Sivert Digernes

Fødd i Ørsta 1866

død i Kristiania 1899.

 

Journalist og skribent i Kristiania 1883 - 1900

 

Innleiing........

Oppvekst.......

Ætta.............

Kristiania 1.....

Lofoten ........

Kristiania 2 ....

Liv og lagnad .

Tida..............

Et Udskud......

En Stril..........

Juleøllet ........

Konkurence....

Illustrasjoner..

Bibliografi....

       3  

Ætta

 

Folket på Steinargarden på Digernes høyrde til mellom de beste ættene i Ørsta. Samund Digernes (d.e.) er nemnt som ein av bondespissane i Ørsta. I 1811 vart han vald inn i styret for det det nyskipa Sogne-Selskabet for Almuens Fremme i Voldens Præstegjeld. Han er òg nemnd som ein av klagarane i prosteretten mot sokneprest Bødtker i år 1800. Han var representant i kommunestyret (Volda) i 1838-1839.  Hausten 1814 var han ein av fire valmenn som var utsendingar frå Volda til Molde, der det var valg på representantar frå Romsdals Amt til Stortinget.

 

Samund Samundsen (1762-1828) frå garden Rishaug på Indre Åm, vart i 1786 gift med Anne Larsdatter frå Øy i Follestaddalen. Dei flytta til Digernes der dei bygsla bruk nr 4, det som seinare vart kalla Steinargarden, og i nyare tid Arnegarden. 

 

Brordotter til Anne, Johanne Ivarsdatter, vart i 1819 gift med Ivar Jonsen Åsen og var såleis stykmor til Ivar Aasen som då var 6 år gamal.

 

Det same året dei kom til Digernes, vart sonen Lars Samundsen fødd, og det var han som skulle ta over garden. Men Lars gifte seg, mot faren si vilje, med Oline Rasmusdatter frå Rasmusgarden på Ytre-Hovden. Då gjekk det slik til at Lars måtte seie frå seg garden og det var broren Samund som tok over bygslet på Digernes.

 

Lars og Oline vart etter ei tid plassefolk på Digernes, på det vesle bruket som seinare vart omtala som Klubbaplassen. Dei var besteforeldra til Laurits Ingebrigtsen som er nemnt nedanfor.

 

Samund Samundsen (d.y.) (1794-1876) brukte garden i tida 1820–1838. Han var gift med Mette Steinarsdatter (1800-1843) frå Humberset i Volda. Ei av døtrene deira var farmor til sokneprest Sverre Ingolf Barstad.

 

Sonen Steinar (Stener) Samundsen (f.1829) brukte garden frå 1854 til han døydde i 1876. Han var gift med Ingeborg Henriksdatter (1826- ) frå Barstad. Bror til Ingeborg var Hans Henriksen Brekke (1829-1914) som var far til journalist Hans Peter Brekke (sjå nedanfor).

 

Steinar Samundsen var den siste av denne ætta som brukte garden på Digernes. Han døydde den 23. november 1876, og i den same månaden, den 30. november døydde far hans, Samund Samundsen. Ingeborg sat då att som enke med fire farlause born, i alderen frå 8 til 18 år. Johannes Arnesen frå Rebbestad tok over garden. Han hadde tent seg pengar i fyrvesenet og kjøpte jorda i 1878 for 4800 kroner, og våren 1879 flytta dei til Digernes.

 

Vi veit ikkje sikkert kvar helst Ingeborg og borna hennar budde i dei neste åra, men dei tre jentene vart snart gifte og fekk sine eigne heimar.

 

Severine Marie (f. 18/9 1868) var den yngste og rekna for den vakraste av systrene. Ho budde ei tid hos syster si i Nord-Noreg. I januar eller februar 1883 kom ho attende, og då ho vart konfirmert den 30/9-1883 budde ho på Engeset i Volda. I 1890 vart ho gift med gardbrukar, fotograf og ”Sergeant” Paul Mork, frå Pålgarden på Storemork i Volda.

 

Marte (Martha) Severine (f. 10/7 1858) melde flytting frå Ørsta 24/11 1877, og budde ei tid i Ålesund. Den 11. mai 1879 vart ho gift med Enok Jonsen Ryste (1854-1910) frå Sandvik-Rystene i Ørsta. Begge hadde teke lærarutdanning, truleg ved lærarskulen i Volda. Ei tid budde dei på Dønna i Nordland der dei var tilsette som lærarar i Breistrand skulekrets. Breistrand skule vart bygd omkring 1880 og til denne skulekretsen høyrde då Skaga, Breistrand og Breistrandvik.

I 1883 flytta dei til Mathopen utanfor Bergen og i folketeljinga for 1900 er dei oppførde under garden Vasenden i Askøy kommune. Dei nyttar då etternamnet Sandvik, og er oppførde med yrke Folkeskolelærer og gaardbruger og Folkeskolelærerinde. Marte døydde i 1930.

 

Anna Hansine (f.12/6 1863) vart konfirmert i Ørsta den 6/10-1878. Ho var i teneste ymse stader i Ørsta og Volda, til ho i 1891 vart gift med Mathias Mork frå garden Bakkjen på Nedre Mork i Volda. Ho fekk den tyngste lagnaden av dei tre systrene; det same året dei vart gifte, døydde Mathias av tæring, og ho sat då att som enke med ein nyfødd son å forsørgje.

 

Steinar og Ingeborg hadde 2 søner. Den eldste vart fødd i 1860 men døydde då han var berre 5 år gamal.  Den yngste, Sivert Martinus, vart fødd den 26/4 1866.

 

 
 
Redigert av Martin Furseth, mars 2012