Til forrige side  Til startside  Til neste side
Jomsvikingslaget - side 3 
  
Vågen   

Det verkar litt merkeleg at sogeskrivaren forklarer både at munninga er mot vest og at botnen er mot aust.  Ein skulle tru at den eine retninga var nok,  då måtte den andre gi seg sjølv.  Men dersom ein ser på kartet over Ørsta-fjorden,  vil ein måtte sanne at her var ei slik forklaring på sin plass ! 
Det kan vere verd å merke seg at Liavågen ved Hareid vender i motsett himmelretning! 
 
 

Bautasteinane
Opplysningane om  "dei tre steinane" er blitt årsak til fleire underlege teoriar. 
Ved Liavågen er dei blitt til tre fluder i munninga av vågen,  og i Hjørundfjorden til tre skjer nær land.  Andre vil ha dei til å vere tre fjell.   I Flateyarsoga stend det kort og presist: "þar standa stæinar þrir" - og ein kan vel vanskeleg omsette dette til noko anna enn:  Der stend tre bautasteinar
På Steinnes  ved utløpet av Ørstafjorden,  stod der omkring år 1880  tre bautasteinar,  ein 3 m. høg og to andre ca. 2,25 m. (Kilde B.E.Bendixen -1880,  referert av I.Myklebust i "Ørsta").  Rundt den eine steinen var det visstnok ein steinring av ukjent tverrmål.  To av steinane stend der framleis. Dei låg tidlegare nede,  men i nyare tid har dei blitt røyst opp att,  om ikkje heilt på den opphavlege staden.  Den eine steinen fekk då nokre innskrifter,  men to innhogde bokstaver (R og P) ser ut til å vere av eldre dato. 
Dei mange gravrøysene i same området er truleg frå før år 1000,  og det er rimeleg at bautasteinane må vere like gamle. 
 
Øya
Jomsvikingsogene nemner øya Primsignd,  og den gjengse tydinga av dette namnet er: "første signing" (av latin: primum signum),  dvs. at dette skulle vere ei nyare nemning på ei tidlegare heiden heilagøy som hadde fått ei kristen signing. 
No kan det kanskje tenkjast andre tydingar;  det er då noko underleg at sogeforfattaren her nyttar eit latinsk ord,  medan teksten elles utan unnatak er på gamalnorsk!   Den gammalnorske teksten på motståande side (en ey er Primsigd hæitir)  er henta frå Jomsvikingsoga i Flateyarboka,  og der er namnet ikkje skreve "Primsignd" men:  "Primsigd". 
Dersom ein knyter namnet til Raudøya ved utløpet av Ørsta-fjorden,  høver dette svært godt:  Ordet "primsigd" kan tyde "nymåne-sigden" og det er nett den forma Raudøya har,  sett frå sjøsida ved Rjåneset ! 
Ordet "prim" tyder "nymåne"  og "sigd" kjem av å skjera og tyder "sigd" slik vi forstår ordet i dag.  Primsigd er framleis nytta i vår tid på Færøyane i tydinga: nymånesigden. 
I ein artikkel i "Maal og minne" i 1956 la Didrik Arup Seip fram denne tydinga av det gamle øynamnet,  men han knyter det til øya Sula på Sunnmøre.  For ein som er kjend på Sunnmøre,  verkar dette tillaga;  Sula liknar slett ikkje på nokon "månesigd",  berre i stor høgde frå eit fly kan ein med litt godvilje få "landskapet til å stemme med kartet". 

Offerstaden 
Sogene fortel at jarlen ofra sonen sin for å få siger. Vi veit ikkje heilt om vi skal tru på dette, helst er det eit tillegg soga har fått gjennom dei hundreåra det tok før ho vart nedskriva. 
Men sett no at vi vil tru at ofringa likevel skjedde, slik som ein kan lese i t.d. Flateyarboka: 
 
Jarlen let guten hente og gav han i hendene åt Skofte trælen sin. Skofte blota då guten med dei bønene som Håkon hadde bedd han seie fram. Etter dette for jarlen attende til skipa og eggja folket sitt til ny strid.

Då er det med litt undring ein les frå listene frå Historisk museum over fornminne- registreringane frå Raudøya, på bruk nr 3: 
Røys? Husmur? på berg, firkanta 6x8m. Vest og nordside er greie, rette og lagde med store steinar tett saman og rett på berget. Det er ikkje lett å tru på hus her. 

Det er mykje truleg at øya for tusen år sidan hadde stor og tett skog, og der inne mellom trea stod altså denne konstruksjonen av stein. Dersom det ikkje var eit hus og ikkje ei gravrøys;  kunne steinane då vere restane etter ei horg eller eit hov frå heiden tid?  I så fall ville det vere freistande å tru at dette kunne vere staden der jarlen let taka livet av sonen sin, som blotoffer til ættegudinna Torgerd Holgabrud. 
 

Skjeret midt i vågen
Om natta etter slaget greidde 70-80 jomsvikingar å kome seg opp på dette skjeret,  og det måtte då vere Lianesholmen.  Han er liten nok til å kallast eit skjer,  men og stor nok til å røme så mange menn.  Dette høver med skildringa i sogene,  med eit unnatak:  holmen ligg tett ved Lianeset og altså ikkje like langt frå land på alle sider. 
Her kan ein likevel setje eit spørsmålsteikn ved sogeteksten:  I soga stend det at vikingane trudde at dei var komne til land då dei kom seg opp på skjeret.  Dette rimer ikkje dersom skjeret verkeleg låg midt i vågen,  dei måtte ha orientert seg såpass på staden før og under slaget  og visst betre.   Derimot kan ein lett tru at Lianesholmen er landfast  når ein kjem innover fjorden for første gong.