.........

Om Ørstabunaden   

Bakgrunn:  Etter at det i lang tid hadde det vore samla inn tekstilar og gamle broderi i bygda, vart 

kvinnebunaden ferdig utarbeidd i 1946-47 av ei gruppe Ørstakvinner, Mina Velle, Johanne Bøe, Signe Garmo, Nicco Ørstavik, Ragna Engeset og Elisabeth Krøvel. Kunstmålar Karl Straume var med på arbeidet med å teikne ut rosene etter dei gamle mønstrene.  Sjå: utdrag av skriv frå  1947. 

Utforming:  Bunadskjolen har ermelaust liv, sydd på folda eller pipa stakk. Særmerkt for Ørstabunaden er at han ikkje har forklé, og ni store roser er brodert nede på sjølve stakken.  Bunaden skal vere i svart eller mørkt blått ullstoff, og det høyrer til ei kollehuve etter gamalt mønster, og ein kep som er utarbeidd etter det ein før kalla kyrkjekåpe.  

Av bunadsølv er særskilt utarbeidd for Ørstabunaden ein halsknapp og mansjettknappar etter mønster 

frå ein knapp som i si tid vart laga av ein smed frå Brekke. Ei ny sølje, øyrepynt og ein ring er no laga spesielt for Ørstabunaden, med motiv frå broderiet på bunaden.

Lommelåsen er i messing, og Urmakar Rygh får framleis låsen støypt i sandform etter den originale forma i bjørk som treskjerar Arne Kinsarvik i Volda skar ut, etter ein gamal lås frå Moe. 

Skjorta til Ørstabunaden skal ha holsaumfald på ermelinningane, rundt om halsen og i opninga framme. 

På skulderlaskane har skjorta kvitt broderi. Skjortesoffet er i 18-tråders heil-lin.

Etter mønster frå kvinnebunaden er det utarbeidd ein barnebunad. Broderiet er noko enklare, men fargar og 

stoff er dei same som for vaksnebunaden.  

Nemnda for Ørstabunaden har og utarbeidd ein eigen mannsbunad for Ørsta.  

( januar/ 2008)

 

Nemnda for Ørstabunaden er oppnemnd av Ørsta Bygdemuseumslag og er gitt som oppgåve å halde bunaden i hevd etter dei gamle retningslinene som vart fastsett av den første bunadsnemnda.  Sjå utdrag av skriv frå 1947.

Bunadsnemnda har utarbeidd (2005) eit hefte m/rettleiing for brodering og montering av kvinnebunaden og skjorta. 

.

Tilfang og påteikning til kvinnebunaden, jentebunaden og skjorta blir levert av firma Signy Digernes, Ørsta. 

   

Firma  Urmakar Rygh, Ørsta  leverer bunadsølvet og lommelåsen.

 

 

 

Om norske bunader generelt, sjå: Bunad- og folkedraktrådet  som er ein nasjonal faginstitusjon som arbeider for å fremje kunnskap om folkedrakt og bunad som kulturuttrykk, og bruk og tilvirking av desse drakttypane.