Nye opplysninger: litt om god eller dårleg latin | ||
I Flateyarbok stend det: en ey su liggr firir uiginn nordr er Primsigd hæitir dvs: nord om vågen ligg ei øy som heiter Primsigd. Vidare er det nemnt at en Harund liggr firir sunnan fiordinn en þar er Harundarfiordr inn fra dvs at sør for Hjorungavågen ligg ein stad som heiter Harund, og deirfrå går Harundarfjroden inn. |
||
I ein artikkel frå 1999 drøfta John Megaard dei ymse kjeldene til slaget i Hjorungavåg, der han gjorde freistnad på å knyte namna Primsig(n)d og Harund til kjende øynamn på Sunnmøre. Gjennom nokså innfløkte, og hypotetiske tolkingar, kom han fram til at dei to namna kunne knytast til Vigra og Sula. (Dermed fann han grunngjeving for å plassere slagstaden i Aspevågen ved Ålesund.)
Hypotesen til Megaard kan oppsummerast slik: Norrønt øynamn Vigr (Vigra) -> omsett til eit latinsk ord -> feilaktig omsett attende til norrønt: Primsigd eller Primsignd Norrønt øynamn Sul (Sula) -> omsett til eit latinsk ord -> feilaktig omsett attende til norrønt: Harund eller Haurund
Eg skal ikkje gi meg ut på å vurdere Megaard sin argumentasjon i desse namnetolkingane, men vil i det minste peike på fire moment som i særleg grad svekkjer teorien:
Vi kan seie at Vartdalsfjorden "går inn" og Hjørundfjorden "går inn", men for ein lokalkjend verkar det feil å bruke denne uttrykksmåten om Sulafjorden! Namnet blir nytta om fjordstykket som ligg under, syd for Sula, og ein ville kunne seie at "sør om Sula ligg Sulafjorden". Han går ikkje inn nokon stad!
I mangel av "høvelege" tydingar, er det mange som har tydd til latinen, særleg for å forklare øynamnet Primsigd. Men så er det altså slik at både primsigd og harund er gode og fullt forståeleg norrøne ord: Primsigd tyder: nymånesigden (prim = ny eller nymåne og sigd = sigðr = sigd eller skjere) Harund (haurund) = Horund = manns-lem eller penis
Einkvar som har ei norrøn ordbok kan slå opp orda og sjå at dette stemmer. Eg har alltid halde for urimeleg at dei norrøne tekstane til jomsvikingsogene, heilt umotivert skulle innehalde eit eller to "latinifiserte" ord. Ein må heller leite etter øyar/stader med ein naturleg utsjånad som kan høve etter dei norrøne namna. Og sjølvsagt kan ein finne dei, nett der sogene har plassert dei i høve til slagstaden: Raudøya ytst i Ørstafjorden har ein udiskutabel, særmerkt skap som ein nymånesigd. Og finst det då eit "horund" sør for vågen? Sjå på biletet av Klubben nedanfor og døm sjølv!
|
||
![]() |
|
Lenker: Artikkel av Johan Megaard (1999)
|
Bilete av Klubben ved Digernes i Ørstafjorden. Foto: M.Furseth |
||