Sivert Digernes

Fødd i Ørsta 1866

død i Kristiania 1899.

 

Journalist og skribent i Kristiania 1883 - 1900

 

Innleiing........

Oppvekst.......

Ætta.............

Kristiania 1.....

Lofoten ........

Kristiania 2 ....

Liv og lagnad .

Tida..............

Et Udskud......

En Stril..........

Juleøllet ........

Konkurence....

Illustrasjoner..

Bibliografi....

    2  

Oppvekst

 

I eit minneord i Heimhug den 21. mars 1900, gav J.R.(sjå nedanfor) denne karakteristikken av Sivert:

”Han var den stillvorne, truverduge, godlynte guten. Vondskap fanst ikkje hjå han. Alltid var han den heilt ut ærlege  og trugne venen, baade heime og paa skulen. Sivert freista motburd i alle sine fyremaal. Det var som lagnaden gjorde narr av den gode gjevnad. Far og mor miste han i ung alder. So kom han til syster si, som var gift, og trast etter til framande på sin eigen farsgard.”

 

Vi veit ikkje om alle omstende som gjorde at J.R. omtala Sivert med slikt vemod, men ikkje minst tenkte han nok på oppveksten i tronge kår i ein heim som vart oppløyst då Sivert var berre 10 år gamal. Året 1876, då dei måtte gå frå garden, var nok ei vond tid som kan ha gjeve han traume som han bar med seg resten av livet. Ikkje mindre enn 7 personar frå Digernes og Selbervika døydde dette året, mellom dei farfar og far til Sivert som begge døydde i november 1876.

 

Etter at husbonden døydde, sat familien att i heller ringe kår. Ei av døtrene fortalde seinare at dei kunne bli bedne om å drikke ei ”vassause” om kvelden, for å døyve svolten når dei skulle leggje seg. Det blir og fortalt at mora, Ingeborg Henriksdatter, ikkje greidde å rå med den vonde lagnaden, og ho vart sjuk og sengeliggjande. I eit brev, mange år seinare, minnest Sivert denne vonde tida, og han skreiv at han … drømmer saa ofte om de forskjellige Begivenheder i det Ulykkens Aar, da vor Fader døde, …. Her fortalde han også at han og systrene sat og gret oppe på ”Storehaua” på Digernes medan dei såg at mora vart skyssa i trerøringen ut fjorden, for å fare til Ålesund og derifrå sendast med dampskipet til Trondheim og Rotvold.

 

Sivert, og truleg óg Severine, fekk bu ei tid i fostring hjå Dorte og Johannes Arnesen på heimegarden på Digernes. Men i august eller september 1879 reiste Severine og Sivert til Nordland for å bu i heimen til systera Marta og Enok Sandvik. 11 og 13 år gamle reiste dei to aleine, med båt frå Volda til Trondheim, deretter med dampskipet ”Orion” til Dønna. Turen tok fire dagar, og i eit brev til systera Anna skreiv Sivert at ”Vi havde søsygen når vi rejste over Hustadviken, men sidden kjente vi ikke stort”. Sivert vart buande hjå syster si på Dønna i nær på tre år. Ei tid budde dei truleg i Kobberdal på øya Løkta, men seinare ser det ut til at dei budde i Breistrand eller Breistrandvik på Sør-Dønna.

I juli 1882 reiste Sivert tilbake til Sunnmøre og fekk seg bustad i Volda, truleg hos skomakar Siverin Halkjelsvik. Han hadde litt pengar som han hadde fått i arv, og som han no ville nytte til utdanning. Litt fekk han óg låne frå systera Anna (Mork).

 

Voldens høiere Almueskole med annecteret Dannelses-anstalt for Almueskolelærere var i drift i 19 år frå 1861, og sette spor etter seg med nasjonale kjendisar som Bernt Støylen, Anders Hovden og Rasmus Steinsvik. Av ymse årsaker vart denne lærarskulen lagt ned i 1880. Men hausten 1882 kom skulen i gang att som Voldens høiere Almueskole, det var vel denne skulen som i den tida vart omtala som ”middelskulen”. Det var 2 eittårs-klasser, og styrar i dei første åra var kand.teol. L. Christensen. På denne skulen gjekk Sivert i skuleåret 1882 til 1883. I minneboka hans finn vi helsingar frå lærarar og medelevar, dei første datert i juli 1882.

 

I eit brev datert 15. april 1883 skreiv han til Anna at pengane snart tok slutt, men at han likevel vil freiste å kome seg til hovudstaden for å gå meir på skule.  ”Kan jeg til høsten skrabe sammen så meget penge som ca. 30 daler reiser jeg til Christiania, og tager så middelskole examen til næste sommer”

 

Ein gong ut på sumaren 1883 reiste han, berre 17 år gamal, til Kristiania og var buande der resten av livet.

 

 

Sivert (Sigvard) Digernes (1866-1900)

Biletet er teke hos Lr. Andersen Photografisk Atelier i Ålesund,

 truleg sumaren 1883 då Sivert reiste til Kristiania.

 

Biletet er utlånt av Ingrid Oda Mork, Oslo

 

 

 
 
Redigert av Martin Furseth, mars 2012