(10)
Bilete og illustrasjonar

Første
sida av dagboka som Rasmus skreiv under heile opphaldet i
Amerika og Canada. |
|

Tre ørstingar hos Zelta Studio, Great Falls, Montana:
Andreas Hovden (Korsa-Andreas).
Reiste ut i mars 1911 (saman med Rasmus).
Rasmus Digernes. Utvandra
mars 1911, kom heim juli/august 1917.
Paul Bakke (Bjørdalsbakke). Utvandra mars 1910 og kom heim juli/august
1917, saman med Rasmus.
|
|

Billetten hadde Rasmus kjøpt hos Harald Moa
i Ålesund. Turen frå Ålesund til Nord Dakota kosta kr291,95, og
då var inkludert "tilstrækkelig og forsvarlig Kost, samt i
fornødent Fald ordentlig Logi".
Reisa var arrangert heilt fram til det
endelige reisemålet, det var endåtil ein klausul om at "fornødne
Sengklæder, Spiseredskaper osv. erholdes frit".
|
"Inspection Card" for passasjer Hovden Rasmus, for
skipsreisa med "Cymric", avgang Liverpool 28, mars 1911. |

Ein ser av teksten på billetten at Rasmus
skulle ha reist med "Baltic" til New York, men det vart ombord
på "Cymric" han kom til å gjere ferda over havet.
Dette
passasjerskipet var på 13.096 tonn og høyrde til det britiske
reiarlaget White Star Line. Andre kjende White Star-båtar var: "Celtic",
"Majestetic", "Olympic"og ikkje minst "Titanic".
|

Farbror til Rasmus, Johan Rasmussen
Hovde Lund (1853 – 1934), på farmen sin i Turtle Mounains, Nord
Dakota.
Eigedomen hans låg ved eit lite vatn som i den tida var kalla
Hovde Lake (Hovdevatnet) og dette namnet er truleg i bruk
framleis[3].
Landet på farmen var kupert og skogvokst og høvde lite til
kveitedyrking. Han dreiv mest med al av hestar og tok på seg
leigekøyring for bøndene i området ikring.
Sjå artikkelen: "Sjømann og norskamerikanar" i ”Folk og kultur i
Hovdebygda” (1997)
|
|

Jernbanestasjonen i Saint John,
Nord Dakota.
St.John er en liten by og endestasjon, ca 4 km frå grensa mot
Canada, i Rolette County i Nord Dakota. Omkring århundreskiftet
hadde byen ca 200 innbyggjrar. Landet omkring vart tilflytta
særlig i 1880-åra, og det var mange nordmenn mellom dei som slo
seg ned her.
Landskapet er for det meste flatt prærieland, men vest for
St.John, omkring Turtle Mountains[2], er landet meir kupert. Her
finn ein Turtle Mountain indianer-reservat og meir vekslande
natur med store og små innsjøar. |
|
 Fish
Lake. I tida omkring 1910 var området rundt Fish Lake mykje nytta til
rekreasjon, bading og fiske. Nordmannen P.T.Edstrøm (f.1858) kom til
Nord Dakota i 1905, og han dreiv hotell og båtutleige ved nordenden av
Fish Lake. Danielson, truleg ein annan nordmann, dreiv ei liknande
verksemd med hotell og danse-hall på austsida av sjøen.
|
|

Porto for eit postkort til Amerika: 10 øre !
Breva som familie og vener sende til Rasmus i Amerika er
bortkomne, men vi har nokre av postkorta som han fekk. Kortet
som er vist her er eit av fleire "jubileumskort" som vart mykje nytta i
1914, og avsendaeren var systera Magnhild. I 1914 hadde ho
lærarpost i Valldal på Sunnmøre.
Det
kan vere verd å merke seg at kortet var sendt frå Valldal den 4.
mars 1914 adressert til St. John, og der omadressert til Great
Falls. I St. John vart kortet stempla den 30. mars, og vi kan
dermed sjå at postgangen frå Sunnmøre til Nord Dakota tok 17
dagar. |
|
|
|

Holter
Damanlegg og kraftsasjon, der Rasmus arbeidde i åra 1916-17. |

Hus ved Holter Dam. Biletet er truleg teke i
1914.
Rasmus sit øverst oppe på husmønet. |

Eit
arbeidslag som set opp eit hus på prærien, truleg ved Moose Jaw.
Karen heilt til høgre på verandaen, er Rasmus. |
|

Frå
Volta damanlegg og kraftstasjon ved Great Falls i Montana, der
Rasmus arbeidde i åra 1914-1915. Demninga over Missouri-elva er
ca 400 m lang og kosta den gongen ca 5 mill. dollar å bygge. |
|
Sjå "Mot nye heimland" s. 322/323
|
|