|
3 | ||||||||||
![]() |
Jin Runar måla helst i olje og gjerne på store lerret. Dei fleste selde han eller gav bort og dei ville heller ikkje ha presentert seg på nokon god måte i dette mediet. Men i dei to åra på kunstskolen produserte han tegninger, skisser, grafiske arbeid, skulpturar, akvareller, og nokre få av arbeida er tekne med på denne sida. Berre to år fekk han, og nokre få sommar- og haust- månader, til å utvikle sitt talent som bildande kunstnar. |
||||||||||
![]() |
Det meste vi sit att med, er skisser og elev- arbeid, men det er lett å sjå at han hadde sans for fargar og komposisjon og hadde evne til å skape liv på eit lerret eller på eit stykke papir. På kunstskolen var han ein aktiv og energisk elev, og han blei etter kvart fagmann - på fargar, reiskap og teknikkar. Han kjende seg tidleg heime i miljøet og gjekk inn for oppgåvene med stor intensitet. I atelieret kunne han somme tider gløyme både tid og stad og måle til langt på natt. |
||||||||||
![]() |
Stilleben med glasbolle og vase |
||||||||||
|
![]() |
||||||||||
![]() |
.
|
||||||||||
|
|
||||||||||