Etter at det i lang tid hadde det vore samla inn tekstilar og gamle broderi i bygda, vart kvinnebunaden ferdig utarbeidd i 1946-47

 av Nemnda for Ørstabunaden. Kunstmålar Karl Straume var med på arbeidet med å teikne ut rosene etter dei gamle mønstrene.

 
Særmerkt for Ørstabunaden er at han ikkje har forklé, og ni store roser er brodert nede på sjølve skjørtet. Bunaden skal vere i svart eller mørkt blått ullstoff, og det høyrer til ei kollehuve og ein kep som er utarbeidd etter det ein før kalla kyrkjekåpe.

 

Av bunadsølv er særskilt utarbeidd for Ørstabunaden ein halsknapp og mansjett-knappar, etter mønster frå ein knapp som i si tid vart laga av ein smed frå Brekke. Ei ny sølje er no laga spesielt for Ørstabunaden, med motiv frå broderiet på bunaden.

Lommelåsen er i messing, og er forma etter ein

gamal lås frå Moe i Ørsta.


 

Skjorta til Ørstabunaden skal ha holsaumfald på erme-linningane, rundt om halsen og i opninga framme.

På skulderlaskane har skjorta kvitt broderi.

Skjortesoffet er i 18-tråders heil-lin.

                      Etter mønster frå kvinnebunaden

 er det utarbeidd ein barnebunad.

               Broderiet er noko enklare,

men fargar og stoff er dei

 same som for vaksnebunaden.

Nemnda for Ørstabunaden har óg

utarbeidd ein eigen mannsbunad for Ørsta.

-