Amerikaferda

 

Rasmus Digernes

Ørsta 1886-1972

 

   

Innhaldsliste:

 

Innleiining

 

Utferd 1911

 

St John 

 

Dakota 1911

 

Dakota 1912

 

Moose Jaw

 

Montana 1913

 

Montana 1915

 

Heimferd 1917

 

Div. bilete

 

 

 

 

 

 

 

(4)   Dakota, sumar/haust 1911

 

 

 

     Tyrstag 4 Juli

Ja idag hev me frihedsdagen for U.S.A. Skal tru kor mange 4 Juli eg skal vera her i landet. Eg vonar det vert ikkje altfor mange. For eg liker vetre den 17de. Eg hev ikkje fri idag. Lyt mjelka og vaske baatar, bera is og mangt anna. Men det er ein utifraa fin dag idag. Solskin og so ein fin bris. Ja, her kan vera fine dagar her og. Og so fine kvelldar og maaneskin og passeleg varmt aa gaa i berre sjorta og brokja.

   September

Ligg no 3 mil nordvest av Sarls[1], paa trusking. Det er regn aa surever so me fær ikkje gjera stort, so fortenesta vert nok lita. Og so for eit liv dette er! Ligga i eit telt som grisar i eit hol, lortut og eg tenkjer det vert lusat og før det endast. Og so alle sortar folk, alle nationar umeinannan. Men eg likar betre folket yver her paa ein maate enn i Norig, for dei er meir umgjengelige, og ein fær fred um ein vil hava fred.

  

 

 

(utdrag av brev datert 5.10.1911)

Eg sit paa paasthuset her i Sarls aa skriv dette. Det er regn aa surever, so me hev gode stunder aa fara til byen. Og i dag er her marketdag, so her er livlegt i dag. Hev no vore ute paa trusking i 5 vikor, men me hev ikkje arbeidt meir enn 14 arbeidsdagar, so fortenesta vert nok ikkje stor. Eg kjøyre banda til maskina. Hev 2 hestar fraa ein mann uppe i Maureten. Me er 10 mann som kjøyrer band, 2 som kjøyrer vatn. I alt er me 18 mann ved maskina. Det meste me hev truska paa ein dag er 3500 bussel[2], so de kan tru det gjeng bra fort naar ein truskar her.

 

Det er ikkje so hardt arbeid aa kjøyra band, men det er lang arbeidstid fraa 5 1/2 um morgenen til 8 um kvelden. Men det er hardt aa bida etter mat fraa 5 um morgenen til 12 middag, naar ein ikkje er vand med det. Me hev att ei 10-12 dagars trusking endaa, men naar det vert ver til aa gjera det er ikkje godt aa vita.

 

   

 

 

    Ein av fyrste dagarne i Okt.

Ligg her enndaa 2 mil nord av Sarls paa trusking. Det er reint eit hundeliv dette, regn og surver meir enn det halve av tidi, so det vert lite med fortenesta, men ein faar taka det som det kjem. Det er ingi raad med det. Eg voner det maa koma dagar efter desse. Eg hadde det betre naar eg var heime, eg var ein torsk som for yver her.

    27 Okt

Er no uppe i Tortlemaunten igjen, hjaa D. Danielson. Slutta denne hersens truskingi i gaar. Daa eg vart sjuk i ryggen, er ein grand betre no.

 

   

 

 

(utdrag av brev datert 27.11.1911)

I dag er eg her hjaa farbror igjen, eg hev vore her rett som det hev vore etter eg kom igjen fraa truskinga, som du vel hev høyrt, um du er heime. Eg hev ikkje høyrt noko, um du hev slutta i Hovden. Eg hev liksom heimen min her hjaa farbror, naar eg ikkje hev noko anna aa gjera so fer eg til honom, det er godt aa hava ein plass ein kan fara til um plassen ikkje er so rar. Eg kjøper meg ein grand med mat, og so kokar aa rotar eg sjølv. Du kan tru det er gildt styr med oss. Det er ein ting ein fær betre her i Amerika, enn heime; aa det er god mat, men ein er nøydd aa halda seg med god mat og, skal ein staa seg. Eg hev ikkje gjort stort sidan eg kom igjen fraa trusking, fare rundt her aa traska fraa den eine mannen til den andre, arbeidt ei 2-3 dagar med kvar. No siste vika hev eg vore hjaa Edstrøm, den mannen eg arbeidde for i sumar. Han hev tekje ein akort, aa gjera istand den Norske Kyrkja her, og eg skal vera med honom , so me fær no arbeid ei stund der berre det vart veir til aa gjera det.

 

 Me tok til den 10de, men eg trur ikkje me fekk arbeida 5 tim. paa desse 2 dagarne, for me kan nesten ikkje koma ut her no, det er so kaldt ein er glad ein fær halda seg inne. Det er visst sjeldan vinteren hev kome so tidlegt her som i aar, og so med full styrke med ein gong. Idag morgo var det 25 graders kulde, og so ein isande kald vind fraa nord, so ein knapt kan standa ret, og vinden er det verste. Eg hadde gode vinterklær med fraa Norig, som eg tenkte eg skulle klara meg med umtrent denne vinteren, men eg fekk nok finna ut ein maa hava skinntrøye aa skinnvottar her skal ein klara seg, og store yverskor og. Og du kan tru det er munalegt dyrt og naar ein skal hava ein ting her, antan det er mat eller klede, so vinninga gjeng nokk upp i spinninga her, som ein segjer.

 

Norig er nokk best paa ein maate, ja, eg tenkjer i alle maatar. Eg tenkjer de hev sumar aa sol der enndaa, um ikkje der er sumar aa sol so kan ein no koma ut rimelegt paaklædd til ei kvar tid der.

 

Andreas er uppe i Maureten her og, 6-7 mil herfraa, han skal visst vera der i vinter. Han og farbror var ilag ute paa trusking. Og daa hadde dei rokje oklar, so han kjem nokk ikkje her meir. Det er sjeldan 2 store sæmst, segjer eg til deim, og det er nokk eit sant ord. Det skal no eit godt tolmod til aa høyra paa farbror kor han snakkar, og noko var det vel aat beggje, tenkjer eg.

 

Naar du skriv maa du berre fortelja meg alt det nytt du veit, for her er nokk langsamt her kan du tru.

Og so maa eg takka for alle helsingarne eg fekk i siste brevet ditt, og helsa bak, henne Berge Hansina, og spinneri-gjentorne, hels henne Berta, um ho er heime, fraa meg. Og so fekk eg helsing fraa henne Pe Marta i Paal sitt brev, du maa helsa henne, aa segje henne det er nokk betre aa vera i flaattebygda, eller i Amerika, um ho skal vera tausakjæring alle sine dagar.

 

Her er ingen ting aa skriva um, so eg fær nokk slutte dette undarlege brevet mitt. Hels Ivar Hovden, Knut J Hovden, og so deim alle heime. Sjølv helsast du paa det beste!

 

 

   

 

 

 

   Julekvelden 1911

Ja eg er no vorten godatt i ryggen. Hev arbeidt i haust 2 dagar hjaa D. Danielson. Og 2 1/2 hjaa H. Strand. Sidan hev eg arbeidt paa den Norske Kyrkje til heilt under jol. Eg er no ferdig med den. Held Jol her med Onkel Johan. Ja, det er nokk ikkje so gild jol som eg var heime. Men eg kan ikkje klaga, naar ein er frisk og hev ei god seng og plenti aa eta. Hev ete lutfisk og bifsteik jolekvelden. Lutfisken minner um heimen men det andre er nok framandt. Og so syng onkel julesonger, og les i ei gamal tekstrebok, so det og minner um joli. Hev vore paa joletre i St.John allereide, det var morosamt aa sjaa paa kor dei feirar joli her i landet. Det er nokk paa ein langt annan maate her enn heime i Norig.

   Skulde vore gildt aa vera heime i kveld likevel, for det er inga høgtid som friskar so upp gamle minner som joli. Fjerde Juledag skal eg paa joletre i den Norske Kyrkje, og det gled eg meg til. Og i morgon skal eg til middag hjaa Edstrøm. Dei feirar nokk ikkje joli so gildt her som i Norge.

 

  

 

 

(utdrag av brev datert "2den juledag 11")

.......Ja no er eg snart ferdig med mi fyrste jol her i nordvesten. Og eg kan fortelja dykk eg hev havt det ganske gildt. Det hadde nokk vore gildare aa vera heime, men det gjeng godt an aa vera her og, for me liver berre vel baade eg og farbror, og me hev god mat, me sende til Chicago etter jolemat, so me hev baade lutfisk aa anna godt, skulde berre ynskja eg hadde meg nokre løfsor og nokon god søst.

 

Julekvelden hadde me det ganske gildt. Me aat lutfisk og bifsteik, eplor og neter, og mangt anna godt, og so song farbror julesongar paa gamal vis or Kingo. Desse her nye melodiarne or Lanstad og Blix, vilde han nok ikkje vita noko um. Desse landsmaalsongarne forstend han ikkje segjer han, so me ordskiftast um landsmaalet, og han fortalde gamle juleskrøner fraa Ørsta. Og eg varta upp med kor dei feira joli no. So det var nokk ikkje so langsamt her kan de tru.

 

Igaar var eg i selskap hjaa Edstrøm. Farbror og var boden, men han vil ikkje gaa nokon plass, han er so redd for desse hestarne sine, at kan kan ikkje forlata deim ein time. Fjorde juledag skal det vera juletrefest i den Norske Kyrkja her. Det vart sovidt me fekk henne ferdig til jul. Og so maa eg ikkje gløyma aa fortelja um, at eg var i St.John og saag paa kor dei feirar juli her i Amerika. Skulen der steller til ei "juleunderholdning" kvart aar. Dei hadde ikkje noko juletre, men mangt anna rart. Julenisse, som putta julegaavor i sokkar medan borni laag aa sov. Og so ordentlege skodespel og so song dei julesongar alle borni i kor, og naar dei var ferdige gjorde dei høgre og venstre um, og "marsjerte" ned av sena som andre soldatar, og det tok seg fint ut kan de tru. Og so var det mange av borni som las upp stykke, "deklamerte".

 

Ja no veit eg sannelegt ikkje mair aa skriva um joli her. Dei hev ikkje meir enn ein joledag her i landet. Voner de alle er friske med jol. Og so fer de skriva um kor de hadde det med joli, hev fenge jolekort fraa Magna. Eg tenkjer naar eg no kjem til byen so fær eg meir jolepost.

 

Eg tenkjer paa aa hogga famnved etter nyaar, saman med Edstrøm. Me hev havt fint veir til denne tid, no er det ein grand kaldare, og det hev byrja aa blaasa meir enn det hev gjort før. Her er svært liten snø, ein skikkeleg skosnøv.

 

Andreas tenkjer paa aa fara til Kanada etter nyaar, til eit syskenbarn han hev der. Og eg tenkjer eg kjem til aa fara herfraa eg og til vaaren, for det er inga meining i aa gjeva seg til her, for her er forlite pengar millom folk, og ingenting aa gjera igjennom vinteren. Forresten er det nokso daarlege tider over heile U.S. Og ikkje er det stor utsikt til at det skal koma seg so snart, for neste sumar hev me presidentvalg, aa daa plar det oftast vera ei krise.

 

 

   

 

[1] Sarles er ein liten by i Nord Dakota, omlag 5 norske mil austanfor St.John.

[2] 95.270 kg; 1 bushel = 27,22 kg.

 

 

 
 
 
Redigert av Martin Furseth, mars 2012