Amerikaferda

 

Rasmus Digernes

Ørsta 1886-1972

 

   

Innhaldsliste:

 

Innleiining

 

Utferd 1911

 

St John 

 

Dakota 1911

 

Dakota 1912

 

Moose Jaw

 

Montana 1913

 

Montana 1915

 

Heimferd 1917

 

Div. bilete

 

 

 

  

(7)  Montana  fjell-landet (1913/14)

 

Den 20. august 1913 kom Rasmus til Great Falls som på den tida var ein by i rivande utvikling. I 1900 var der 14.930 innbyggjarar men talet vart meir enn dobla før 1930. Der var to norske kyrkjer og ein stor koloni av norske immigrantar. Byen ligg ved dei store fossane i Missouri-elva, 1015 m.o.h., og her vart det sett igang store anleggsarbeid for bygging av demningar og kraftstasjonar. 

 

Etter meir enn to år på det flate prærielandet kjende han seg mest som heime i det kuperte landskapet kring Great Falls og med dei mektige fjella i Rocky Mountains innan synsvidde. Han fekk seg etter kvart godt med arbeid, og kom til å bli verande i dette området resten av amerikatida.

 

 

(utdrag av brev datert Great Falls 21.8.1913)

Maa senda deg nokre ord so de kan faa sjaa at eg liver. Eg kom her i gaarkvels. Fek meg arbeid i dag paa farm. So eg hev arbeidt i ettermiddag. So de ser alt er berre vel. Det kostar med 20 dollars til aa koma ned her. Og 15 dollars vil det kosta aa koma in i Snikkar junien her; men ein kan snart hava at for det det um ein fær arbeid. Det er berre ein leik aa arbeida her, berre 8 timar um dagen.

Eg var akkurat eit døgn paa trenet. Det er ein long veg. Eg var so langt vest ein kan godt sjaa fjelli i vest, med snø paa toppen. Eg tykte det var rart aa sjaa no. Det er over 2 1/2 aar sidag eg saat eit fjell so stort som Hovdenakken.

 

 

 

       Den 2dre Sept.

Hev no vore her i byen nesten 2 vikor. Hev arbeidt heile tidi, so alt er berre vel. Tena gode pengar, men dei gjeng og. Igaar hadde me "labors" dagen. Hadde svær parade. Alle fagf. var ute i kvar si dragt, av overhals.

 

   

 

  (utdrag av brev datert 16.9.1913)
Maa sende deg nokre radar, so de kan faa sjaa, at eg fota paa grævaa, som me brugte aa segja heime. Skulde gjeva mykje for aa vita, at alle heime var so friske som eg er. Hev arbeidt 2 1/2 dag no igjen. Eg var utan arbeid ei vike, daa me ventar paa jarnet som skal gaa i sementen, paa det huset eg arbeider paa. Hev von um aa faa halda paa ei stund no; for det er eit bra stort hus. Alt er sement. Hadde brev fraa farbror denne vika, han er no ute paa trusking med 6 hestar. Det er daarleg avling i N.Dak. i aar, so det vert kort trusking.
Peder Edstrøm, han som eg var i saman med i fjor vinter uppe i Canada, kjem ut her denne vika, me skal vera saman at. Eg liker meg betre her i Montana end i Moose Jaw. Her er meir trivelegt i alle maatar. Her i denne byen er nesten meir tred enn hus. Dei hev planta tred langs alle "fortaug". Og so er her 3-4 parkar. Og elvi Missouri renn i utkanten av byen. Paa lag ein km ut av byen er det ei anna elv som renn inn i Missouri, som heiter: "Sonni River" Sol elva, paa norsk.
 
Du kan tru der er ein fin plass aa bade. Me brukar aa gaa ut der aa bade um Sunndagarne. Ja her hadde vore gildt her i Montana, hadde her ikkje vore so turt. Det er svært lite det regner her. So her er lite farming; for det meste berre kratursavl. Hestar, kjyr og sauder er her paa millionvis, ut yver vidderne. Her vert meir og meir farming daa, med tidi. Dei demer upp dei store elvarne, som kjem fraa "Roccimaunten", og leider dei ut yver vidderne; og naar jordi berre fær væte her, so gror her omtrent alt mulegt[1]. Dei held paa og bygg paa ein stor dam her, omtrent 12 eng mil fraa byen.

   

 

          Gr Falls 22 Jan 1914

Ja no skriv me 1914. Hev gjenge her no ei vike aa ingenting gjort. Vert leid av det. Tenkjer paa aa fara til N.Dak. um eg ikkje fær noko snart. Hev havt arbeid omtrent stødigt til denne tid, og sumar hev det vore og til denne tid nesten. Makelaust fint ver. Hev ikkje vore "cero"[2] her endaa, men me fær det vel snart.

 

   

 

 

(utdrag av brev datert 16.3.1914)

Fær prøva aa faa saman nokre rader, so du kan faa sjaa at eg liver. Hev no arbeidt her 2 1/2 dag. Dette er 12 eng. mil fraa Great Falls. Elva Missouri renn strid her, med nokso høge fossar. Me held paa aa bygg ein dam ovanfor den største fossen her er. Skal gjera fossen høgre so dei fær meir kraft, skynar du.

Dei segjer dei vil faa 250 000 hestekrefter her. Skal driva alle jarv. her i Montana med elektrisitet.Eg arbeider med trearbeid her og. Ja her er ikkje vandt um arbeid her. Me arbeidar 2 timar overtid kvar dag 10 timar, so eg er god og trøytt i kveld. Me tenar gode pengar; men so fær ein ogso arbeida for deim.

Eg arbeidde 3 1/2 dag paa 2 maanar no det siste eg var i Great Falls. Ein treng aa kvila seg ein grand midt paa vinteren, for ein vert trøytt av aa arbeida her i landet. No vert det nok inga kvild før til neste vinter ein gong. Me er millom 450-500 mann som arbeidar her, so her er ein heil by av barakkar, du kan tru me hev eit stort rom aa æta i for me æt alle i et rom. 32 mann i kvar barakke. Dei hev det temmeleg godt stelt her. Elektrisk varme og ljos alt over. I kjøkenet vaskar dei og kokar med elektrisitet. So alle ting er hendigt. Ein ser mange sortar folk her kan du tru. Her er alle Auropas nationar, attaat Indianarar og Amerikanarar. Ja her er eit sota liv kan du tru. Men ein er ikkje her for aa ha det godt, men tene pengar.

Dette arbeidet kjem til aa vara i fleire aar. Det er et av dei største arbeid som gjeng for seg i U.S.

Det er ei god stund sidan eg høyrde noko fraa Farbror; men eg tenkjer han er "allrait". Voner alt er berre vel med dykk. Soli hev vel kome over Nakken no, so ho kramer snøen midt paa dagen. Her hev vore varmt solskin mest til kvar dag. Me hev ikkje havt ei vike vinter. So her er fint aa liva her i Montana.

   

 

         Big Falls Dam, 27 Mai 1914.

Straalande solskin. Hev vore her sidan den 14de Mars.

Hev havt daarleg lukke. Fekk fingrane mine i hyvlemaskina Paaskedag 12te April. Høveleg for eg skulde ikkje arbeida daa. Det vert siste paaskedagen eg kjem til aa arbeida og. Kostar meg 125 dollars, so fortenesta til denne tid er skrall.

Ja her er hurraliv. Hart arbeid og daarleg mat, men kva skal ein "workstif" gjera. Ein faar finna seg i mangt for pengarne. J.D. Roockefeller hev deim no, og me hev aa finna os i kva han i sin "allmaiti" naade vil gjeva os. Kunde eg berre faa fatt i ein grand meir av hans overflod so vilde eg ikkje vera sein aa forlanga skilsmisse, og taka paa sjumilsstyvlarne. Heim til gamle Mor Norge.

Den 18de var me i Great Falls og tura den 17de. Ikkje verst fest. Skodespelet Til Sæters, var temmeleg godt framsynt. Dei hadde nasjonaldrakter og. Det var laakt aa ikkje faa vera heime 1914. Men eg vonar eg kjem der ein gong, um ikkje lenge.

Sit og skriv dette i Bonkhause No 3. Hev ikkje arbeidt paa 14 dagar. Trudde eg hadde fenge blodforgift i fingeren min. Thanks God, it was not.

        Bonkhause No 3 are mai Heppy Home.

Me hev mange morosame skrønor og Diskusjonar her, Bill Anderson the Dan. Er smid og sosialist. E offel good fello. Bill Hunt. Er Carpenter from Nu York State. Demokrat. So hev me Mr John Bett, Carpenter klokkemakar og storskrønar. I andre enden hev me the Big Svead, som hev vore gullgravar i Alaska, og vil ikkje snakka um noko anna. Dit skal han igjen kor gamal og kroken han er.

Ja det er eit midnatsolens land det, som Norge. Skulde lika aa taka ein tripp upp der. Vilde lukka venda til det gode her, og eg fekk staa her aa arbeida, so kan henda eg treng ikkje um aa gaa nokon annan stad før eg fær til gamlelandet for godt. Skal vona det beste til ein ser det verste. Men forresten hev eg lært aa ikkje stola paa nokonting i denne verdi, paa denne sida "ennyhaw".

   

 

 

(utdrag av brev datert 4.6.1914)
Takk for brevet som eg fekk for ei stund sidan; ser at det er vel heime, som eg er glad for. Med meg er alt berre vel og. Det er no over 7 vikor sidan et fekk fingrane mine "skada"; den eine er ikkje fullt attgrodd endaa. Helt paa aa skulde faa blodforgift her, for 10 dagar sidan, so eg kunde ikkje arbeida paa ei vike; men det gjekk heldigvis over. Du ser her er so varmt her no, det er svært lett aa faa meint i saaret, naar me skal arbeida. Den 1.juni var her 98 graders[3] varme i skuggen; so du kan tru sveitten renn. Her er so høgt over havet, millom 3-4000 fot, so det kjennest ikkje so svært, um her er varmt. Lufti er lett, som paa fjelli heime.


I dag regner her so det berre plasker i bakken, so me hev alle ein kviledag; og me treng det ein gong i blandt. Eg hev foresten havt so mange av deim sidan eg skamfera fingrane at eg skulde lika aa arbeida til kvar dag. Men det er inga raad med det.


Eg var i Great Falls den 18de mai og feira den 17de. Søner av Norge og Døtre av Norge, hadde stor fest der; eg sende programmet til Paal, so du ser, me hadde det ganske gildt. Du maa skriva um kor de feira den 17de heime.


Ser av far sit brev, at dei alle vert rike heime no, dei fær selja kalkaara. Pernille paa bønaa, fær ein heil slump. Ja, det vilde vera gildt um det berre vert noko av det. Synest det er rart at Bø Albert[4] ikkje gjer alvor av aa koma heim. Men det er med han som dei fleste her. Pengarne kommederar. Fraa Andreas Hovde hev eg ikkje høyrt paa lenge. Hadde brev fraa Farbror. Han skriv, han hev havt eit brev fraa han. Han er berre vel. I Canada enndaa. Hadde brev fraa Berge Knut for ei stund sidan. Millom anna nytt han fortel, han skal snart til aa gifta seg; med ei fra Alstahaug, Nordland.


Ja dei er nokk svære aa forandra seg heime. Paa spinneriet spinn dei vel i saman mange no som før. Det er omtrent alt dei hev aa tenkja paa der. Undrast kor det gjeng "Paalen" i Sogn. Og kor gjeng det med uppgjøret av det gamle spinneri ?


Eg trur eg fær slutte, for eg kan ikkje faa isaman meir. Turt er det, men du fær sjaa, at eg liver, og er "allrait".

 

   

 

  (utdrag av brev datert 31.10.1914)
Maa i dag senda deg nokre ord, so de kan sjaa at eg liver. Handi mi er no so eg kan arbeida att; det verste vert nok aa faa noko aa gjera, for her er svært mykje folk utan arbeid. Fær eg ingenting, so trur eg, at eg fær til N.Dak. og vitjar farbror i vinter; det vil ikkje kosta so mykje aa liva der i vinter, og so kan eg halda han med selskap. Det verste er, at der er so svina kaldt. Hadde brev fra farbror i gaar, han vil at eg skal koma aa vera med honom i vinter. Han er nett komen fraa trusking skriv han. Han læt vel tente bra pengar i aar. Det skal noko til før han læt vel. Han hadde alle sine hestar ute paa trusking og. No er 4 av deim ute og pløgjer.
 
Farmarane tenar gode pangar i aar. God avling; og kornet er dyrt av krigen. Ja, det er daa fælt den krigen i Europa.[5] Ser ut til at det vert ingen ende paa heller. I gaar kom her telegram um, at Tyrken hev byrja krig med Rusland. Det ser ut til, at heile verdi vil verta inblanda, før den endast. Vil berre vona dei skandinaviske landi fær standa utanfor.
 
Sende deg i dag ei postanvisning paa 25.oo dollar kr 92,94, som du vil faa utbetalt paa postkontoret i Ørstavik. Det vil segja um det kjem fram. Ein lyt taka resikoen aa myssa kva ein sender no. Um ikkje det var krig vilde eg senda pengar til far; men som det no er, so trur eg det er best aa hava deim her. Eg vil at du skal hava desse pengarne sjølv til julegaaver. So du kan koma til aa kjøpa eit kvart til jul til deg og dei andre syskjeni vore. Du gjeng der aa slæpar, som mor gjorde, og ingenting fær for det, so det er ikkje meir en som er fortent.
 
Siste onsdagskveld var eg paa snikkarforenings- møte. Daa kan du tru eg vart forbina, naar ein kar kom aa tok med i handi og spurde um ikkje det er Digernes. "Jau det er det " segjer eg, " men namnet mit er Hovden her i landet." Eg kjende han med det same han tok meg i handi. Han er fraa Myklebust paa Haramsøyi, gjekk i saman paa høgskulen. Eg viste ikkje, at han var her i landet, og han viste ikkje at eg var her heller. Han kom fraa Edmington Canada for 2 vikor sidan. Arbeider no her med trearbeid. Gleda var stor paa begge sider. Hev vore saman kvart kveld sidan, aa friska up gamle minner. Ja det er rart kor ein kan treffast sume tider, og kor folk flakkar rundt.

 

   

 

 

(utdrag av brev datert 21.12.1914)

Eg er framdeles her paa same stad. Alt er berre vel. Det hev vore noko kaldt i det siste; men me hev arbeidt umtrent til kvar dag. I dag er soli paa sit laagaste, um ei kort tid tæk her til aa vaarast att. Her er ikkje vinter her som heime, varer ikkje so lenge. Hev eg god lukke, so kjem et til aa arbeida her til neste sumar, og daa vert det altid noko aa gjera; som tiderne ho er, kan ein vera takksam som hev noko aa gjera.

 

Farbror lyt halda jol aaleine i aar att; Hadde brev fraa han for ei stund sidan, hen bed meg koma aa smaka jolefisken hans; men det fær vera for i aar. Han er godt vand med aa vera aaleine, so han saknar det nok ikkje stort. Han hev alle dei hestarne og katten til aa prata med. Um eg skulde fara dit til jol, og koma att; so vilde det kosta meg 200 kr, og det er litt for-mykje til aa gjeva vekk til jarnvegkomp. Du ser her er lange vegar her i landet. U.S. er mykje større en Europa veit du.

 

Me kjem til aa faa fri 2-3 dagar her, i jolehelgi; so eg kjem til aa gaa til byen og halda jol der. Fær meg eit rom paa eit av beste hotelli i byen. God mat fær ein for pengar her i landet og. So gjeng eg paa Norske jole-festar, for der er fleire av deim kvar jol. Eit stort bibliotek hev dei i byen, so det vantar ikkje paa lesestof. So eg kjem til aa hava ei bra jol i aar og. So lenge ein hev helsa, og godt mod, skal ein aldri klage.

 

   


[1] Dei store overrislingsanlegga er eit av særdraga for dette landet. Der er lite nedbør, men dei mange

     vatningskanalane har gjort dei vide prærieområda i aust til grøderikt jordbruks- og beiteland.

[2] Han meiner "below zero" - dvs: kuldegrader.

[3] 98 grader Fahrenheit = 36,6 grader Celcius.

[4] Albert Nilsson Digernes, frå Bøgarden på Digernes. Han utvandra til Amerika den 23.4.1903 og kom

     heim ein gong før 1921.

[5] Den 1. verdskrigen hadde byrja i dei første dagane av august 1914.

 

 

  

 
 
   
Redigert av Martin Furseth, mars 2012