Nye
opplysninger
(Frå ein artikkel i Møre-Nytt - des. 1998)
Raudøya
I desember 1998 hadde Møre-Nytt ein reportasje frå ei bygdevandring på Raudøya der lokalhistorikaren Ellingsen og deltakarane hadde drøfta korleis namnet "Raudøya" hadde kome til. Den gjengse forklaringa om at namnet skriv seg frå raudfarge på bergrunnen må vel vere heller tvilsam sidan stein og berg på øya slett ikkje er noko raudare enn andre stader her ikring.
Eg har ikkje granska nøyare dei eldste, skriftlege kjeldene, men etter det eg veit vart namnet skrive Røedøen i 1666 og Rødøen i 1723. Hans Strøm skreiv Rødøe i 1766. Eg har såleis ofte undra meg på om namnet Raudøya kanskje har kome til på grunn av ei misforstått "fornorsking" av det gamle namnet. Dersom det rette, opphavlege namnet på øya verkeleg skal vere Rødøya, kan namnet ha same tyding som t.d. Rødland som namnegranskarane gjerne set i samband med det gammalnorske ordet "røyrr" som tyder røys eller gravrøys. Rødland skulle såleis tyde røyrr-land; staden med gravrøysene. Vi veit alle at det finst uvanleg mange gravrøyser på Raudøya, og det ville ikkje vere urimeleg om namnet då skulle ha kome av Røyrr-eyna, dvs. "gravrøys-øya".
Men som oftast når det gjeld namnetyding, kan vi finne andre like gode (eller dårlege?) løysingar. Namneforma Raudøya som, når alt kjem til alt, truleg er den rette forma, kan og ha ulike tydingar. I boka Jomsvikingslaget (1992) nemnde eg litt om korleis fargeadjektivet
raudr i norrøn språkbruk vart nytta for å skildre det som var særs brutalt, blodig og valdeleg. Vi kjenner ord som
raudagalinn (splitter gal), raudavikingr (vill, blodtørstig viking), eller
raudarán (blodig valdsran). Namnet Raudr-eyna kunne såleis ha kome til dersom særs valdelege og blodige hendingar hadde funne stad ute på øya ein gong i historisk tid.
Men for namnet Raudøya kan vi òg drøfte ei anna tyding som viser til
gravrøysene: det gammalnorske ordet hraun tyder steingrunn eller steindunge og forma
Hraun-eyna kan gjennom tidene ha fått endra uttale til: Raudøya. Ordet
hraun gjekk ut av bruk i norsk språk, og i dialekta vår, og i øynamnet kunne det etter kvart ha blitt bytt ut med ordet raud som låg særs nær i uttale.
Denne siste forklaringa er vel den mest truverdige; i alle høve meir truverdig enn raudfarge-tydinga.
No var det elles noko forunderleg eg beit meg merke i frå reportasjen i Møre-Nytt: folk
der på øya held jordsmonnet der ute for å vere heilagt ! Dette er ei noko underleg utsegn, ein kunne tale om at jorda er næringsrik, undergjerande, lækjande, eller eit kvart slikt. Men heilag jord har eg aldri høyrt om før.
I boka om Jomsvikingslaget har eg vist at slagstaden truleg er å finne ytst i Ørstafjorden. Nord om den vågen der slaget stod, låg det ei øy som sogene kallar "Primsigd" eller "Primsignd". Denne øya er av sogegranskarane rekna for å vere ei heiden eller kristen heilagøy, og om dette slaget verkeleg stod i Ørstafjorden, er det nett Raudøya som måtte vere denne øya. Ei øy med heilag jord !
Men då har vi å gjere med to namn på øya ytst i Ørstafjorden : Primsig(n)d og Raudøya. Dermed møter vi truleg motbør frå namnegranskarane som reknar med at namna på øyar, fjordar osb. særs sjeldan har endra seg gjennom tidene, og så visst ikkje på grunn av ei hending, som t.d. eit slag. Men dersom Primsig(n)d verkeleg var namnet på ei øy i tida stutt før år 1000, så finst det ikkje no lenger, og ei øy på Søre Sunnmøre
må ha fått nytt namn !
Øya kunne såleis i gamle dagar heite anten Primsigd som tyder ”nymåne-øya”, eller Primsignd som kunne tyde ”den primsigna øya”; begge namna ville peike på ei heilagøy, anten i norrøn eller kristen tid. Seinare fekk ho namnet ”hraun-eyna”, og deretter Raudøya, på grunn av dei mange gravrøysene.
Digernes, 6. desember 1998
Martin Furseth
|
|