Sivert Digernes

 

Fødd i Ørsta 1866

død i Kristiania 1900.

 

Journalist og skribent i Kristiania 1883 - 1900

 

Innleiing........

Oppvekst.......

Ætta.............

Kristiania 1.....

Lofoten ........

Kristiania 2 ....

Liv og lagnad .

Tida..............

Et Udskud......

En Stril..........

Juleøllet ........

Konkurence....

Illustrasjoner..

Bibliografi....

 

 

 

1  

Det meste av stoffet i denne artikkelen, vart publisert i "Mi gamle grend", skrift nr 20, 2011.

Utgjevar: Hovdebygda soge- og velferdslag. Artikkelforfattar var Martin Furseth.

 

Sivert Martinus Digernes vart fødd den 26. april 1866, på den garden som då vart kalla Steinargarden på Digernes i Ørsta.

 

Han hadde truleg ein god oppvekst dei første leveåra, men det året han fylte ti år, vart alt omsnudd. Begge karfolka på garden, Samund Samundsen og Stener Samundsen, farfar og far til Sivert, døydde hausten 1876. Dei sat på bygsla jord, og mor og fire born i alderen åtte til atten år, måtte gå frå gard og heim.

 

Mora, Ingeborg Henriksdatter (1826- ) greidde ikkje å bere den tunge lagnaden, og ho enda på Rotvold. Borna vart buande hos grannar og slektningar, før dei etter kvart etablerte sine eigne heimar. Sivert budde ei tid hos systera Marte på Dønna i Nordland, seinare gjekk han på framhaldskulen i Volda. Sumaren 1883 reiste han, berre 17 år gamal. til Kristiania der han vart buande resten av livet, og han kom aldri attende til Ørsta.

 

I Kristiania gjekk han først eit år på skule, deretter freista han å livnære seg som journalist og skribent. I byrjinga fekk han det særs tungt, med lite pengar og vekslande lukke, men etter kvart gjekk det betre for han og han vart rekna som ein dugande journalist og lovande skribent og forfattar.

 

Han arbeidde som journalist i fleire av hovudstadsavisene, mest i Verdens Gang. Av litterært arbeid kjenner vi til 2 noveller som kom på trykk i 1886 i Verdens Gang og i Ny illustreret Tidende. Ei novelle finn vi og i julenummeret for Verdens Gang i 1890. Våren 1890 var han i Lofoten som utsendt medarbeidar frå Verdens Gang. Han skreiv minst 13 artiklar om Lofotfisket og folk og natur i Lofoten. Den mest spektakulære vart skildringa hans av det seinare så vidkjende Trollfjordslaget i mars 1890, og Sivert var truleg den første som skreiv ei meir utførleg skildring om denne hendinga.

 

Når vi kjenner litt til korleis han levde i Kristiania, skuldast det ikkje minst at vi har hatt høve til å lese 18 av dei breva han skreiv i tida 1879 til 1898, til systera Anna Mork i Volda. Ingrid Oda Mork er sonedotter til Anna Mork, og ho har teke vare på, og lånt ut, breva og anna skrifteleg materiale.

Den 11. februar 1900, nær 34 år gamal, døydde Sivert Digernes av tuberkulose. Mange aviser skreiv nekrolog om han, mellom dei Dagbladet som gav han dette ettermælet:

Journalist Digernes døde igaar Klokken 2½ paa Diakonhjemmets Sygehus, hvor han havde tilbragt de sidste 4 Maaneder. Sigvart Digernes var født i Ørsten paa Søndmøre. Han var ved sin Død mellem 33 og 34 Aar gammel. I en ganske ung Alder kom han til Kristiania, og efter at ha gaat en Tid på Skole begynte han at befatte sig med Journalistik. Han begynte med nogle stemningsfulde, velformede Smaaskisser i »Verdens Gang«. Siden har han vist sig som en dygtig og gløg Reporter og leveret Bidrag til flere herværende Blade. I den senere Tid har Sygelighed knækket hans Arbeidskraft, og han naaede ikke, hvad han engang lovede. Digernes var et varmhjertet Menneske og sine Venner en trofast Ven.

 

I Kristiania skreiv han seg gjerne for Sigvard Digernes.

 

 
 
 
 
 
 
 
 
Redigert av Martin Furseth, mars 2012