Forrige side   Til neste side
     
Jomsvikingslaget - tillegg 2005/2006  side 3 
 
Nye opplysninger    

Om "tyding" av teksten:  a l m u n n d   h a m r u m

-

I Jomsvikingsoga i A-versjonen av Fagrskinna er det nemnt at Håkon Jarl låg inne ved ein stad

som skulle heite:  à almunnd hamrum

 

Med all respekt for P.A.Munch, men han gjorde vel som dei fleste andre: forsøkte å tolke sogene med utgangspunkt i Liavågen ved Hareid, og fann eit namn i nærleiken som likna: garden Alme og Almestranda.

Han tolka då teksten til: á Álm und hamrinum  og oversette til:  .. inde ved Alme under Hammeren .. .


Han gjorde seg sikkert ikkje tankar om at det verkar heilt urimelig at Håkon Jarl skulle ha lagt seg til med eit eller fleire skip langs den ugjestmilde og hamnlause Almestranda. "Hammeren" er diffust; alle fjordar på Sunnmøre har vel nok av fjellhamrar langs sidene .....

Eg for min del tykkjer at det er meir sannsynleg at ein må kunne lese namnet slik det verkeleg er skrive: ved Almund-hammaren. Eg veit ingen stad som heiter slik, og dette kan soleis vere eit bortkome namn. Men så undrar eg meg på om namnet kan ha ei heilt anna forklaring, at
à almunnd hamrum viser til eit gamalt namn på Liadalsnipa ved innløpet til Ørstafjorden !

Liadalsnipa (Liadalshornet) er vel eit av dei mest særmerkte fjella på Søre Sunnmøre. Ute ved kysten var (er) fjellet mykje nytta som landemerke og som fiske-méd, og ute på øyane, t.d. Godøya, kalla dei før i tida dette fjellet med eit anna namn: Solmundnosa eller Salmundnosa! Mannsnamnet Almund ligg særs nær til Salmund i uttale. Fjell-nemninga "hammar" hadde i oldtida ei litt anna tyding enn det vi legg i ordet i dag; "fremragende, steil klippe" (Falk og Torp).

Eg har alltid rekna det som eit "negativt bevis" at sogeskrivaren, dersom Ørstafjorden er Hjorungavågen, ikkje lokaliserte vågen ved hjelp av Liadalsnipa, som også i vikingtida må har vore eit særs viktig og mykje nytta landemerke.

Men, kanskje gjorde han det likevel ?

 

Bilete av Liadalsnipa  -  og eit bilete frå toppen med utsikt mot Raudøya og Rjåneset.

  http://www.dirnes.net/Martin_Furseth_nettstad.htm

..   Til neste side