|
. Tilfang til Ørstabunaden -
- Mønster-rissa på livstykket er gjort med krit, og er meint berre som ei rettleiing for plassering av broderiet. Ved montering av bunaden, må mønsteret tilpassast måla til den som skal ha bunaden. Rissa bør tråklast over, då kritstreka blir borte ved handsaming av stoffet.
Stoffet i bunaden er i 100% ull og kan vere i svart eller mørk blå farge. Ullstoff bør dampast minst mulig, og helst berre på baksida. Bruk ikkje våt, men ein lett fuktig klut, og stryk forsiktig til kluten er tørr. Vanleg dampetemperatur for ullstoff er 160 grader C.
Feil som er gjort under brodering (som oftast stramt broderi) kan ikkje rettast på med damping! - Linstoffet som er nytta til Ørstaskjorta bør ikkje kokevaskast.
- |
|||||
|
.
|
|||||