Minneord

   Minnedikt

   Treet
   Virkelighet
   Ond Gjerning

   Jin  i arbeid  I

      ---"---         II

     ---"---         III

      ---"---         IV

 


 

 

Minneord om Jin Runar Digernes Furseth  (frå Møre-Nytt, Ørsta,  5. november 1996)  

 

Den gode venen vår, Jin Runar vart offer for mordarhand i Ålesund den 31. oktober. Hendinga har gitt oss bod om at den meiningslause valden kan råke alle. I ettertid kan vi spørje oss kvifor ein så snill og hjelpsam person kan verte mordoffer. Jin Runar tok avstand frå all vald og våpenbruk, og dette var også årsaka til at han ikkje såg det meiningsfullt å gjere militærteneste.

 

Jin var alltid optimist, og hadde eit positivt syn på livet. Han såg alltid framover med iver og glød. Alltid hadde han eit prosjekt som skulle fullførast eller ein ide som skulle setjast ut i livet. Han var ein kjenslerik person og han gav kjenslene og tankane ansikt gjennom kunsten sin. Jin hadde som mål å glede andre. Han var iderik, og ved sida av å vere kunstnar var han initiativrik og raus overfor oss venene.    
   
Jin var reflektert og hjelpte oss ofte til å sjå sakene i eit større perspektiv. Han kunne vere kritisk, og han sa gjerne frå om ting han var usamd i. På same tid var han open, og han fortalde alltid om kva han heldt på med og kva han tenkte. I tillegg til biletkunsten var Jin m.a. mykje interessert i musikk, og han sa sjeldan nei til å synge ei vise eller spele ein låt på gitaren.

   
Jin såg det beste i alt og alle, og han hadde grunnleggande tiltru og tillit til medmenneska rundt seg. Vi har gjennom mange år fått prov av Jin på kva ein ekte ven er. Han har vore flink til å ta kontakt, til å ha medkjensle og til å yte hjelp. Sjølv om vi i den siste tida har opphalde oss ulike stader i landet, har han ofte teke kontakt per telefon. Meldingane frå han i den siste tida var positive. Han meinte at det no såg lyst ut med det kunstnarlege arbeidet, og han gav inntrykk av å vere lukkeleg i Ålesund saman med Elin.   
   
For oss som har hatt Jin Runar Furseth til nær ven gjennom mange år, vil han i minnet for alltid stå som den smilande glade, snille og hjelpsame. Gjennom bileta sine har han sett spor som vil vare, men dei viktigaste og beste opplevingane med Jin vil vi lagre i minnet vårt.   
 

Hans Petter Brenk Rønning        Einar Yngve Aarflot        Jan Olav Kjøde   
Nina Hetland           Ann-Kristin Liestøl           Synnøve Digernes Stave