Jin Runar Digernes Furseth    miste livet saman med kjærasten sin, Elin Dalsegg,  kvelden den 31. oktober 1996. Drapsmannen tok seg inn gjennom to låste dører, og i deira eiga stove skaut han Jin og Elin med i alt fem skot frå ein grovkalibra pistol. Det er i disse dagar teke ut tiltale for overlagt drap mot draps-mannen, og rettsaka startar 1. september 1997.  
    Kort biografi   - her kan du lese meir om kven Jin Runar var.  
    Minneord    - som nokre av venene hans skreiv etter gravferda.  
     
     Dikt   - om Jin Runar 

     Elin  - Litt om Elin og ein artikkel av Ann Sylvi Larsen 

Media/PFU   
Nokre av avisene omtala hendingane drapsnatta, og Jin Runar som person, på ein særs sårande og urettvis måte; noko som var ei tung, ekstra bør for oss som miste ein son, ein bror eller ein god ven. På sidene:  PFU1 og   PFU2   kan du lese klagebreva eg sende til Pressens Faglige Utvalg  - den 30.mars og 25.april 1997   
Svaret kom den 21.mai 1997:  Klaga vart avvist som "foreldet i hht PFU-vedtektenes klagefrist på tre måneder".  
 

Tillegg - oktober 1997 

Etter at rettsaka mot drapsmannen tok til den 1. september 1997, vart det som venta mykje mediaomtale, og nokre aviser heldt fram med å omtale Jin Runar på ein negativ måte. På sida  Nettavisen kan du lese E-mail eg sende til redaktør  Odd Harald Hauge.  Pr i dag (7.okt.) har eg ikkje motteke svar eller annan reaksjon.   

VG heldt fram i same "tonen" som tidlegare (30.9 og 5.10), og ny klage er sendt til Pressens Faglige Utvalg. Brevet finn du på sida  PFU3 
 
 

Sist oppdatert: 9.10.97 

 
  Tilbake