|
|
|
|
|
.
Tilfang
til
Ørstabunaden
kan tingast hos firma: Signy Digernes, Ørsta,
sjå nettstad:
- Vi gir råd og rettleiing om brodering og montering, og du kan få kjøpe eller låne broderiprøver og/eller fargeplansjer av rosene. Ta gjerne kontakt med oss for bestilling, eller meir informasjon, pr.: Telefon: 700 66 083 E-post: signy.digernes@dirnes.net Postadresse: postboks 92, 6151 Ørsta . Til kvinnebunaden og jentebunaden leverer vi følgjande: . Ullstoff, svart eller marineblått Kvaliteten er 2-skaft stoff i 100% ull. Vi leverer mål etter bestilling. Til ein bunad av medium størrelse er stoff-tilfanget slik: kep (kåpe) 200cm, livstykket 60cm, skjørtstykker 2 x 110cm - Påteikning Kritt-riss av klippemønster, og påteikning av alle rosene for brodering. - Forstoff Ferdig krympa baskerlin til livet. Raudt bomullstoff til lomma. - Broderigarn etc. Ullgarn: 9 farger som vert innfarga for Ørsta-bunaden hos Rauma Ullvarefabrikk AS. Blått og kvitt moulinegarn. Raude ullband og ev. kvite perler - Rettleiing Hefte med rettleiing for brodering og montering av kvinnebunad og skjorte. . Tilfang til Ørsta-skjorta: Ferdig klipt skjortelin, i kvalitet 18-tråders heil-lin. Lingarn til broderi og holsam-fald. Påteikning av roser på skulderstykka. Om ikkje anna er bestilt, blir tilfanget levert til å passe str. 42-46.
|
||