Jomsvikingslaget - tillegg 2005/2006  side 2 
 
Meir om Raudøya   
 

(Notat etter telefonsamtale med Solveig Halse Myrvold, Liadal (f.1938))

-

Då ho var lita, truleg under eller rett etter siste krig, spurde ho bestefar sin, Jørgen Halse (1872 – 1960), om kvifor Raudøya hadde det namnet, ho var då ikkje spesielt raud ?

 

Han gav henne då denne forklaringa:

Han kunne heller ikkje gi noka god forklaring på raud-namnet, men la til at  Raudøya heitte noko anna før i tida: Primsigd eller Sigdarholm, og det namnet skulla ha kome av at øya såg ut som ein sigd når ein såg ned  på henne frå høgda lenger oppe i fjellsida.

 

Solveig H.M. nytta denne informasjonen i ei revyvise ho skreiv for eit lag på Håvoll, ho nytta då namnet ”Sigdarholm” og visa vart skriva på slutten av 80-talet (1986?) Slik var første verset:

Bue Digre redda gullet

sprang til fjells på lette bein

Gøymde skatten i ei hole

medan spjut og pilar kvein.

Gamle skaldar kvesste kniven;

Skar små runer nøye inn,

her vart méd og merke skildra

på eit nyflådd okseskinn.

Slaget stod ved Hjørungsteinar

og vi har forklaringa

på at det var her i bygda

sjølve krisområdet va`.

Slik eit storslag sette merke

i terreng, i mann og møy.

Lune, gode Sigdarholmen

vart ei blodige, raude øy!

 

Raudøya der ho ligg ytst i Ørstafjorden, stend for meg som ein litt løyndomsfull stad med ein historisk dåm over seg. I gamle dagar må øya ha vore som eit midtpunkt på Søre Sunnmøre, sentralt i innseglinga frå Hærøyane og rett under dei to mest særmerkte landemerka på våre kantar: Liadalsnipa og Liaveten. Ho er særmerkt på skap og har ein framifrå hamneplass som gir god livd for all slags uver. Slik sett er eg overtydd om at ho må ha hatt eit namn som fortalde om noko anna enn litt raud berggrunn eller visna vegetasjon.
   http://www.dirnes.net/Martin_Furseth_nettstad.htm

.. Til neste side