
Sivert Digernes. Fotografiet er
truleg teke ein gong i 1890-åra, av fotograf P.A.Thorén, Kristiania
|

Sivert (Sigvard) Digernes.
Fotografiet er truleg teke sumaren 1885,
då Sivert reiste til Kristiania.
Fotograf:
Lr. Andersen Photographisk Atelier, Aalesund
|
Anna Hansine Stenersdatter Mork
(1863-1950) saman med sonen Mathias Steinar (Tias).
Biletet til venstre er truleg teke ein gong i 1893 og fotograf var verbroren
Paul Mørk.
I januar 1891 vart ho gift med Mathias Mork frå Nedre Mork i
Volda. Han døydde i august det same året og omlag to veker
seinare vart sonen, Mathias Steinar, fødd.
Dei fleste av breva som vi kjenner til at Sivert skreiv, vart
til systera Anna, og han var sterkt knytt til henne gjennom
heile livet.
|
Bilete av Hans P Brekke. Han vart fødd 31/12 1859
på Brekke i Ørsta, og foreldra hans var gardbrukar Hans
Henriksen Brekke og Nille Paulsdatter. Etter konfirmasjonen fekk
han undervisning ved ”studentfabrikken” i Kvinnherad, der både
Anders Hovden og Bernt Støylen gjekk seinare. I 1877 reiste han
til Kristiania og tok eksamen artium og ”andeneksamen” i 1879.
Først arbeidde han i redaksjonen for Norsk Haandlexikon,
seinare som journalist i Dagbladet og Verdens Gang.
Han var óg medarbeidar i nordens
første billigbokserie,
Bibliothek for de tusen Hjem
(1887), der han omsette bøker både frå engelsk og fransk, av
fleire kjende forfattarar som
Charles Dickens, Émile Zola, Daniel Defoe o.a.
Han var m.a. ei tid formann i Kristiania Journalistklub,
og sumaren 1900 var han på tur til Paris med stipendium frå
journalistklubben.
Han Brekke vart gift i 1886 med Laura Johanne Nagel frå Oslo.
Dei hadde ingen born. Han døydde i Oslo i 1911.
|