.........

.
 Handsaming av linskjorter    Bruk aldri klorin på ei linskjorte
 Vask aldri skjorta i vaskemaskin og bruk aldri tørketrommel
 Det er viktig å skylle godt etter vask
   Unngå sentrifugering og soltørking

Vasking og reingjering

Skjorta bør helst vaskast snarast etter ho har vore i bruk. Vask skjorta for hand og bruk eit nøytralt finvaskemiddel. Vatnet bør ikkje vere varmare enn 60 - 70 gr.C.  Skyll i mange vatn, gjerne 5 gonger. Dersom ein slurvar med skylling, kan skjorta lett gulne. Du må ikkje vri skjorta, men heng henne opp til drypptørking på ein luftig og skyggefull stad.

Du kan ev. tørke skjorta ved å rulle henne inn i eit frottehandkle, før du heng henne opp.

 

For å behalde kvitfargen på ei skjorte av 18 tr. eller 14 tr. bleika linstoff, kan ein t.d. vaske med OMO eller BLENDA ved 60-70 gr.C.  (Ørstaskjorta er laga av 18 tr. bleika lin)

 

For å halde på den opphavlege fargen på ei skjorte av 12 tr. lin (ikkje så sterkt bleika), må ein ikkje bruke vaskemiddel som inneheld optiske kvitemiddel eller perborat (kvitvaskemiddel).

 

Gni gjerne skjortekragen inn med litt Sunlight eller Zalo, og vask for hand med eit finvaskemiddel. Hugs å strekke skjorta etter vask, og gjerne også før ho skal strykast -  skjorta blir då lettare å stryke.

 

Bleiking av skjorte

Fyll ei 10 liters bøtte med varmt vatn frå springen (ca. 70-80 gr C.) og tøm i eit målebeger Biotex Hvitt. Rør godt ut pulveret og legg i skjorta . Lat ho ligge i 4-5 timer. Rør om medan vatnet er varmt, slik at det ikkje blir skjolder. Skyll på vanleg måte.

 

For påteikna skjorte

Slik fjernar du eventuelle restar av påteikninga:

Legg skjorta i kaldt vatn (utan såpe) over natta. Ta opp skjorta og la vatnet renne av, smør litt Zalo på restane av påteikning og la det virke i omlag 1 time.  Vask deretter skjorta som anvist ovanfor. NB! Bruk ikkje syre på linstoff !

 

Oppbevaring

La skjorta ligge utan å stryke ho, til neste gang du skal bruke henne. Ho skal oppbevarast i kvit stoffpose eller handkle, slik at lyset ikkje kjem til.  NB! Ikkje i plastpose!

 

Stryking

Dynk skjorta med kaldt vatn og legg ho i ein rein plastpose i kjøleskapet. Lat ho ligge slik over ei natt før du stryk ho. Bruk ikkje for varmt strykejarn (still på bomull), og stryk helst på vranga. Bruk eit mjukt  underlag, for at broderiet ikkje skal strykast flatt.

.