Om Ørstabunaden - eit skriv frå 1947.   

 

Teksten nedanfor er henta frå ein kopi av eit brev til Sunnmøre Husflidslag, Ålesund. Kopien er ikkje dagsett, men viser til eit vedtak av 30. januar 1947 av  nemnda som arbeider med Ørstabunaden.   Brevet er underteikna av desse Ørsta-kvinnene: 
Mina Velle, Nicco Ørstavik, Johanna Bøe,  Ragna Engeset,  Signe Garmo,  Elisabeth Krøvel
1. Skjorta skal vere av kvit lin. Holfald på skjortekragen, ermlinningane og bringa, etter eit 100 år gamalt mønster frå Håvoll. Dertil eit lite sauma motiv på endane av skulderstykket. 

2. Bunadskjolen skal vere av svart eller blått ullty. Stakken motrynka (flatfalda) med 18 cm forbreidd, eller piperynka (pipefalda) heilt rundt, valgfritt. Sidde ca 20 cm frå golvet målt med sko på. Stakken skal ha vanleg vidde. Livstykket skal vere djupt utringa i halsen, firskore framme og runda i ryggen. Atthekting  framme på livet. Normal livlinje med belte. 

3. Lomme: vanleg storleik og med lås. Låsen skal ha mønster etter låsen på Aasen-lomma. Han er komen til Aasen frå Brautaset og til Brautaset frå Aam, og er svært gamal. 

4. Forkle : Me kan ikkje finne at forkle med prydsaum nokon tid har vore bruka i Ørsta. Derimot seier dei gamle at stakken var blå og krota derpå..  Me vil difor ikkje ha forkle på bunaden. 

5. Prydsaum: Prydsaumen er utarbeidd etter eit rikt utval av gamle mønster og vert å nytte såleis: Bord rundt stakken nede ca. 30 cm breid. Sauma roser på ryggstykket og bryststykket og lomme og belte. Rundt utskjeringane på livstykket skal saumast pyntesting, ca. 1 cm breitt, eller setjast på ein 1 mm breid kant av raudt ty. Fargane på prydsaumen skal uttakast så godt som råd er etter den gamle Ørstasaumen. 

6. Huve.  Høgehuve med rosesauma kvare er den eldste her i bygda. Men kollehuve, også kalla Ørstahuva, er laga i Ørsta og er no ca 100 år gamal. Me har difor tenkt at båe disse huvene skal kunne brukast. Dessutan kan skaut med same slags saum som på skjorta, kunne brukast. 

7. Hoser: Raude ullhoser skal det helst vera, men svarte kan også brukast. 

8. Sko: Sylvspent sko. 

9. Kep: Her var bruka to slags kep, eller kåper som det då vart kalla. Det var den simple kvardagskepen som var rynka under halskragen og var utan pynt og så kyrkje-kepen.  Kyrkje-kepen vil med ha attåt bunaden og den såg såleis ut: Oppståande halskrage med raud kant. Runda skulderstykke med raud kant. Kepen piperynka under skulderstykket. Jamsid med kjolen *.

 * Merknad: Denne regelen er ikkje blitt etterlevd i seinare tid, då dei fleste no ønskjer eit sidare skjørt enn det som opphaveleg var meininga.