Sivert Digernes

Fødd i Ørsta 1866

død i Kristiania 1899.

 

Journalist og skribent i Kristiania 1883 - 1900

 

Innleiing........

Oppvekst.......

Ætta.............

Kristiania 1.....

Lofoten ........

Kristiania 2 ....

Liv og lagnad .

Tida..............

Et Udskud......

En Stril..........

Juleøllet ........

Konkurence....

Illustrasjoner..

Bibliografi....

  4  

Kristiania I

 

Han ville få seg utdanning og hadde nok tankar om å bli student og kunne få studere på universitetet. Hausten 1883 fekk han seg plass på eit ”seminar”, truleg ein av dei mange ”puggeskulane” i byen, for å lese til realskuleeksamen. Men pengane tok nok slutt snarare enn han hadde tenkt, og han fekk det særs vanskeleg. I eit brev av 21. november 1883 skreiv han til Anna og fortalde litt om korleis han hadde det. Han ber om årsaking for at han ikkje har skrive brev, men  ” - - jeg har ikke bestandig havt så meget som brevporto. Jeg har skrevet et brev både til dig og Sevrine for 3 uger siden men jeg har næsten bestandig manglet penger til at få det afsendt.

Det går nu så og så med mig, som du vel kan tenke dig, da jeg mangler det nødvendigste for at allting skal gå godt. Penge har jeg ikke og det ser mangen gang så dårligt ud med mig at jeg er næsten rådvild. Dog skal du ikke lage dig nogen vesentlig bekymring for mig. Jeg håper at alt skal gå godt tilslut.
På skolen går det godt og jeg tror næsten at jeg får udsættelse med skolepengene. Men jeg mangler mange bøger og andet nødvendig.
Vinteren er nu kommen og her er bistrende koldt. Jeg trengte mig en vinterfrakke, men den er ikke god at få fat på. Du spørger vel hvad jeg lever af når jeg ikke har penge, men det er ikke så godt at sige. Jeg ved det nesten ikke selv. Fra Marta og Enok har jeg fået brev med nogle frimerker i  .......

Her er mange snille folk overalt, meget snillere end på Søndmøre. Middag spiser jeg almindelig på dampkjøkenet (det vil sige når jeg har så meget penger). En portion koster der 33 øre. Det er den billigste mad man kan få her. Når jeg har en skilling kjøber jeg almindelig brød for den og spiser hjemme, men smøret er meget dyrt, 0,50 pr mark, og jeg kan altså ikke legge meget smør på. Hovden har det omtrent på samme måde.”
 
Han kom nok til å tenke på at han ikkje ville legge vanskane sin inn på systera, ho hadde sikkert ikkje så god råd sjølv, og på brevmargane føyde han til ”Jeg har det måske ikke så slemt som du tror” og ”Jeg beder dig endnu engang, Anna, vær ikke meget bekymret for mig”
 
Vi ser at Sivert brukte å kjøpe mat på Christiania Dampkjøkken. Dampen i Torggata, som det vart kalla på folkemunnet, vart grunnlagt i 1857 for å gi dei som ikkje hadde så mykje å rutte med «kraftig og sund Middagsspise til forholdsvis billig Betaling». Det var ikkje rekna som noko skamfullt å gå på Dampen for å spise, det gjorde alle slags folk. Både Vinje, Garborg, Hamsun, og ikkje minst Ibsen, spiste ofte der i periodar då dei hadde dårleg råd.


I eit brev ut på våren året etter fortalde han at han var frisk, men hadde det særs travelt. Han hadde fått kjøpe seg ein vinterfrakk, og med den kunne han gøyme den slitne trøya når han gjekk ute. Han fortalde at skulen tok slutt i mai og straks deretter, i byrjinga av juli, skulle han opp til eksamen ved Christiania borger og realskole. Pengar var framleis eit stort problem, han visste ikkje om han kunne greie å betale eksamensgebyret på 20 kroner. Han rekna med å få seg eit arbeid, kanskje på eit kontor, og, som han skreiv i eit brev: ”får jeg ikke sammenskrabet penger til næste høst må jeg slutte med skolen for det første, eller kanske for stedse”.
 
Vi veit ikkje korleis det vart med eksamen og om han greidde å betale gebyret, men av eit seinare brev forstår vi at det ikkje gjekk så bra. Ein gong etter september i 1884 reiste Sivert til Bergen for å få seg arbeid. Systera Martha og familien hennar budde då på Vassenden i Mathopen utanfor Bergen, og han fekk vel litt hjelp frå dei. Han tente seg truleg litt pengar i den første tida, men ikkje alt gjekk som han hadde tenkt seg. Likevel ville han freiste meir skulegang ”for å komme frem til universitetet, og skulde alle udveier være stængte, er det ikke umuligt at jeg forsøger en sultekur i Kristiania igjen, enskjønt jeg har faaet mere end nok av den slags.”


I oktober 1885 ser det ut til at han tykte at han var ved ein slags skiljeveg, og han vurderte, som ein siste utveg, å reise ut som sjømann til England og derifrå til Australia. Men på slutten av året reiste han likevel attende til Kristiania. Han fekk seg hybel i Osterhausgate 23, og nyttårskvelden feira han saman kameraten Rejakvam som han kjende frå skuletida i Volda. Dei to var nok litt einsame og usikre på framtida, og Rejakvam skreiv dette i Sivert si minnebok:

 

Bildet: side frå minneboka 

 

Minde

Ja, eg reiv de’ fyrste, du - -(fra 82)

No er det ny’årkvelden – 1885 efter Kristus, og no æte og drikke dei alle til ære fyr det gamm(l)e år. – De’ ska’ mé med, - ta’ berre upp karraffellen, du, so hæv me ”drikjen” vor til ”brøda” vort; og saa ska’ me’ ekspedere 85. - -

Men 86, du -?! – OiOi kar.

Du kan tru det då ska’ bli’ stass! Jaja noksagt!

Du med vinden vende. ---

Hvis ikke så går vi ja fan ta’ også bidevind, vi!

Friskt mot Syver!

 

No 23 Ostreraus-g.  31/12 85

Din oprigtige ven

Rejakvam

 

Det ser ikkje ut til at det vart meir skulegang, og han byrja no som journalist og skribent. Vi veit at han arbeidde som journalist i ymse aviser i hovudstaden. I eit brev frå juni 1888 nemner han at han nu er flyttet fra ”Morgenposten” til ”Verdens Gang”, hvilket jeg er vel fornøiet med. Det ser ut til at han deretter arbeidde i Verdens Gang i nokre år. For kortare eller lenger tid arbeidde han óg i ”Morgenbladet”, ”Ørebladet” og ”Den 17de Mai”.

 

Livet hans i dei neste åra i Kristiania baud på både medgang og motgang. Journalistyrket var ikkje verdsett særs høgt i denne tida, og syskenbarnet hans, Hans Brekke, uttrykte det slik:  .. er forholdene paa dens omraade endnu lidet faste og lidet økonomisk opmuntrende. Jeg pleier derfor at raade enhver, som tænker paa at give sig journalistiken i vold, til at overveie den ting baade to og tre gange, før han træffer sin afgjørelse.”  Sivert sjølv var nok av same meining, og i eit brev til systra mot slutten av livet, skreiv han, ”at den vei, jeg har slaaet ind paa – journalistiken – er en ujevn og knudret Vei”. Men han meinte óg at, anten han var fast tilsett eller arbeidde ”på det lause”, var han så godt omtykt som journalist at han ikkje trong om å svelte.

 

Det er ikkje så heilt lett å finne fram til artiklar og reportasjar han skreiv som journalist, då artiklar og notiser sjeldan hadde signatur. Det einaste vi har grunn til å tru med visse at han skreiv, er ein artikkelserie i Verdens Gang frå Lofoten og nokre små prosastykker i avisa Den 17de Mai.

 

 
 
Redigert av Martin Furseth, mars 2012