Tida
Den tida han levde i,
blir innan litteraturhistoria gjerne kalla realismen og seinare
naturalismen, og fleire kjende forfattarar fekk sitt gjennombrot
i desse åra. Knut Hamsun sin roman ”Sult” kom ut i 1890, og ”Albertine”
av Christian Krohg kom ut i 1886.
Forfattarane i denne
tida skreiv for å forandre samfunnet ved å setje problema under debatt.
Både realistane og naturalistane skildra problem som fattigdom,
alkoholisme og prostitusjon, og tekstane var ofte særs tragiske.
Realistane meinte at eit menneske sjølv var ansvarleg for sine
handlingar og slik kunne styre lagnaden sin, medan naturalistane hadde
ei meir deterministisk haldning og meinte at menneska var prega av arv
og miljø og kunne ikkje endre seg; var ein fødd fattig ville ein bli
fattig for resten av livet.
Dei som vert omtala
som ”dei fire store” innan norsk litteraturhistorie, levde og skreiv i
denne tida; Bjørnstjerne Bjørnson (1832-1910), Henrik Ibsen (1828-1906),
Alexander Kielland (1849-1906) og Jonas Lie (1833-1908). Sivert var
samtidig med Sigbjørn Obstfelder, Noregs første modernistiske diktar.
Dei to hadde jamvel eit samanfallande livsløp: begge var fødde i 1866 og
begge døydde av tuberkulose i 1900.
Verdens Gang
(1868-1923) var i mange år den mest utbreidde politiske avisa i Noreg,
og hadde mange av landets beste politiske, litterære og vetskapelege
krefter som medarbeidarar, særleg i tida 1878 til 1910 då Olav
Thommessen var redaktør. Det var ikkje kven som helst som kom på trykk i
avisa, og då Sivert Digernes fekk inn dei to novellene sine, var han
godt selskap med ”dei fire store” og t.d. Knut Hamsun, Arne Garborg,
Christian Krohg og mange andre av dei kjende forfattarane og
kulturpersonane frå den tida.
Et Udskud
skildrar, gjennom hovudpersonen Nils, skuggesidene av livet i ein storby
som Kristiania, med klare deterministiske trekk. Lagnaden og tilhøva i
samfunnet har gjort Nils til ein lasaron, og det er inga von om at han
kan få eit betre liv. Forteljinga En Stril handlar om den
tragiske lagnaden til fiskaren og losen Ola Vikjen. Lukke og ulukke var
så visst ikkje rettvist fordelt i hans liv, og sjølv om han strevde
etter beste evne på å gjere det rette, var det ikkje gitt at enden var
god. Begge desse forteljingane høyrer utan tvil til heime i den
naturalistiske stilretninga.
Novella
Juleøllet hans Anders Moen må derimot kunne karakteriserast som
ei bonderomantisk forteljing, som gir oss eit lite glimt av livet i eit
norsk bondesamfunn på slutten av 1800-talet. Det er særs truleg at
Sivert hadde henta ideen til forteljinga frå hendingar og personar som
han hadde høyrt om i heimbygda.
Frå det vi har funne
av arbeida hans, og frå omtalen i nekrologane, må vi tru at Sivert hadde
eit stort talent, både som journalist og forfattar. Ein kan berre
fundere på korleis det ville ha gått med han, om han hadde fått leve
lenger; truleg ville han ha gjort seg gjeldande i norsk kulturliv i
byrjinga av 1900-talet. Men lagnaden ville det annleis, Sivert ”freista
motburd i alle sine fyremål” og han døydde altfor tidleg. Likevel
bør Sivert Digernes nemnast når kultursoga for Ørsta skal forteljast.
|