Amerikaferda

 

Rasmus Digernes

Ørsta 1886-1972

 

   

Innhaldsliste:

 

Innleiining

 

Utferd 1911

 

St John 

 

Dakota 1911

 

Dakota 1912

 

Moose Jaw

 

Montana 1913

 

Montana 1915

 

Heimferd 1917

 

Div. bilete

 

 

 

 

 

 

(5)  Nord Dakota 1912

  

 

(utdrag av brev datert 14.2.12)

Takk for brevet som det no er lenge sidan eg fekk. Hev fenge brev fraa Paal og no. Eg er aat aa vert likesyten med aa skriva. Det vert vel med meg som andre, at det minska paa brevi naar ein hev vore her ei tid. Men eg hev so syrjelegt lite aa skriva um, tykkjer eg. Eg er her hjaa farbror endaa, det vil segja eg ligg her med natti, um dagen høgg eg famnved saman med Edstrøm. Det er so mykje eg held meg med maten so eg ikkje hev noko utlegg. og det er noko det og. Neste vike skal me til Fish Lake aa setja upp is. Her hev vore fint veir i det siste. Men i januar kan du tru her var kaldt. Soli hev ein grand magt no midt paa dagen so det hjelper ein grand.

 

Eg ser av Paal sitt brev at fjaaren er attfrosen. det er lenge sidan det hende, so det hev nokk vore kaldt heime og daa. Januar mnd her i Nordvesten var den kaldaste sidan 1875. Mange som fraus i hel, som de vel hev sett av bladi. Undrast um far er i fiskja no dei hev selt baaten. Ja no veit eg nokk ikkje stort meir aa skriva um.

   

 

 

(utdrag av brev datert 14.4.12)

Eg hev hyrt meg ut paa ein farm her i sumar, paa 8 mndr. 35 dollar pr mnd. Og det er ganske bra. Ein kan ikkje spara stort meir med kva ein arbeider med.

Eg hadde so nær fare til Canada i vaar, der som Andreas er, men daa eg fekk denne plassen her sluta eg det fraa meg for i aar. Det er likeso god løn for farmararbeidarar, og trearbeid der som her, men der er dyrare aa liva, og so trur eg der er meir usikkert aa faa sine pengar der, for det er eit nytt land. Det er ei masse folk herfraa sim fær upp der aa tæk seg homsted, og dei fleste gjer det svært godt, men det er det verste det kostar mykje pengar aa prova upp land der uppe. Men naar ein fær prova det upp, so kan ein hava att for det og. Der er ei masse land aa faa der uppe enndaa. Hev tenkt aa fara upp der naar eg fær spara meg saman nokre pangar, aa sjaa meg um. Tæk eg ikkje noko land, kan eg likeso godt arbeida der uppe som her. Det tæk berre 3 aar aa prova upp land der uppe. Ein fær eit kvart spekulera paa her i landet, for det gjeng for smaatt til aa arbeida. Ein ser paa kor dei tæk inn pengar desse farmararne her paa prerien. Dei som hev ei 2-3 kvartar[1] land her, kan tena seg ei 4-5 tusen dollar sume aari.

Eg trur ikkje eg kjem til aa senda heim stort pengar i sumar. Kan likesogodt setja deim i ein bank her i byen. So hev eg dei ved handi um eg skulde finna paa noko.

   

 

 

 

(utdrag av brev datert 1.12.12)

Skulde prøvt aa faat isaman eit brev til jol aat dykk, for det lakkar til no, berre 3 vikor att. Eg synest det hev nyst vore jol. Tidi gjeng fort her i U.S. og det er bra paa ein maate.

Kom her til farbror for ei vike sidan. Det vart ikkje mykje tresking sidan eg slutta der ute, for me fekk snø, og so kaldt var det ein kunde mest frysa forderva. Denne vika hev det vore fint ver, so dei hev nok baade treska og katta, for der er ei masse av linfrøet som stod daa eg for. Det fær ikkje alt so vel, som gror her i Amerika kan de tru. Det er svært smaa prisar i aar, so det vert ikkje so stor fortenesta i aar heller for farmararne. Dei seigjer det kjem av at me hev fenge demokrat til aa styre, men det er nokk trustarne og pengemennerne som hev skulda, for det er dei som eig omtrent det som er her i U.S. og daa set dei prisarne som dei vil.

 

Eg kjem rimelegvis til aa halda jol her hjaa farbror i aar og. Det er gildare aa vera her en hjaa framande, um ein maa rota aa koka til seg sjølv. Ein er sin eigen herre, ser de, og kan gjera kva ein lystar. Kva eg gjer paa for aa faa tidi til aa gaa? Hjelper farbror eit kvart lite, med hestarne, og so fyllte me løda med høy, for dei set høyet ute her ser de. Og so høgg me ved, skjyt jase, ein kan mest faa so mykje ein vil av honom, so me held oss med færskt kjøt til ei kvar tid. Han er rekti god og naar ein kokar han godt. Og so gjeng eg til byen etter posten, so me fær høyra kor det gjeng med Tyrken, og dei heime i gamlelandet.

 

Men meste av tidi gjeng nok til aa sova aa koka. Kva me kokar ? og æt ? Jase og poteter. Flesk, salta seid, makrel og laks. Og me hev ein heil dunk av ekte norsk feitsild. Kan hende ho er fiska paa Sunnmør. Og so lagar farbror raspakake, men dei er forferdeleg hare, og som regel vert dei gamle og. Brød og noko me kallar krækets, kjøper me i byen. Foresten hev me anna mat og, som eg vel fær kalla Amerikansk. Det er stor skilnad paa matstellet her, og heime kan de tru.

 

Ja de ser, me hev det ikkje so verst likevel, men det er no denne tida ein hev godedagarne her i Dakota.

 

Jolekvelden vert det nok lutfisk, men ribbeinsteiken og joletreet fær me nok vera foruten. Ein fær vera nøgd likevel.

 

Eg hadde brev fraa Magna for 4 dagar sidan. Ho skreiv de livde berre vel alla saman daa. Ho hev god lukke ho, som alt hev fenge seg storskulepost. Ho kjem vel til aa vera heime med joli, naar ho er so nær. Undrast kor det gjeng med Paula i Harstad.

Kven kjøpte spinneriet, og kva skal "Paalen"[2] taka seg til ?

 

Den 3je desember.

Det vart ikkje so eg vart ferdig med brevet før, men eg voner det rekk fram til jol likevel. Farbror myste ein av hestarne, so me fekk det travelt med aa leita. Fann han att i gaar ettermiddag, etter aa ha leitt i mest 2 dagar. Naar hestar kjem vekk her, so veit ein ikkje antan ein ser dei meir en ei, for her er tjuvar, og U.S. er vidt. Var i byen i gaar, og fekk brev i fraa mor, som eg vil segje takk for. Laakt aa sjaa, at du er sjuk. Men vis du ikkje kjenner noko betring, av det medesinet du fekk av Eng[3], so maa du fara til ein skikkeleg doktor, med ein gong. Og ikkje gaa aa draga deg sjuk, for det er det same som aa hjelpa til sin eigen daude, ein ser nok av døme paa det. Far til Bergen, der kan du faa vita kva du er sjuk av, og om det er noko raad for det.

   

 

 

   Den 5 desember 1912

Er no komen til Maunten att. Hev vore i 8 mndr hjaa ein mann ved Sarles; H.Embel. So no hev eg fenge lært aa farme og. Det var toft i aar for me hadde so mykje regn. Brutto forteneste 280 dollars. Truska etter eg var ferdig der ute for 87,50.

   Den 2 januar 1913

sa eg farvel til Farbror og Tortlemauten, og for til Canada paa Vikingtog med 85,00 dollars i lumma. Vaarherre veit kor det gjeng. Voner det beste, men det er ikkje noko vidare ljose utsikter.

   

 


[1]  "kvartar land": truleg av nemninga quarter section, dvs fjerdeparten av ein seksjon land.

        Ein seksjon var ei kvadratmil (eng.), omlag 2.590 dekar. 

[2] "Spinneri-Pål" var Paul S.L.Myklebust som i 1890 starta spinneriet i Hovdebygda. Rasmus hadde arbeidd der ei tid,

       før han reiste til Amerika. Det var denne verksemda som seinare vart til Møre Ullvarefabrikk.

       I 1913 reiste Paul Myklebust til Hermannsverk i Sogn der han vart disponent på Sygna Ullvarefabrikk.

      (Sjå: "Frå Erik Pontoppidan til Ivar Aasen" av I. Myklebust. Sjå og: Artikkel av S.Walseth i ”Mi gamle grend” nr 5, 1997)

[3] Doktor Norman Eng i Volda, distrikslækjar på Sunnmøre frå 1891.

 

  

 
 
 
Redigert av Martin Furseth, mars 2012