ollioure  Sempre endavant, mai morirem

Til side 1 Til side 2 Til side 3 Til side 4 Til neste side
  Side 3 .       
Utsikt mot Collioure 

 

Utsikt over Collioure og nordover mot Argelès-sur-Mer.

 

Midt på biletet ser ein det ruvande slottet Château Royal de Collioure

og litt til høgre, den særmerkte kyrkja Notre Dame des Anges.

 

Biletet er teke oppe frå Fort Saint Elme.

Vingårder ved Collioure

 

Desember i Collioure. Veret rundt juletider er som oftast fint og temperaturen kan vere omlag som ein norsk sumar.

Biletet er frå badestranda Plague de Port d'Avall ved bydelen Faubourg.

 

I bakgrunnen ser ein festninga Fort Saint Elme, som daterer seg meir enn 1000 år attende i tida. I det niande århundret fanst her ein utkikspost "la Torre de la Guardia" for å vakte på fiendar frå havet, normannane og barbarane. På 1400- og 1500-talet vart tårnet og fortet bygt ut til slik det er i dag, til eit "fort de guerre".

 

Lenke til: Nettstad for Fort Saint Elme 

 

 

Vingårder ved Collioure

Collioure er omgitt av vingardar, på dei mange åsane rundt byen og heilt inn til husa nede i sjølve byen. Regionen er kjend for sine vinar, Collioure AOC Rouge, AOC Blanc og AOC Rosé.

Ikkje minst er byen berømt for produksjon av ansjos, av matkjennarar regna som "verdas beste"!

Fort Saint Elme er til høgre i bildet.

Ravin du Douy

 

Collioure var tidlegare delt i to byar, som låg på kvar si side av elva Douy. I sør var Port d’Aval som i dag er bydelen Le Faubourg, og i nord Port d’Amont som i dag er La Ville, eller gamlebyen.

 

Elva Douy er forresten ei elv berre i tider med rikeleg regn, i resten av året blir elvefaret nytta som gågate og parkeringsplass.

 

(Ravin du Douy - sjå bildet)

Notre-Dame des Anges

Utanom slottet Le Château Royal er kyrkja Notre Dame des Anges kanskje den mest interessante bygninga i byen.

Kyrkja vart bygd i 1684 og ligg heilt nede i sjøkanten med eit gamalt fyrtårn som klokketårn, etter seiande det mest unike og mest avbilda klokketårn i verda.

Sjå lenke til: Notre Dame des Anges

 

I Collioure ser ein ofte det katalanske eselet (l'âne catalan), dette er ein esel-rase som er oppført som utryddingstrua (AFRAC  Asociación para el Fomento de la Raza Asnal Catalana) og det vert drive eit spesielt avlsarbeid for å bevare rasen.

Det katalanske eselet blir rekna for å vere en særs gamal rase, kanskje stamfar til alle esel i Midtausten, og seinare i Europa. 

 

Lenke til Collioure Office de Tourisme

Lenke: Utsnitt av kart over Collioure

  

Til side 1 Til side 2 Til side 3 Til side 4 Til neste side