ollioure  Sempre endavant, mai morirem

Til side 1 Til side 2 Til side 3 Til side 4 Til neste side
 Side1            

Våren 2010 - i Languedoc-Roussillon

Saman med Christophe, vår kjentmann, kom vi køyrande kystvegen, Route des Vignes, frå Argelès-sur-Mer. Landskapet skifter her frå det flate lavlandet med gylne sandstrender langs kystlinja av Golfe du Lion, til eit stadig meir kupert terreng der Pyreneane møter Middelhavet og skaper ei kystlinje med forrivne steinstrender og små, idylliske viker og bukter.

 

Då vi runda den siste svingen og såg ned mot Collioure, visste vi at dette var byen vi hadde vore på leiting etter. Små og store (ikkje altfor store) hus på høgdene og åsane som omkransa ein idyllisk, gamal by med slott og tårn og ei passe stor bukt med det blåaste middelhav du kunne tenkje deg. Skråningane kring byen var dominert av ei mengd med vingardar, og høgt oppe på fjelltoppen bak byen kneisa ei karakteristisk borg. Vi besøkte andre av dei vakre småbyane i nærleiken, Port-Vendres, Banyuls-sur-mer, Céret, Saint-Génis-des-Fontaines, Argelès-sur-Mer og andre. Alle var eit besøk verdt – men innerst inne visste vi heile tida at vi alt hadde funne vår by: Collioure.

 

Utsikt nordover mot Golfe du Lion

Collioure ligg i departementet Pyrénées-Orientales i regionen Occitanie i Syd-Frankrike, ca 30 km syd for Perpignan og ca 35 km frå spanskegrensa, regna etter bilvegen via Le Boulou.  (Regionen Occitanie var tidlegare delt i dei to administrative regionane Languedoc-Roussillon og Midi-Pyrénées. Regionshovudstaden er Toulouse)

 

Namnet Collioure blir uttala på fransk: kåljure og på katalansk: cotlliure, og byen er ei kommune med ca 3000 innbyggjarar, i den gamle provinsen Roussillion som no høyrer til departementet Pyrénées-Orientales.

 

Han ligg ved middelhavskysten, på kyststrekninga som strekkjer seg frå Argeles-sur-Mer og syd til spanskegrensa og som blir kalla Côte Vermeille (katalansk: Costa Vermella, som betyr "sinoberraude kyst").

 

Landskapet her, ved enden av Pyreneane, er kupert med ei steinet, forriven og variert kystlinje. Berre nokre få kilometer lenger nord finn vi dei solfylte sandstrendene som Syd-Frankrike er så kjent for, og som strekker seg milevis nordover mot Rohne-deltaet.

 

 

Biletet viser:

Utsikt mot nord, Argelès-sur-Mer og kystlinja av Golfe du Lion

 

 

 

Litt historie

Collioure høyrer altså til i det gamle landskapet Katalonia som var ein blomstrande provins allereie i Romerriket. På byrjinga av 400-tallet vart Katalonia okkupert av germanske visigotar og seinare av maurarane (i 712). Karl den store la området inn under sitt rike, og kalla det Marca Hispanica (Det Spanske Land). Marca Hispanica vart delt inn i 15 grevskap med Barcelona som det viktigaste. Då Karl II døydde i 888, vart grevskapet Barcelona sjølvstendig og tok namnet fyrstedømmet Katalonia.

I 1137 vart Katalonia, saman med Valencia og Balearane, innlemma i kongedømet Aragón. Under Ferdinand II av Aragon (1452-1516) vart Katalonia ein del av Spania.

 

Kongeriket Mallorca vart oppretta av James I av Aragon ("The Conqueror") som regjerte som konge av Aragon 1213 til 1276. Kongedømmet Mallorca eksisterte frå 1276 til 1349, og inkluderte Balearane (Mallorca, Menorca, Formentera og Ibiza), fylka Rousillon og Cerdagne (dagens nordlige Catalonia), og dei territoria James hadde i Occitania (Montpellier, Carlades og baroniet i Aumelas). Hovudstaden i dette riket var på grunn av handel og diplomati, Perpignan på fastlandet.

Etter at James døydde i 1276, vart riket teke over av den nest eldste sonen hans, som regjerte under namnet James II av Mallorca

I 1344 vart James III avsett av sin fetter og overkonge, Peter IV av Aragon, og vart i 1349 drepen i ein freistnad på å gjenerobre riket. Tittelen Kongen av Mallorca vart deretter berre nominell.

 

Ved Pyrenéane-traktaten av 1659 mellom Frankrike og Spania, vart det nordlege Katalonia frådelt og gitt til Frankrike, og vart til provinsen Roussillon. Seinare altså innlemma i det franske departement Pyrénées-Orientales med Perpignan (Perpinya) som administrativt sentrum.

 

Collioure har alltid vore ein ettertrakta stad pga sin opning mot Middelhavet, med to gode hamner som var lette å forsvare mot angrep. I 673 var byen okkupert av visigotkongen Wamba og kjeldene nemner då eit kastell i "Caucolibéri”. Namnet skulle tyde “hamn til Elne“, og det viser at han allereie då var ein viktig hamneby. Arkeologiske funn viser at byene vart brukt av både fønikarar, grekarar og romarar.

 

Frå år 981 tok fyrstane av Roussillon til med å byggje ei festning i Collioure, det som i dag er Le Château Royal midt i byen. På tolvhundretalet heldt tempelriddarar til her, og i tida 1276 til 1344 vart slottet brukt som sommarresidens for kongane av Mallorca.

 

I 1642 var det krig mellom Frankrike og Spania, og kong Louis XIII kringsette og erobra Collioure med ei hær på 10000 mann, mellom dei var Kongens Musketerar leia av Turenne og d'Artagnan !

 

Etter at Collioure kom på franske hender, vart festningane i byen, inklusive Fort Saint-Elme, utbygt og forbetra av militæringeniøren Marquis de Vauban.

 

Lenker til meir opplysningar om kongeriket Aragon og kongane av Mallorca:

Grand Priory of Terra Nordica   http://www.mocterranordica.org

Real Aula Mallorquesa   http://realaula.homestead.com

Royal Aragonese College of Arms  http://royalaragonese.homestead.com

Roussillon's historie   http://histoireduroussillon.free.fr/Villages/Histoire/Collioure.php

 

  

Folket i Collioure har halde ved lag ei sterk knyting til katalansk kultur, og katalansk språk blir framleis nytta av mange til dagleg. Byen sitt motto på katalansk er: Sempre endavant, mai morirem som betyr noko slikt som: “alltid fremad, vi vil aldri dø”

 

Når det blir flagga i Collioure, som elles i Roussillon, vert det oftast nytta tre flagg: det franske, EU-flagget og det katalanske flagg.

Innbyggjarane i Collioure kjenner seg nok franske, men likevel mest katalanske.

 

Bildet: Det katalanske flagget “Quatre Barres”, fire raude striper på gul botn,  er rekna for å vere det eldste nasjonale flagget i Europa.

 

 

Katalonia (La Catalogne, Catalonia, Catalunya, Cataluña) er først og fremst det spanske, autonome området i den nordaustlege delen av Spania, der hovudstaden er Barcelona. Men til Katalansk område blir også medrekna andre landområder, m.a. størstedelen av Pyrénées-Orientales i Syd-Frankrike, i Spania kalla Catalunya Nord og i Frankrike Pays Catalan.

 

Det har budd folk i her i uminnelege tider, og området var ein del av den før-romerske Iberianske kulturen. Her var greske, kartagesiske og fønikiske koloniar og området høyrde seinare til provinsen Hispania i det romerske imperium.

For oss skandinavar er det interessant å vite at, etter at Romerriket gjekk i oppløysing, vart Katalonia erobra av gotiske folkeslag. Først kom  Vandalane og deretter, frå omlag år 415, Visigoterane (vest-goterane). Den siste Visigoterkongen var Roderic som levde til år 711, då landet vart erobra av muslimane.

 

Det er uvisst kva namnet Katalonia tyder, men ei av dei mogelege tydingane skriv seg frå Visigoterane som kalla landet for Gothia. Som vi veit, hadde goterane truleg namnet sitt frå Gotland eller Gøtaland. Gothia tyder "landet åt goterane", og er det same som Gothland eller Gothlandia, som kan ha blitt til Cathalonia.

 

 

Lenke til Collioure Office de Tourisme

Lenke: Kart over Collioure

 

Vermelding (Meteo)

Cllioure webcamera  

 

Til side 1 Til side 2 Til side 3 Til side 4 Til neste side