ollioure  Sempre endavant, mai morirem

Til side 1 Til side 2 Til side 3 Til side 4 Til neste side  
  Side 2 .        

Ytre havn i Collioure

 

Hamnebukta i Collioure er godt skjerma mot havet pga si naturlege plassering og moloen ytterst. 

 

Ein reknar med at byen har minst fire badestrender:

Plage de Port d’Avall utanfor bydelen Le Faubourg,

Plage Boramar og Plage St-Vincent utanfor gamlebyen,

Plage Nord bak kyrkja mot nord.

 

Den beste utsikta over byen har ein frå moloen ved Chapelle St-Vincent, eller oppe frå borga Saint-Elme. Ein kan køyre bil opp til Saint-Elme, men like gjerne kan ein gå den idylliske stien opp frå Collioure. Stien startar i Le Faubourg, frå passasjen mellom det gamle dominikaner-klosteret og Musée d’Art Moderne.

 

Gate i gamlebyen

 

Det meste av forretningane og restaurantane i byen finst i dei tronge, pittoreske gatene i gamlebyen. Collioure har i lenger tid vore ein samlingsstad for bildande kunstnarar, og der finst då også ei mengd med atelier og verkstader.

 

Mange berømte personar har hatt tilknyting til Collioure, vi kan nemne målarane Matisse, Pablo Picasso, Andre Derain, Charles Rennie Mackintosh og Tsuguharu Fujita m.fl.

 

Den spanske poeten Antonio Machado er gravlagt på kyrkjegarden i Collioure, og den britiske forfattaren Patrick O'Brian budde i byen frå 1949 til han døydde i 2000. Han skreiv m.a. romanen Master and Commander (1970).

 

 

Marked i Collioure

Kvar søndag og onsdag morgon er det marknad i Collioure.  Under dei skyggefulle trea på torget i byen, Place du Maréchal Leclerc, er det tilbod av alle slags varer og der er alltid samla mykje folk.

 

Elles vert torget mykje nytta i samband med dei mange Katalanske folkolore-festivalane (særleg i april-mai og i september).

 

Andre årvisse hendingar:

 

Påskefeiring med store prosesjonar i gatene

 

Festivalen for St. John i juni, med bålbrenning og fyrverkeri. Lokal kultur blir feira med Sardana-dansing og tradisjonell mat.

 

Bastille-dagen blir feira den 14. juli med parader, dansing i gatene og servering av lokal mat.

 

St.Vincent-festivalen blir feira i midten av august. Det blir arrangert leikar og konkurranser og mange ulike konsertar omkring i byen, og gatene er fylt med bodegas, musikk, dansing og annan underhaldning. Denne festivalen går over tre dagar og det kjem vanlegvis folk frå heile Frankrike for delta.

Før var det også tradisjon med tyrefekting på byarenaen oppe ved jernbanestasjonen (oksen var ikkje drepen) - men i 2011 reiv dei arenaen  og området er no blitt til ein parkeringsplass...

 

Rue de la Republique

 

Matvarebutikken med størst utval er Carrefour i hovudgata Rue de la Republique. Der finn ein også politi, postkontor, apotek og La Mairie, byens rådhus.

I det blå huset til høgre på bildet finn ein kafe Sola, der kan ein spise god og rimelig lunsj og dei har gratis Wi-Fi.

 

I nr 16 Rue de la Republique finn ein også forretninga til den kjende dessert- og sjokolademeisteren Olivier Bajard. Han har vunne mange internasjonale priser innan konditorfaget, m.a. vart han i 1995 kåra til verdsmeister i dessert-laging.

Han driv også ein konditorskule i Perpignan: Ecole Internationale de Pâtisserie

 

 

Utsikt mot bydelen Le Faubourg.

Til høgre er sydveggen av Le Château Royal. Slottet ruvar midt i Collioure sentrum og gjev byen sitt særpreg.  Det vart bygt i tida 1242-1280 på restane av romerske bygningar, på initiativ av kongane av Mallorca som nytta slottet som sumarresidens for det kongelige hoff.

På fjelltoppen i bakgrunnen skimtar ein La Tour Madeloc.

 

Lenke til Collioure Office de Tourisme

Lenke: Utsnitt av kart over Collioure

 

 

Til side 1 Til side 2 Til side 3 Til side 4 Til neste side