(9)
Heimferda
I juni 1917 la Rasmus ut på heimreis. Det
kunne vel vere mange grunnar til at han no ville heim til Noreg;
heimlengten var nok sterk, men truleg var utviklinga i verdskrigen ein
sterkt medverkande årsak. USA hadde gitt opp sin nøytralitetspolitikk og
erklært Tyskland krig i april 1917, og landet kom dermed aktivt med i
krigshandlingane. Sjølv om Noreg heldt fast ved sin
nøytralitets-politikk, var det no aukande fare for at landet kunne kome
med i krigen.
Det var ei særs usikker og farefull ferd
Rasmus la ut på då han gjekk ombord i S/S Kristianiafjord i juli 1917.
Tyskland hadde i februar dette året sett i verk att ein nådelaus
ubåtkrig mot all skipsfart, og i den første tida vart opp mot ein
million tonn senka kvar månad. Den nøytrale skipsfarta vart og sterkt
råka, og under den første verdskrigen miste Noreg nær halvparten av
handelsflåten på grunn av krigsforlis.
Den 21 juli 1917
Skriv dette midt millom Cap Race og Halifax. Skodde og sudvest.
Ser ingenting. Redd for Ubaatar er me, og so gjeng dei med
myst[1] skip. Det er liten hugnad med aa fara til gamlelandet
paa denne maaten.
Gjekk fraa Holter den 16de Juni i fint solskin og med gode voner
um ein hugnasam tur. For fra Great Falls den 18de. Stopte 6
timar i Havre. Kom til St. John den 21de um kvelden. Farbror var
paa stationen og tok mot meg. Han ser ut stødt som daa eg for
til Canada.
Var ein tur til Fisk Lake og vitja Edstrøm. Ein hyggeleg plass
aa koma til ei kvar tid. Berre skade at fisken i vatnet skulde
dauda ut. Farbror og eg var til Gordon Lake og fiska, fekk 50
porch[2] paa ein time og ein halv.
For fraa St.John den 26de. Kom til Minneapolis kl 7 neste dag.
Fann Paul[3] før han var uppe. Kjøpte billetten og gjorde meg
ferdig fyrste dagen. So no hev eg ei heil vike aa taka inn byen.
Ein fin by Min. og St Paul. Mange fine parkar og vatn in i
millom. Og so alle dei gilde sjaaarne. Det var det meste me
fordreiv tidi med. Den fjerde juli var me ute saman med andre
norskar og feira dagen (on the State Fair Grannds). Norske talar
og song.
Um kvelden kl 7 for me fraa Minneapolis, ei heil vogn full av
os. Stoppa i Chicago ein times tid. Fraa der hadde me extratog.
Me kom til Washington kl 7 a.m. Skal gaa att kl 11. Var rundt
byen. Ein fin fredeleg by, parkar og monument alt yver. Var up i
Washingtonmonumentet. Det er 560 fot høgt. Ein hev eit gildt
utsyn yver byen fraa der. I den botaniske hagen var og mykje
gildt aa skjaa. Kvitehuset er ei svær bygning.
Millom Washington og New York gjekk det fort. Kjøyrde igjennom
byar, fabrikkar er det alt yver. Kom til Broklyn kl 5 p.m. So no
var eg i verdenstaden og. Her var trafikk og jarnvegar paa gata
yver hovudet, og kor mange det er under veit eg ikkje. Tok ferja
yver til New York og stopte der um natti.
Tok mest heile dagen med aa koma seg umbord.
For fraa New York kl 4 p.m. Fint veir var det.
Musikken spela og skipi helsa. So snart me kom utanfor vart det
skodde. Hev det bra umbord. Rom 360.
Den 9de kl 12, kom me til Halifax. Hamni hev dei stengd her som
i New York. Svært alle dei baatar som ligg her, aa ventar paa aa
verta slepte ut. Mest Norske. Engelske offiserar og sjøfolk kom
umbord og gjeng yver alt dei finn. Vart liggjande her 4 døgn.
Fredag den 13de for me kl 6 etter m.
Skodda er tjukk som graut.
Laurdag. Skodde og surveir.
Sundags morgon kl 1/2 5 vakna eg 2 minnuttar før baaten støytte.
Ei underleg kjensle ein hev naar baaten støyter paa ein ting, og
ein trur ein er langt til havs. Eg trudde sikkert det var eit
isfjell eller eit anna farty me hadde rent paa.
Vart glad naar eg kom paa dek i buksa og livbeltet rundt meg, eg
saag fjellveggen rett paa sida.
Gjekk nedatt og kledde paa meg, og pakka tyet mitt. Saag det var
ingen faare. Mange vart mest som galne. Dei sprang i livbaatane
halvnakne. Gjelpte til aa fira mange kvinnor og barn yver rekka
i livbaaten. Ja det var eit undarleg skue den sundagsmorgon paa
strandi av New Faunland, 7 mil vestanfor Cap Race.
|
S/S "Kristianiafjord" var på 10625
brutto tonn og 530 fot lang, bygd i 1912-13 hos Cammel, Laird &
Co. Ltd. i England. Skipet kunne ta 130 passasjerar på 1.klasse
og 1600 på 2. og 3. klasse. Skipinga av Den norske Amerika-linje
var sett på som ei stor nasjonal sak, og "Kristianiafjord" var
det første skipet til reiarlaget.
Etter 4 års drift, kl. 04.37 om
morgonen den 15. juli, gjekk "Kristianiafjord" på grunn ved
Fresh Water Point, nær Cape Race, New Foundland. Det var då 868
passasjerar ombord og alle vart sett i land i god behald. Dei
første meldingane til Noreg gav gode voner om at skipet kunne
bli berga, og så seint som den 24. juli melde avisene at
utsiktene til berging var dei beste. Men den 29. juli
telegraferte kaptein Hjortdahl til Noreg at sterk vind og høg
sjø hadde gjort så stor skade på skipet at vidare bergingsarbeid
var fåfengt. Ein del av lasta vart ført i land, men mykje gjekk
tapt (mellom anna reisekista til Rasmus Digernes).
Aftenposten
skreiv 31. juli om forliset: " ... som betegner et nyt smertelig
tab for vor handelstonage, og det er med vemod mange vil tænke
paa, at man aldrig mere skal se det statelige skib paa havnen
her, et skib, der som Amerikalinjens første var noget av et
nationalt symbol, da det for 4 aar siden laa her flagsmykket for
at gaa sin første tur over Atlanter-havet".
|
Vandra rundt der i skodda til kl 2 paa ettermiddagen daa me tok
paa vegen til Portugal Cove, næraste jarnvegstation. For derfraa
kl 11. Kom til St John's kl 12 neste dagen. Saar var eg i enden
daa.
Og svolten som ein skrubb. Dei marserte alle kararne uptil the
Prinses rink (?), der me sov paa golvet i fire næter. Og dei gav
os te, boner og brød og umvent. 3 gonger um dagen. Folket der
fekk eg eit godt inntryk av. Snilde og liketil.
Endeleg den 20 kom her ein engelsk jelpekryssar og skal taka os
til Halifax. Svenskarne og Finnarne gjorde fælt til kjeft naar
dei skulde umbord i eit Engelsk skip. Kl 12 m. for me fraa
St.John's. Hadde skodde heile tidi. Med myst skip gjeng me og.
Mest halvparten søv paa dekket og i livbaatarne. Eg sov nede i
botnen av baaten. Det var ikkje nettup nokon hyggeleg tur.
Mandag 23 kl 8 a.m. kom me in fyrste. "Stocholm" laag med kaia
og venta paa os. Etter mange trengsler kom me endeleg umbord, so
me fekk kveldsmat. God og svolten var eg og.
Neste dagen den 24 kl 1 for me fraa Halifax at. Voner det er
siste gongen eg ser denne stad. Tjukk skodde hev me no og.
Den 26 fekk me sjaa soli litegrand. Sidan var det skodde til um
morgenen den 1te august. Daa me for forbi Færøyane.
No eg skriv dette er me paalag midveg paa Nordsjøen.
Aldeles
stilt er det og havet er grønt.
Nise og kval ser me mange, og maasen fyk rundt baaten. Eit
fredelegt billete, mest so eg vil ikkje tru at det er krig i
Europa. Fekk høyra i dag at me skal gaa til Gøteborg og før me
kan gaa av. Det er harmelegt, men me fær nok gaa med til dei
stoppar.
Ventar snart aa sjaa dei Norske fjelli. Mange stend fram paa
bakken no og stirer.
|
Digernes !
Til
Hovdebygd og heimegrend du fer,
og
traar kje hit igjen.
Men
vel kann henda at du hev
um
vetter-tidi her eit svir.
Og
gjer du det
so er
eg med,
og
sigler av
i
minne-kav,
I alt
er lagt ei solskinsmagt,
og
minni vere vern og vakt.
Diktaren
Olav Sigmundsson Nygard
skreiv dette vesle diktet
i minneboka til
Rasmus, på Møre Folkehøgskule 10.4 1908.
(tidlegare prenta i "Vestmannen")
|
|