøya. (Snorre: slaget på Rastarkalv stod mellom Eirikssønene og Håkon Adalsteinsfostre, truleg i året 955.)
 

 

..